Termisk utstyr har sensorar som registrerer varmestråling og som kan lage digitale bilete der varmblodige dyr lyser opp i terrenget. Foto: Even Unsgård (c), NIBIO.
Norsk Hjortesenter har sendt inn høyringssvar til forslaget til ny viltlov der vi kommenterer fleire paragrafar. Men punktet som engasjerer flest er forslaget til regulering av bruk av av ny teknologi, såkalla termisk utstyr, til jakt. Dette er ustyr som gjer at ein lett kan finne vilt og at ein kan jakte døgnet rundt. Det har vi gjort oss nokre tankar om.
Rovdyr og byttedyr
Fugle- og hjorteviltet sin økologi og biologi reflekterer at dette er byttedyr som vert jakta på av både rovdyr og menneske. Fjør- og pelsfargane harmoniserer med omgjevnadane og gjer viltet vanskeleg å sjå. Stor grad av nattaktivitet blant hjorteviltet er også ei tilpassing til å kunne beite uforstyrra der det pågår jakt. Fugl og hjortevilt har også evne til å trykke og gøyme seg når dei finn det naudsynt.
Dette er tilpassingar som er evolusjonært selektert for gjennom sameksistens med predatorar som ulv, bjørn og menneske over millionar av år, og har gjeve viltet større sannsyn til å overleve.
Jakta kan stå framfor eit nytt paradigmeskifte
Utbreiinga av kruttvåpen til jakt utover 1800-talet var eit viktig paradigmeskifte for jaktutøvinga og medverkande for at både rovdyra og dei store hjortedyra nærast vart utrydda i Noreg kring år 1900. Vern og regulering av jakta gjorde at ein klarte å redde og bygge opp at talrike bestandar av hjortevilt som jegerane no kan hauste av. Jakt med kruttvåpen er enno einerådande jaktform og jaktutstyret har endra seg relativt lite sidan tidleg 1900-tal. Jegerane har rett noko fått betre klede, radiokommunikasjon, betre kikkertar, betre skotøy, betre sikter, skytestativ i ulike former, og ein har utvikla bruken av jakthundar, med meir.
Men det grunnleggande ved jakta har likevel ikkje endra seg: Jegerane har måtta bruke eigne sansar for å finne viltet, det vil seie først og fremst syn, men av og til også høyrsle og lukt for å lokalisere viltet før det kunne skytast.
Ny teknologi kan no totalt endre «styrkeforholdet» mellom menneske og byttedyra. Mest aktuelt i dette høvet er teknologi som detekterer vilt, såkalla «termisk utstyr». Denne teknologien utnyttar at alle legeme avgjev varmestråling, og at varmblodige dyr avgjev meir varme enn omgjevnadane. Sensorar i termisk utstyr fangar opp varmestråling og overset den elektronisk til eit digitalt bilete.
Hjorten kan ikkje gøyme seg eller lite på naturleg kamuflasje. Ny teknologi kan gjere at menneske vil finne han uansett. Foto: Even Unsgård, NIBIO (c). Montasje: Jon Anders Stavang.
Dyr og fugl vil då lyse opp på ein skjerm, og teknologien fungerer både natt og dag så lenge det er skilnad i temperatur mellom viltet og omgjevnadane. Dette er teknologi som altså gjer viltet synleg, også bak vegetasjon, og det er teknologi som dyret ikkje kan tilpasse seg gjennom evolusjonære endringar eller åtferd. Vi kan altså stå framfor eit nytt paradigmeskifte innan jakta.
Mennesket får supersansar
Innføring av ny, banebrytande teknologi som termisk utstyr gjer at vi som menneske kan få «supersansar», og med det må vi tenke nytt om kva det betyr å vere eit menneske, og kva rolle eit menneske spelar i naturen.
Det er også eit viktig perspektiv å ha med seg at tradisjonell jakt, både historisk og i notida, er ein av dei største trugslane mot bestandane av ville dyr på jorda. Og dette er ein realitet også med bakgrunn i tradisjonelt «low tech» jaktutstyr. Streng regulering har likevel gjort til at vi i Noreg har klart å auka hjorteviltbestandene vesentleg etter at dei var nær utrydda i byrjinga av 1900t. Men vi ser no likevel tilbakegang for elg og villrein. Hjorten breier seg utover landet og har potensiale til å auke av den grunn, men har for høg tettleik i ein del område mellom anna på Vestlandet.
Det er ikkje tvil om at jegerane med tradisjonelt jaktutstyr, utan termisk utstyr, er kapable til enno ein gong å utrydde hjorteviltet, dersom jakta ikkje held fram med å vere strengt regulert. Det er grunnen til at også den nye viltressurslova er full av reguleringar for å hindre overbeskatning, til dømes forbod mot bruk av lys, forbod mot bruk av luftfartøy/motorkøyretøy for å finne/jakte viltet, forbod mot bruk av tekniske middel til å spele av lokkelydar, og så vidare. Trass dette felte 134 000 jegerar i 2024 160 000 ryper, 33 000 rådyr, 52 000 hjort, 20 000 rev, 26 000 elg, med meir.
Ny teknologi og verknad på jaktutøvinga
Det er ei kjensgjerning at lovutviklinga oftast kjem i etterkant av teknologisk utvikling, og det same gjeld i denne saka. Miljødirektoratet freista ei stund å handheve eit forbod mot bruk av termisk utstyr til nattjakt ved å syne til eksisterande lovverk der det står at det er forbod mot å bruke kunstig lys til jakt, til dømes lommelykt, jf. § 20 i viltlova. Men sjølv om både lommelykt og termisk utstyr gjer at ein kan sjå viltet i mørkret og krev batteri, førde ikkje dette fram og politiet ville ikkje straffeforfølge sakene der jakt med termisk utstyr på natta vart meldt.
I mangel av presis lovregulering og manglande straffeforfølging har vi fått ei «gråsone» der jegerane har kunna omgå forbodet mot bruk av kunstig lys til jakt ved å kjøpe termisk utstyr. Dette har ført til at mange jegerar har investert i dette utstyret. Det finst ikkje offentleg oversikt over kor mange einingar av slikt utstyr som er selt, eller omfanget av jakt med termisk utstyr. Men vi kjenner til fleire jegerar som har slutta å jakte på dagtid og berre jaktar om natta. Mange ringer Hjortesenteret av di dei er bekymra for utviklinga og at særleg hjorten no vert overbeskatta. Og mange påpeiker og ei fare for auke i uttaket av vaksne hanndyr (trofêdyr).
Lovforslaget som er sendt ut på høyring har landa på ein mellomting når det gjeld regulering av bruk av termisk utstyr til jakt. I forslaget legg ein opp til at jegerane kan nytte handheldne einingar, men at det skal vere forbod mot termiske siktemiddel på jaktvåpena. Då er det å forvente at omfanget av nattjakt etter hjortevilt vil gå ned att.
For å vurdere effekten av å tillate bruk av termisk utstyr kan ein dele jakta inn i tre fasar: 1) Finne eit vilt. 2) Komme i posisjon og deretter avlive viltet med eit sikkert skot. 3) Frakte viltet til gards og nytte kjøtressursen.
Etter Norsk Hjortesenter sitt syn vil termisk utstyr ha særleg verknad på fase 1, det å finne viltet, både natt og dag. Vilt er her ikkje avgrensa til hjortevilt, men gjeld også fugl og rovvilt. Vår erfaring er at det å finne er viltet er den mest tidkrevjande delen av jakta, og den der erfaring og kunnskap har størst betydning. Kjøp av termisk utstyr vert då ein «quick fix», der ein i stor grad kan late teknologien finne viltet. Følgeleg vil det verte enno viktigare å regulere jakta gjennom kvotar, og at forvaltninga kjenner bestandsnivået for å legge seg på eit høveleg haustingsnivå kvart år.
Med termisk utstyr er det ikkje lenger vanskeleg å finne hjorten sjølv om det skulle vere lite av han. Dette opnar for betydeleg sjanse for overbeskatning av ein avgrensa ressurs. Foto: Even Unsgård, NIBIO (c). Montasje: Jon Anders Stavang
Vi har per i dag ingen gode estimeringsmetodar av bestandsstorleik for viltet, men må lite på indikatormetodar gjennom registreringar i felt eller registreringar som jegerane gjer i Sett-og -skutt appen under jakt. Diverre har utbreiinga av termisk utstyr gjort at fleire av indikatorane ikkje lenger er til å stole på ved at sette dyr aukar dramatisk når ein tek i bruk termisk utstyr, sjølv om bestanden er uendra eller som mange stadar, minkande. Her er det eit stort behov for å oppdatere både registreringsrutinar i Sett-og-skutt-appen, og greie ut om konsekvensane av utstrekt bruk av termisk utstyr i jaktsamanheng.
Nye jaktformer og tradisjonar for fall
Mange har endra jaktutøvinga si vesentleg som følgje av at dei har teke i bruk termisk ustyr. Vi har ingen god oversikt over omfanget, men syner til følgande eksempel frå sosiale media:
- Ein kunne fortelje at han no køyrer i dalbotnen og scannar dalsidene med termisk kikkert. Når han finn dyra går han innpå og skyt dei, eller riggar seg til med skytestativ attmed vegen og skyt dei på langt hald («langhaldsskyting»).
- Ein har byrja å postere i fjellet eller i skogen eller ved innmark om natta og scannar etter vilt med termisk kikkert, særleg hjort. Han skyt gjennom heile natta, uavhengig av ver, fullmåne og lysnivå.
- Ein har funne stor nytte av termisk kikkert til å finne og skyte dei største bukkane, og til å finne dei «mindre attraktive» dyra som også skal fellast.
- Ein fortel at det mykje lettare å finne vilt, og jakteffektiviteten har gått vesentleg opp, men at det vert stadig færre dyr å jakte på.
Termisk utstyr og tryggleik
Det vert hevda at bruk av termisk utstyr gjer jakta sikrare og reduserer talet på ettersøk. Det finst ingen systematiske studiar på dette, men vi reknar denne påstanden som lite sannsynleg. Fleire episodar med skadeskytingar i i ulike kommunar der jegerane har jakta om natta med termisk utstyr, understrekar at jegerane verken vert betre skyttarar eller får betre dømmekraft, sjølv om eit tradisjonelt sikte vert bytta ut med eit elektronisk, termisk sikte.
Det har og vore fleire jaktulukker knytt til nattjakt med termiske siktemiddel, og 2 personar har så langt vorte drepne i Sverige og Noreg. I desse hadde jegerane feiltolka bileta som vart teikna digitalt i sikta. Og i Alver skaut ein jeger to sauer om natta med bruk av termisk kikkert. Han trudde han skaut hjort.
Ettersøk etter vilt om natta er vanskelegare enn ettersøk på dagtid, og til dømes kan ein ikkje nytte jegerane i eit jaktlag ved å sette ut ei postrekke for auke sjansen til å avlive eit skadd dyr.
Ferdsle i terrenget om natta for ettersøks-ekvipasjar er sjølvsagt mogleg, men det vil etter vårt syn kome i konflikt med anna lovverk om ettersøksekvipasjane blir pålagde å rykke ut til alle døgnets tider som følgje av jaktutøving. Vår erfaring er at ettersøk gjerne vert utsett til det vert dagslys, og dette medfører at dyra lir lenger. I verste fall vil aktiv nattjakt føre til at færre melder frå om skadeskyting, og dette vil føre til meir dyrelidingar.
Framtidsjegeren
Mange menneske jaktar for å kome vekk frå samfunnet sitt stress med støy, tidsfristar og digitale skjermar. Naturen gjev stillheit, naturopplevingar og fysisk meistring og utfalding tilbake. Jaktresultatet vil alltid henge saman med innsatsen, og etter vårt syn er det ynskjeleg at flest mogleg kan halde fram med jakt. Auka jegereffektivitet er såleis ikkje nødvendigvis eit gode.
Omsynet til omdøme er viktig for å legitimere jakt. Dersom jegerane kjem på nivå med militære elitesoldatar i utstyrsnivå når det gjeld våpen, siktemiddel og overvakingsutstyr, er vi av den oppfatning at dette vil vere uheldig for jakta sitt omdøme og at det er ei lite ynskjeleg utvikling. Det er tvillaust at utstrakt bruk av ny teknologi vil effektivisere jakta og dermed vesentleg redusere behovet for talet jegerar i Noreg. Vi er av den oppfatning at dette vil vere uheldig, og at dette på sikt vil redusere aksepten for jakt i det norske samfunnet.
Men det er viktig at jegerane, særleg når det gjeld hjortevilt, haustar tilstrekkeleg av tilveksten for å hindre at stammane veks seg problematisk store. Nøkkelen for å gjere dette er sjølvsagt å skyte nok kalv og hodyr.
Når til dømes hjortestammen har halde fram å vekse trass mål om stabilisering av stamma, så skuldast dette for låg beskatning av hodyra og for høg beskatning av hanndyra. Dei kommunane som har vore flinke til å gje nok fellingsløyve til hodyr har naturleg nok klart å kontrollere og redusere stammane av hjort.
Hjortesenteret si meining om den nye viltressursloven og teknologi, § 23:
- Departementa sidestiller lommelykt og termisk utstyr. Det tenkjer Hjortesenteret er klokt. Både lommelykt og termiske siktemiddel bør vere forbode til bruk under jakt av omsyn til både folk og vilt. Nattjakt er forbode i dei fleste europeiske land, og lovverket bør ikkje legge til rette for å utvikle meir nattjakt i Noreg. Vi støttar difor Departementene sitt lovutkast. Lovutkastet har opning for at det kan gjevast unntak for dette forbodet, slik at ved særskilde behov kan det gjevast løyve til uttak av dyr der jegerane kjem til kort, eller det av spesielle grunnar ikkje vert jakta. Det er fornuftig.
- Lovutkastet opnar for fri bruk av handheldne termiske einingar til jakt. Dette vil auke jakteffektiviteten i mange terrengtypar ved at viltet lettare kan lokaliserast. For ein del artar, som til dømes rype eller hjort, kan dette medføre vesentleg risiko for overbeskatning og må i neste omgang møtast med nye reguleringar. Etter Hjortesenteret si oppfatning bør det gjevast midlar til ei konsekvensutgreiing av å tillate slike jaktreiskapar før det eventuelt vert opna for bruk av dei.
- Etter Hjortesenteret sitt syn er mennesket ein del av naturen. Mennesket er dyktige jegerar med gode sansar, særleg synet. Men mennesket kjem til kort i nattemørket. Dette gjer at til dømes hjorten kan få fred delar av døgnet. Bruk av teknologi som gjev oss supersansar vil for mange bryte med «fair play» – at viltet også skal ha ein sjanse. Utan grensesetting vil teknologien snart gje oss høve til å jakte med droner frå gutterommet døgnet rundt. Er vi då ein del av naturen? Vi etterlyser ei drøfting av dei etiske og moralske sidene ved jakta i samband med aukande teknologifisering og effektivisering av jakta.
Du kan lese heile høyringssvaret frå Hjortesenteret her: Høyringssvar viltressursloven 2024
Meir informasjon om den nye lova og lese andre høyringssvar kan du gjere her: Høring av ny lov om utøvelse av jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) – regjeringen.no