Norsk hjortesenter har igjen fått i oppgåve å fange hjortar i og ikring Florø sentrum. Etter at bebuarar i Florø jamleg har tatt kontakt med kommunen angåande hjort som er nærgåande, tok kommunen vidare kontakt med Norsk Hjortesenter for å høyre om det var aktuelt å ta hjortane inn i forsøksdyravdelinga. Saman har Norsk Hjortesenter og Kinn kommune søkt Miljødirektoratet, og fått løyve til å fange inntil 12 ville hjortar i og ikring Florø sentrum i perioden mellom 15. Mars og 1. Juni. Det har blitt gjort nokre forsøk, og så langt har vi tatt med ei kolle tilbake til Svanøy. I vekene som kjem vil det bli gjennomført nye forsøk med jamne mellomrom.
Med aukande tettleik av hjort i tilknyting til Florø by vert det også aukande antal møter mellom hjort og folk, og dermed også auka risiko for konflikter. Til no har kommunen fått meldingar om hjort som er nærgåande, og som i enkelte tilfelle gjer skinnangrep mot hundar og folk. Gjennom ein tredelt prosess er målet å redusere tettleiken av hjort og dermed også få redusert risiko for ubehagelege situasjonar:
- Ein freista i samråd med tilgrensande jaktvald å ta ut hjort i bynære områder i den ordinære jakta.
- Trente ettersøksjegarar vart hyra inn til å ta ut spesifikke individ med avvikande åtferd nær folk.
- Norsk Hjortesenter bidreg med å bedøve og fange inn hjort i spesielt tettbygde områder.
Våre erfaringar frå tidlegare innfanging i Florø er veldig gode, og vi har trua på at dette er eit godt tiltak. Førre runde med innfanging av «byhjort» kan du lese om her: https://www.hjortesenteret.no/2012/05/23/har-fanget-tolv-naergaende-byhjorter-i-floro/
Etter planen skal altså opp til 12 hjortar bedøvast og transporterast med hestehengar til Norsk Hjortesenter på Svanøy. Hjortane vil bli sleppte saman med eit lite utval av dei allereie tame hjortane i ei eiga innhegning for å vennast til livet som tamhjort. Vi håpar at trykket vil bli letta i Florø og at hjortane vi hentar vil bidra positivt i tamhjortflokken med genetisk variasjon og friske dyr!
Dersom bebuarar i det aktuelle området har nyttige tips til dyr som bør fangast inn, tek vi meir enn gjerne imot! Vi kan nåast på telefon: + 47 57 75 21 80 eller E-post: hjort@hjortesenteret.no
Innslaget fra NRK programmet «Norge i dag» den 25. mai kan du se ved å klikke bildet under.
Denne artikkelen er skrevet av fagassistent Jørgen Henden ved Norsk Hjortesenter.