Matkurs ved Norsk Hjortesenter

Norsk Hjortesenter har saman med vår samarbeidspartnar, kokk Tore Skarstein, utvikla eit matkurs som høver til alle som er interessert i å lage gode rettar med hjort som ressurs. Kurset er eit kveldskurs der ein får ei innføring i hjorten som råvare, ulike stykningsdelar, og korleis ein kan tilberede ein hjorterett. Det er også fokus på å lage god saus til hjortekjøtet, og kurset vert avslutta med eit hyggeleg måltid der ein nyt rettane ein har laga. Inkludert i kurset er eit oppskriftshefte med gode tips.

Kurset vert halde i Florø, men bedrifter kan også bestille kurset på Svanøy som eit tiltak for å bygge fellesskap og matglede i eiga bedrift.

Ein kan melde seg på kurset i kurskalendere vår, sjå: https://svanoy.ticketco.events/no/nb/e/matkurs__god_saus_til_hjortekjoet_-_verdas_beste_raavare