VILTWEBINARET ER EIT SAMARBEID mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Vestland Bondelag og Stiftelsen Norsk Hjortesenter. Det setter fokus på aktuelle tema om hjortevilt, småvilt og rovvilt. Målet er å skape en digital arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneiere, jegere og ellers alle med interesse for vilt og viltforvaltning.
Programmet er rikhaldig og variert med mange aktuelle emne for alle med interesse for jakt og viltforvaltning. Det er mye som skjer innan viltforvaltning og dei historisk høge hjorteviltbestandane skaper både store moglegheiter og mange utfordringar. Samfunnet er i rask endring og regleverket er meir omfattande enn nokon gong. Samtidig skaper ny teknologi nye moglegheiter, men også problem for andre.
Alt rekk vi ikkje å sette på agenda i dette Viltwebinaret, men vi håper deltakarane er aktive i diskusjonane og nyttar seg av chatfunksjonen. To år med pandemi har gjort mange særs kompetent i bruk av digitale møteplassar. Vi nyttar Zoom til dette webinaret og alle som melder seg på vil få tilsendt ei lenke på e-post før vi startar.
Vi har delt webinaret i 3 ulike bolkar med litt ulikt fokus og målgrupper, og byrjar kl 19:00 tysdag 15. med bolken vi har kalt «Jeger og grunneigar». Onsdag startar vi kl 09:00 med bolken «offentleg viltforvaltning» som vert avslutta med oppsummering kl 12:00 – 12.30.
I bolken «Ellevill verdiskaping» ser vi på moglegheitene og utfordringane med næringsmessig utnytting og tilgjengeliggjering av den fantastiske ressursen vi har i viltkjøt etter jakta. Dette gjeld handteringa både under og etter jakta. Her startar vi kl 19:00 og avsluttar med oppsummering kl 21.30 – 22:00.
Det er høve å melde seg på dei ulike bolkane enkeltvis, og skulle du ikkje få med deg alt vert det gjort opptak av webinaret slik at du kan nytte høve til å sjå det i ettertid.
Foreløpig program og påmelding her!
Saknar du noko i programmet er det enda høve til å koma med innspel.
Kontakt: hjort@hjortesenteret.no