Nye tenester til norske kommuner


Kor mykje tid norske kommuner har til å bruke på viltforvaltning er særs variabelt. No tillbyr Norsk Hjortesenter hjelp til å gjere en god forvaltningsjobb.
hjort pa varbeite innmark fotoEJD

Kor mykje tid norske kommuner har til å bruke på viltforvaltning er særs variabelt. No tillbyr Norsk Hjortesenter hjelp til å gjere en god forvaltningsjobb.

Ansvarleg for viltforvaltning ved Norsk Hjortesenter, Magnus Frøyen, har sjølv mange års erfaring som viltforvaltar i ein hjorterik vestlandskommune. Han veit at det er tidkrevjande å gjere ein god forvaltningsjobb:

Pakketilbod
– Vi er klar over at mange kommuner slit med å prioritere nok tid til dette, eller mangler nok kompetanse til å utføre jobben på en så fagleg god måte som man ønsjker. Difor tilbyr Norsk Hjortesenter nå tre ulike pakketilbod kor vi kan utføre deler av eller heile viltforvaltningsoppgaven for den enkelte kommune, forklarer Frøyen.

Han nevner som eksempel å utarbeide årsrapport. Dette inneber at kommunen får eit ferdig dokument som på ein enkel måte formidler til grunneigarane og valdene kva som skjer med hjortestammen og forvaltningen av den i kommunen. En årleg rapport vil utgjere eit godt grunnlag for framtidig, kunnskapsbasert forvaltning.

– Med årsrapporten i botnen kan tjenestetilbudet utvidast stegvis heilt opp til at vi utfører heile hjorteforvaltninga hos kommuner som måtte finne ein slik løsning hensiktsmessig, sier Frøyen.

Dette er dei ulike pakkane:

Modul 1: Årsrapport
Ferdig utarbeidd presentasjon for kommunane til utsending som informasjon til vald og jaktfelt. Presentasjonen går gjennom Sett hjort, slaktevekter og fellingstal for siste 5 eller10 år med vurderingar og tilrådingar utifrå dette. Presentasjonen inneheld og generell informasjon om Sett hjort registrering for å motivere til oppslutning om dette. Anna informasjon kommunane ynskjer å formidle til vald og jaktfelt kan og takast med i presentasjonen.

Årsrapporten vert levert ferdig trykt i 50 eks og som pdf samt ein Powerpoint presentasjon med alle figurar og tabellar.

Pris kr 20.000,-

Modul 2: Kompetanseavtale
Avtala inneber Årsrapport samt at kommunen kan konsultere Hjortesenteret i høve faglege spørsmål og utfordringar samt 1 fagforedrag om relevant emne i høve hjorteviltforvaltning. Kommunen står fritt til å velje emne og anledning for foredraget.

Total pris kr 35.000,-

 
Modul 3: Forvaltningsavtale
Avtala omfattar det som inngår i modul 1 og 2 samt at Hjortesenteret utfører saksutgreiing i høve viltforvaltning for kommunane som m.o.a.:

  • Framlegg til kommunale mål
  • Godkjenning av vald og bestandsplanområde
  • Godkjenning av bestandsplanar
  • Tildeling av fellingsløyver
  • Registrering av fellingsrapportar og Sett hjort
  • Skadefellingsløyve

Fast pris for det som inngår i modul 1 og 2 medan saksutgreiing og anna arbeid vert fakturert pr medgått time med kr 750 + mva


Ta kontakt med ansvarleg for viltforvaltning, Magnus Frøyen, for en prat om kva Norsk Hjortesenter kan bidra med til din kommune, ditt storvald eller grunneierlag.