Viltseminaret 2024 vert arrangert på Scandic Flesland hotel i Bergen. Målgruppa er kommunale viltforvaltarar, jegerar og næringsaktørar med fokus på hjorteviltet som ressurs. Norsk Hjortesenter arrangere seminaret i samarbeid med Norges Bondelag i Vestland, og NJFF i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Seminaret tek til med lunsj på fredag og vert avslutta med lunsj på laurdag. Programmet er delt i bolkar slik at ein skal kunne ha godt fagleg utbyte sjølv om ein ikkje deltek begge dagar.
Det er og høve til å følge seminaret digitalt. Då skal ein velje webinarpakke 1 (fredag) og webinarpakke 2 (laurdag).
Alle innleiarar er ikkje på plass enno, men vi kan likevel love eit innhaldsrikt og spanande program i høve aktuelle emne. Førebels program ser slik ut:
Fredag 8. mars:
Hjorteviltet som ressurs
Lunsj: 11:30-12:25
Møtesal: Golden
Velkommen ved Jon Anders Stavang, dagleg leiar Stiftinga Norsk Hjortesenter
12:45-13:15 Verdiskaping basert på hjortevilt – den nye oljen? Hilde Lyby Wærp, AgriAnalyse
13:15-13:45 Ny næringsklynge for hjortekjøtaktørar, Jon Anders Stavang, Norsk Hjortesenter
13:45-14:15 Jaktturisme – kan ein få til både god forvaltning og god økonomi? Magnus Frøyen – Norsk Hjortesenter, Nina Gjelsvik – Korshåjen gard
14:15-14:30 Pause – kaffe
Framtidsretta hjorteviltforvaltning – korleis oppnå sunne bestandar med god dyrevelferd?
14:30-15:00 Historikk og betraktningar rundt opning av jakt i nye område. Johan Trygve Solheim, Kvalstad Gård
15:00-15:30 Kvalitet i hjorteviltforvaltinga – korleis måle dette? Kva perspektiv skal ein legge til grunn? Vebjørn Veiberg, NINA
15:30-16:00 Korleis vert det med jakt i framtida? Tankar om samfunnsaksept, landbruk, grunneigarrolla, økologi, klima og teknologi. Erling Meisingset, NIBIO
16:00-16:30 Pause med noko å bite i
Skrantesjuke, hudvorter, parasitter – utvikling til bekymring?
16:30-17:00: HOP – Overvåking av helsa til hjorteviltet og vorter til besvær. Hans Kristian Mjelde, Veterinærinstituttet
17;00-17:30 Skrantesjuke – grunn til optimisme eller svartsinn? Hans Kristian Mjelde, Veterinærinstituttet
17:30-18:00 Skrantesjuke: Elegi – om sorg, tap og tid til å takle tomme fjell. Bjørn Egil Flø, NIBIO
20:00 Festmiddag med bukkebrøl
Laurdag 9. mars:
06:00 -09:00 Frukost
09:00-09:15 Innleiing til ny dag.
Hjortevilt og bruk av innmark – kva veit vi og kva bør vi gjere for å redusere beitekonfliktar?
09:15-09:45 Agrideer-prosjektet – viktige resultat. Atle Mysterud, Universitetet i Oslo
09:45-10:15 Hjort på innmark og tap av avling trugar økonomien i landbruket, Magne Norddal, mjølkeprodusent og jeger
Sosiale media og jaktkultur
10:15-10:45 Formidling av jakt og jaktglede – historiar og refleksjonar. Joakim Pettersen, jeger og videobloggar/Youtuber
10:45-11:00 Pause – kaffe med litt å bite i
11:00-11:30 Nettvett – del jakta på ein god måte! Hanne Simonsen, Norges Jeger og Fiskeforbund.
Ettersøk – lær frå dei beste
11:30-12:00 Forfatter og ettersøksjeger Torkel Norling deler sine erfaringar for at ettersøket skal lukkast. Torkel Norling, ettersøksjeger og forfattar av boka «Bättre Eftersök – Med Eftersöksjägarnas Hemligheter».
12:00-12:30 Profesjonalisering av ettersøk? Øyvind Juliussen, Skogkurs.
12:30-12:45 Oppsummering og avslutning.