Det store beiteforskingsprosjektet på Svanøy har no starta opp. Om nokre år er målet å presentere ny kunnskap om korleis ein rekordstor hjortestamme påverkar næringsnettet av planter og insekt i Vestlands-skogane.
Category Archives: Artikler
Ei gransking utført av NINA og Direktoratet for Naturforvaltning gir nedslåande resultat når det gjeld ettersøksekvipasjar si evne til å følgje rett individ på ferskspor-søk på hjortevilt. No kan det kome innskjerpingskrav til både hundar, hundeførarar og dommarstanden.
Fri avskyting av hjortekalv på terreng av ein viss storleik, og tidlegare jaktstart for spissbukk. Det er nokre av forslaga som Direktoratet for Naturforvaltning har på arbeidsblokka når dei sender framlegg til ny hjorteviltforskrift ut på høyring over påske.
Ei kunstig høg hjortestamme må reduserast kraftig, og det kan godt gjerast gjennom å la hjorten døy i skogen gjennom snøfulle vintrar. Det seier Arnar Lyche i Landbruk Nordvest, som i eit ope brev til rettshavarar tek til orde for at vinterforing av hjort må opphøyre. – – Ei litt for enkel løysing som ikkje tek […]
Interessa for å utdanne seg som godkjent feltkontrollør for hjortevilt, har vore formidabel etter at Norsk Hjortesenter melde at dei første kursa her i fylket var under planlegging. 25. mai går startskotet i Førde, og 120 jegerar har allereie teikna seg for kurs.
Totalt 39.100 hjortar blei felt i løpet av jaktsesongen 2010. Det er ein auke på 1400 dyr frå året før, og nesten kvar tredje hjort blei skoten i Sogn og Fjordane. For tredje året på rad er det dermed felt meir hjort enn elg i Norge, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.
Eit fleirtal i nattjaktutvalet seier nei til å innføre strengare regelverk for korleis jakt kan utøvast under dårlege lysforhold. No blir det opp til utvalets oppdragsgjevar, Direktoratet for Naturforvaltning (DN), å avgjere om dei vil lytte til fleirtalet.
Dei første feltkontrollør-kursa i Sogn og Fjordane er no under planlegging. Kursa går i regi av Norsk Hjortesenter, og set jegerar og jaktvald i stand til å selje kjøt av hjortevilt til lokal detaljist (restaurantar og butikkar) og privatpersonar.
Mykje tyder på at Direktoratet for Naturforvaltning vil møte sterke krav om tidlegare hjortejakt, når dei snart startar arbeidet med høyringsrunden for ny nasjonal jakttidsforskrift.
Handteringa av den såkalla hjortetragedien i Aure reiser fleire prinsipielle spørsmål som raskt må avklarast. – Slik saka står i dag, skaper den stor usikkerheit om kven som har rett til å gjere kva – og på kva fagleg og lovmessig grunnlag ein gjer det, seier dagleg leiar av Stiftinga Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.