Ny dagleg leiar for Hjortesenteret

Den 1. august byrja underteikna i ny jobb som dagleg leiar ved Stiftinga Norsk Hjortesenter. På trappa til Hjortesenteret møtte sjølvaste seniorkolla Hjorthild fram, og gjorde krav på respekt, kos og kraftfor. Noko ho sjølvsagt fekk. Og med det byrja dagen på best mogleg måte. 

Eg har vakse opp med hjort. Meiningane om han var delte. Han var både skadegjerar og ettertrakta jaktobjekt. Ei av dei mektigaste opplevingane eg hadde som barn var då eg som tiåring saman med syskenbarnet mitt drog på fjelltur i synnakuling og ausande regnver. Fedrane våre var på jakt, men vi ville også ut, for å utforske nærterrenget. På den tida opplevde vi dei korte turane våre som krevjande og spennande ekspedisjonar. På toppen av den næraste åsen møtte vi ein storbukk som var på veg mot oss. Han kom med vinden i ryggen frå innmarka. Han passerte oss på 20 meter utan å sjå oss der vi hukte oss ned bak nokre steinar, medan vind og regn piska oss i andletet. Oppglødde kunne vi på ettermiddagen fortelje gamlekarane om hendinga. Dei hadde sjølvsagt ikkje sett noko, lite hjort som det var i jaktvaldet på 80-talet. 

Den første hjorten eg felte var ein bukkekalv. Den gongen var snittvektene på kalv høgt over noverande nivå, og tettleiken av hjort langt lågare. Mykje har endra seg i skogen sidan den gong og det er ein veg å gå skal vi forvalte hjorten til det beste for han sjølv. Etter meir enn tredve år med jakt er denne enno den største kalven eg har felt. 

Knytt som eg er til kyst og natur, var det naturleg for meg å studere biolog. Eg utdanna meg til økolog (master) og forskar (doktorgrad) innan plantebiologi. I arbeidslivet har eg jobba med forsking i Noreg og i utlandet både ved Universitet- og i Instituttsektoren med ei rekke ulike problemstillingar. Eg har og fartstid ved Statsforvaltaren si landbruksavdeling som fylkesgartnar i Vestland og frå kommunal forvaltning i ulike leiarroller, inkludert viltforvaltning. Å byrje i jobb på Norsk Hjortesenter kjennest som at ringen er slutta, at eg har kome på rett stad i livet.  

Eit av dei første oppdraga mine vert å reise til Hitra for å halde foredrag om hjorten som ressurs og drøfte tiltak mot beiteskade. Kurskalenderen vår er også tettpakka. Kanskje finn du som lesar noko av interesse i denne? Vi vert aldri utlærde. 

Hausten er for mange eit høgdepunkt, meg sjølv inkludert. Rådyr, rein, elg, hjort og fugl av ulike slag lokkar jegerane ut i skog, fjell og vidde på jakt etter opplevingar og kjøt. Slakt skal handterast og berast ned og kjøtet handsamast etter beste evne for å sikre at den fantastiske kvaliteten kjem fram i smakfulle måltid. Diverre når lite viltkjøt ut til befolkninga slik at  fleire enn jegerfamiliar kan nyte viltkjøt på middagstallerkenen. Både god forvaltning, ulike jaktformer, rett handtering av viltkjøt og innovasjon  og verdikjeder basert på produkt frå vilt er fokusområde for Hjortesenteret. Saman med samarbeidspartnarar jobbar vi denne hausten vidare med å etablere berekraftige verdikjeder basert på ressursen som det ville og tamme hjorteviltet utgjer, slik at fleire i Noreg kan få viltkjøt på middagstallerkenen. 

Med dette ynskjer eg deg skitt jakt, og at du får ein strålande haust med mange gode opplevingar i skog og fjell!