Viltseminar 2019

Vi har gleda av å invitere deg til et nytt og spennande Viltseminar. Viltseminar 2019 arrangerast på Quality Hotel i Florø fredag 15. – laurdag 16. mars 2019. Viltseminaret er eit samarbeid mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Bondelag og Stiftelsen Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema i høve forvaltning av hjort og småvilt. Målet er å skape ein aktuell møtestad og viktig arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerane og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning.

Programmet er rikhaldig begge dagar. Blant anna får vi ei grundig orientering ved Espen Stokke frå Landbruks og Matdepartementet (LMD) i høve omlegging av forvaltninga av det haustbare viltet. Og vi set fokus på stoda for hjortebestandane våre – storleik, beitekader, parasittar, jaktutleige og bestandsplanar er nokre av stikkorda her.

Den kjende naturfotografen og rikspolitikar Arne Nævra meiner ein kanskje er på ville vegar i forvaltninga av hjorteviltbestandane våre og vil fortelja kvifor. Fredag avsluttar vi seminaret med ein film av Arne Nævra som set lys på dette før vi samlast til festmiddag og meir uformelle diskusjonar.

Laurdag ser vi på haldningane til jakt i befolkninga og korleis vi bør forhalda oss til dette gjennom t.d. bruk av sosiale media for å publisere jaktopplevingar. Vi set og fokus på småvilt og småviltbestandane, og ser litt nærare på erfaringane med den såkalla feltkontrollørordninga i høve omsetjing av viltkjøtt. Deretter sett Tor Punsvik fokus på jaktrettens betydning for en god hjorteviltforvaltning. Dette foredraget gir ein naturleg overgang til ein paneldebatt der vi stiller spørsmålet : Er grunneigaren forstått rolla si og dermed skikka til å drive hjorteviltforvaltning?

I panelet står Anders Felde frå Norges Bondelag, Espen Stokke frå Landbruks- og matdepartementet, Tor Punsvik frå Punsvik Naturforvaltning AS, Arne Nævra frå Det Norske Stortinget og Erik Lund frå Miljødirektoratet.

Viltseminar 2019 er ein viktig arena for meiningsutveksling og med moglegheit for å påverke norsk viltforvaltning i årene framover. Enten du er blant dei som ynskjer å utrydde hjorten, eller aldri synes det blir nok hjort i skog og mark.

Velkommen til et felles kunnskapsløft!

Program

Påmelding her:

https://svanoy.ticketco.events/no/nb/e/viltseminar_2019

Ta kontakt med Magnus Frøyen på telefon 90145316 eller epost om du lurer på noe.