Med brei anlagt tematikk, gode førelesarar og eit vestlandsver som viste seg frå si beste side, blei Hjort 2011 ein suksess. No kan du laste ned og fordjupe deg i føredragshaldarane sine presentasjonar under dei to seminardagane i Florø 31. august og 1. september.
Author Archives: Hjortesenteret
Torsdag 8. september får hjortejegerane i Ytre Sogn sjansen til å skolere seg som feltkontrollørar for hjorteviltkjøt. Staden er Øren Hotell i Høyanger, og med godkjend kurs kan jegerar og jaktlag bidra til å få hjortekjøt ut til vanlege butikkundar, hotell og restaurantar.
Tysdag 6. september arrangerer Norsk Hjortesenter i samarbeid med Mattilsynet kurs for feltkontrollørar av hjorteviltkjøt på Nordfjord Hotell på Eid. Kurset gir jegerar rett til å godkjenne og selje hjorteviltkjøt direkte til privatpersonar, hotell og butikkar.
Det blir kurs for feltkontrollørar av hjortevilt i landets største hjortekommune i god tid før jaktstart til hausten. 9. august er datoen Norsk Hjortesenter har blinka ut for Kvinnherad, og staden er Rosendal Fjordhotel.
Direktoratet for Naturforvaltning (DN) sitt endelege framlegg til nye jakttider er no sendt ut på høyring. Om DN sitt framlegg blir ståande, kjem hjortejegerane til å få ein lang jaktsesong frå 2012 og fem år framover.
Har du behov for å lære meir om slakting og partering av storvilt? Kurs nummer to i haust er no datofesta til 11.-13. november, hos Norsk Hjortesenter på Svanøy.
Tre av fire kommunale viltforvaltarar i hjortefylke nummer ein, Sogn og Fjordane, opplever konflikt og strid rundt hjorten i det daglege arbeidet sitt. Men trass i dels høg temperatur er konklusjonen likevel positiv: Forvaltninga av hjorten er på rett veg og strategien med å gjere viltforvaltninga lokal har vore eit klokt vegval.
Norsk Hjortesenter held nytt kurs for feltkontrollørar av hjortevilt, og kurset går på Alver Hotel i Alversund i Nordhordland torsdag 16. juni.– Vi har fått svært mange førespurnader om kurs frå hordalendingane, og vi er glade for å få til eit kurs alt no, i god tid før jaktstart, seier dagleg leiar av Norsk Hjortesenter, […]
Det store beiteforskingsprosjektet på Svanøy har no starta opp. Om nokre år er målet å presentere ny kunnskap om korleis ein rekordstor hjortestamme påverkar næringsnettet av planter og insekt i Vestlands-skogane.
Ei gransking utført av NINA og Direktoratet for Naturforvaltning gir nedslåande resultat når det gjeld ettersøksekvipasjar si evne til å følgje rett individ på ferskspor-søk på hjortevilt. No kan det kome innskjerpingskrav til både hundar, hundeførarar og dommarstanden.