Totalt 39.100 hjortar blei felt i løpet av jaktsesongen 2010. Det er ein auke på 1400 dyr frå året før, og nesten kvar tredje hjort blei skoten i Sogn og Fjordane. For tredje året på rad er det dermed felt meir hjort enn elg i Norge, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.
Høge fjell og brear i ryggen. Lyngrabbar, fjøresteinar og ope hav framfor deg. Ein hjortepost på Svanøy er ei oppleving utanom det vanlege for jegerar som ønskjer å prøve Svanøy-jakta. Svanøy er meir enn hjorteoppdrett. Gjennom godt samarbeid på øya kan Norsk Hjortesenter tilby guida hjortejakt på heile Svanøy. I variert kulturlandskap og spennande skogsterreng […]
AUTORISASJON: Som feltkontrollør får du ditt eget id-kort og rett til å feltgodkjenne kjøtt av hjortevilt for salg. (Foto: Johan Trygve Solheim) Kurs i feltkontroll av hjortevilt vil halde fram. Kursa går i regi av Norsk Hjortesenter, og set jegerar og jaktvald i stand til å selje kjøt av hjortevilt til lokal detaljist (restaurantar og butikkar) […]
Eit fleirtal i nattjaktutvalet seier nei til å innføre strengare regelverk for korleis jakt kan utøvast under dårlege lysforhold. No blir det opp til utvalets oppdragsgjevar, Direktoratet for Naturforvaltning (DN), å avgjere om dei vil lytte til fleirtalet.
Dei første feltkontrollør-kursa i Sogn og Fjordane er no under planlegging. Kursa går i regi av Norsk Hjortesenter, og set jegerar og jaktvald i stand til å selje kjøt av hjortevilt til lokal detaljist (restaurantar og butikkar) og privatpersonar.
Mykje tyder på at Direktoratet for Naturforvaltning vil møte sterke krav om tidlegare hjortejakt, når dei snart startar arbeidet med høyringsrunden for ny nasjonal jakttidsforskrift.
Handteringa av den såkalla hjortetragedien i Aure reiser fleire prinsipielle spørsmål som raskt må avklarast. – Slik saka står i dag, skaper den stor usikkerheit om kven som har rett til å gjere kva – og på kva fagleg og lovmessig grunnlag ein gjer det, seier dagleg leiar av Stiftinga Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.
Dyreposisjoner på nett Flått og hjortelusflue Forsøksdyrutvalget Helseovervåkingsprogrammet for hjortevilt Hjorteviltregisteret Overvåkingsprogrammet for hjort Scenarioprosjektet Hjortevilt 2030
FEDFA Norges Bondelag Norsk Hjorteavlsforening Norges Jeger og Fiskerforbund Norges Skogeierforbund Sogn og Fjordane JFF