Viltkjøt har stort potensiale – webinar 22 . november

Norsk viltkjøt er ein unik ressurs, men nyttar vi den godt nok?

Prosjekta «Barrierer og suksesskriterier for norske gårds- og viltslakterier» og «Meir viltkjøt Vestland» har sett fokus på potensialet for å auke verdiskapinga frå viltkjøtressursane. Prosjekta har avdekka fleire flaskehalsar for å utvikle ei næringa basert på viltressursane, men dokumenterer også mange moglegheiter for å lage verdikjeder og skape meirverdiar. I dette webinaret presenterer vi resultat frå ei nasjonal og ei regional (Vestland) undersøking blant aktørane i viltkjøtnæringa. Vi presenterer næringsaktørar som lever av viltkjøt, og vi vil gje tips om korleis ta i bruk viltkjøtet for å skape rike matopplevingar. Ein kan sjølv velje om ein vil sjå eitt eller fleire av webinara. Påmeldingsfrist 20. november!

Trykk her for påmelding.

Det er lagt opp til tre webinarbolkar:

Webinar 1: 08:30-10:00

Tittel: Status for viltkjøtnæringa i Norge og i Vestland

 

Presentasjonar:

Status for viltkjøtt i Norge, AgriAnalyse v/ Hilde Lyby Wærp

Hjorteressursen i Vestland, Bondelaget v/Merete Støfring

Viltkjøt i Vestland og potensiale for næringsutvikling, Norsk Hjortesenter v/Jon Anders Stavang

 

Webinar 2: 1030-1200

Tittel: Næringsverksemd basert på hjort

 

Presentasjonar:

Viltslakteri – utfordringar og moglegheiter, v/Kjell Kristian Carlsen

Jakt og jaktutleige – Bonde og Småbrukarlaget v/Nina Gjelsvik

Oppdrett: – Norsk Hjorteavlsforeining v/Mette Hågensen

Omsetning og bruk av viltkjøt i eiga bedrift. v/kjøkkensjef Thomas Smådal

 

Webinar 3: 1300-1430

Tittel: Viltkjøt som utgangspunkt for rike matopplevingar

 

Presentasjonar:

Jegeren sitt ansvar for å ta vare på kjøtet etter felling. NJFF v/Eivind Lurås

Ernæring – vilt, sunt og berekraftig?

Uendelege moglegheiter – inspirasjon til gourmetmat i friluft. NJFF v/Anine Gutubakken Byles