For perioden 2024-2026 har Vestland fylke og Norsk Hjortesenter teikna ei samarbeidsavtale for saman med næringsaktørar å bidra til å utvikle verdikjeder basert på viltkjøt i Vestland. Eit hovudmål i dette arbeidet er å etablere ei næringsklynge for hjortekjøtaktørar. Oppstartsmøtet for ei potensiell næringsklynge vart lagt til Flåm, 3.- 4. april. I løpet av møtet signerte 11 næringsaktørar ei avtale om samarbeid for å utvikle viltkjøtnæringa. I tillegg skal Statsforvaltaren, kommunar og faglag bidra i det vidare arbeidet.
Arbeidsverkstad i Flåm – vegen mot samarbeid
3. og 4. april vart inviterte aktørar som ynskjer å utvikle viltkjøtnæringa samla for å verte kjende og finne felles ståstad i arbeidet med å utvikle næring basert på hjortekjøt. Det vart jobba med konkrete problemstillingar, og diskusjonane vart lange og gode. Aktørane er samde om at her er eit vesentleg potensiale og at marknaden er god, men at det også er utfordringar i form av svart omsetning av hjortekjøt, logistikk og kapasitet til å møte større kundar. Kvar for seg vert aktørane små, men samlar ein seg har ein tru på at det er lettare å løyse utfordringane.
Difor kan etablering av ei næringsklynge vere eit godt tiltak, både for å kommunisere med myndigheiter og påverke rammebetingelsane til næringa, men også for å samarbeide om å utvikle marknaden og gjere viltkjøt meir tilgjengeleg for «vanlege folk».
I møtet vart ein samde om å ha faste digitale møter det komande året og også samlast fysisk på ein eigna stad etter sommaren. I det vidare arbeidet skal Norsk Hjortesenter fungere som koordinator og sekretær for nettverket og også bidra med arbeid mellom møta.
Rapport frå aktivitet i 2023 – Meir viltkjøt Vestland
Den 6. januar 2023 signerte Vestland fylkeskommune og Norsk Hjortesenter ei eittårig samarbeidsavtale for 2023 for å jobbe for å nå følgande målsettingar:
Samarbeidsavtalen skal medverke til å realisere mål og strategiar for næringsutvikling knytt til hjort slik dette er formulert i følgjande gjeldande regionale planar: Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og Berekraftig verdiskaping handlingsprogram 2022-2025. Temaplan landbruk 2023-2027 peikar på at det er rom for å auke både mangfald og verdiskaping i Vestland fylke. Viltkjøt er ein utmarksressurs som i mindre grad vert omsett i den kommersielle marknaden. Avtalen skal bidra til å styrke arbeidet på dette feltet og utvikle hjortekjøt som næringsveg i heile verdikjeda.
Norsk Hjortesenter sine oppgåver i samarbeidet var å vidareføre arbeidet som vart starta i forprosjektet «Meir viltkjøtt», bidra med kompetanse og kunnskapsformidling, og arrangere møte og samlingar i samarbeid med fylkeskommunen.
Arbeidet i 2023 har skjedd i nær dialog med ei rekke samarbeidspartnarar: : Kommunar: Kinn, Alver, Kvinnherad og Sunnfjord. Interesseorganisasjonar: Norges Jeger- og Fiskeforbund (NJFF), Norsk Hjorteavlsforeining, Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag, og Vestland Bondelag. Offentlege aktørar: Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Kompetansebedrifter: Stiftinga Norsk Hjortesenter og AgriAnalyse.
Næringsutvikling er langsiktig arbeid som krev kontinuitet, og er mest effektiv når både det offentlege, FoU-institusjonar, interesseorganisasjonar og private aktørar bidreg i eit samarbeid for å utvikle ei næring. Viltkjøtnæringa i Vestland er lita og til dels fragmentert, med liten grad av samarbeid mellom aktørane. Aktivitetane i samarbeidsavtalen mellom Norsk Hjortesenter og Vestland fylke er designa for å få til eit slikt samarbeid, og for å bidra til å utvikle næringa vidare. Det er også gjort ein innsats for å forankre dette arbeidet politisk i Vestland fylke og for å synleggjere næringa. Milepelar for arbeidet i 2023 er lista i tabell 1.
Tabell 1: Milepelar i 2023 for samarbeidet i «Meir Viltkjøt Vestland».
Aktivitet | Dato | Deltakarar |
Lage og gjennomføre spørjeundersøkingar, intervju, rapportskriving og analyse | Februar-august, Vestland | Norsk Hjortesenter, Mind the Gap, Statsforvaltaren, AgriAnalyse |
Møte i referansegruppa | 30. august, Svanøy | Referansegruppa |
Arbeidsverkstad | 19-20. oktober, Bergen | Næringsaktørar, Mattilsynet, Statsforvaltaren, kommunar |
Søknad om Samarbeidsavtale 2024-2026 | 15. oktober | Norsk Hjortesenter |
Nasjonalt webinar om viltkjøt | 22. november, Norkurs | 160 påmeldte frå heile landet |
Orientering om Meir viltkjøt Vestland til politisk nivå i VLFK | 6. desember, Svanøy | Leiar og nestleiar , Hovudutval for plan og næring |
Rapport VLFK Meir Viltkjøt VestlandRapport juli 2023.
Kartlegging av godkjente viltanlegg 13 08 2023
Rapport juli 2023. Kartlegging av kommuner om hjortekjøtt som næringsvei 13 08 2023
Foredrag frå arbeidsverkstad i Bergen oktober 2023:
2 Mattilsynet – Viltkjøt frå skog til dekka bord – innanfor
3 workshop_Bergen 191023_ AgriAnalyse_Hilde
4 Norsk Hjortesenter Meir viltkjøt og vegen vidare
5 Statsforvaltaren – Korleis utløyse potensialet for verdiskaping i viltkjøtnæringa MHJ
6 Norsk Hjortavlsforening – Meir Viltkjøt okt 2023 A Wåla