Norsk Hjortesenter har ei langsiktig avtale med Miljødirektoratet om utvikling av hjorteforvaltningen i Norge. Og tilsvarande avtale med Landbruks- og matdepartementet om utvikling av hjorteressursen. Dette i tett samarbeid med ulike organisasjoner og andre fagmiljø. Norsk Hjortesenter utfører mange oppdrag i tilknytning til forvaltning av hjort på ulike nivår. Det være seg utarbeiding av lærebøker, bestandsplanar, fagforedrag, kurs, seminar med meir.

Gjennom eit godt samarbeid med alle grunneigarane på Svanøy kan Norsk Hjortesenter også utøve hjorteforvaltning i praksis. Svanøy fungerer som “mønsterbruk” og har ein nøye forvalta og livskraftig hjortebestand. Det blir felt opp mot 35 dyr årleg, og vi er restriktive med å felle bukk. Vi har ei målsetjing om å halde bukkeandelen til over 50 prosent, og med snittalder meir enn fem år. Svanøy er staden for å oppleve stor aktivitet med mykje brøling under brunsten om hausten.

Vi påtar oss oppdrag for offentlege myndigheiter, private rettshavarar, lag og organisasjonar. Eit første møte med nokre av fagfolka våre kan vere å bestille eit fagforedrag. Døme på tema i slike fagforedrag kan vere:

  • Biologi
  • Hjorteforvaltning
  • Organisering
  • Bestandsplanlegging
  • Bestandsovervaking
  • Lovverk, etikk og moral, og omsyn til andre samfunnssektorar
  • Spesialtilpassa foredrag til tema og område
  • Kombinasjon av dei ulike tema

Ta kontakt – vi er nærmere enn du trur!

Sjå pakketilbud spesielt retta mot kommuenane, men som og er relevant for rettshavarar.

Sjekk forvaltningshandboka.

For relevant litteratur sjekk vår nettbutikk!