I høve Svanøy Stiftelse sitt 50 års jubileum er det skrive ei bok med tidslinje frå vikingtida til år 2072, som er 50 år fram. Bok er ført i pennen av Dag H. Nestegard med foto av Oddleiv Apneseth, Werner Andersson og Johan Trygve Solheim. Grafisk design og layout er ved Mons Rønning frå Modus Design.
- Boka fortel historia om øya, og dermed grunnlaget for stiftelsen.
- Eirik Blodøks, Hans Svane, Hans Nielsen Hauge, Willy Brandt og Christian Sommerfelt er aktuelle namn. Men også Matriarkatet på Marøya.
- Dette er den første boka om Svanøy som fortel inngåande om dei siste 50 åra, men også forsøker å sjå 50 år fram – til 2072.
- Med utgangspunkt i Svanøy stiftelse dokumenterer boka utviklinga på øya, og kva stiftinga har betydd for små og store. Stikkord er Svanøy Havbruk, Marø Havbruk og Norsk Hjortesenter.
- Det kanskje finaste med boka er at teksten viser det store potensiale på Svanøy i ei tid med klimaendringar og Det grøne skifte.
- På Svanøy ligg mykje til rette for næringsutvikling og vekst. Gjennom konkrete døme støttar boka det synet.
- Arven etter Hans Nielsen Hauge, haugianismen, går som ein raud tråd gjennom boka.
- Hauge meinte ein ikkje skulle tene pengar berre for å fylle opp sine eigne lommer, men for å utvikle det samfunnet ein er ein del av. Det er ein bodskap som er like aktuell i dag, meir enn 200 år etter at Hauge kjøpte øya og overdrog eigedomen til Ole Torjussen Helling, grunnleggaren av Svanøe-familien.