Samandrag:
Viltforvalting er ein målsetjings-, handlings- og læringsprosess for å påverka interaksjonar mellom vilt, habitat og menneske for å oppnå mål i samråd med interessegrupper basert på best tilgjengeleg kunnskap og praksis. Viltforvalting omfattar, i tillegg til kunnskap om vilt, økologi og habitat, kunnskap om verdiar og verdsetjing, interessegrupper, lovverk og vitskaplege metodar. Framande arter, nye sjukdomar, nedbygging av areal som medfører landskapsfragmentering og tap av habitat, og konfliktar mellom viltarter og menneske representerer store utfordringar for viltforvaltarar. Jaktforvalting er ein balansegang mellom sunne bestandar og menneskelege behov.Me lever i antropocen, mennesket sin tidsalder. Mennesket er ei heilt spesiell dyreart som kan tru på felles idear og verdiar og samarbeida mot felles mål. Naturen som me levde av, har me freista temja og omforma. Omformingane har ført til mykje godt for mange menneske, men vår aktivitet fører til at andre arter døyr ut, jordkloden vert varmare, og natur går tapt. Mennesket og husdyra våre utgjer 95–99 % av biomassen til landlevande pattedyr. Dei er privilegerte som kan sjå eller jakta på ville dyr. Korleis det skal gå med biologisk mangfald, vilt og natur, er opp til mennesket. Viltet overlever berre om mennesket vil det. Me er opptekne av reine fredingar, men ogso av vern gjennom bruk. Me oppfattar oss som del av naturen når me brukar naturen berekraftig. Friluftsliv som jakt skapar forkjemparar for levande natur. Viltforvalting er ein overlag viktig aktivitet framover, ein aktivitet som heile tida må forbetrast etter som ny kunnskap og tenkjemåtar vinn fram.
Forfattarane:
Les eller last ned boka gratis her: Viltforvalting mot ein ny horisont | Bøker