Viltseminar 2019

Vi har gleda av å invitere deg til et nytt og spennande viltseminar på Quality Hotel i Florø 15. – 16. mars 2019. Viltseminaret er eit samarbeid mellom Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Bondelag og Norsk Hjortesenter. Det set fokus på aktuelle tema i høve forvaltning av hjort og småvilt. Målet er å skape ein aktuell møtestad og arena for den kommunale viltforvaltninga, grunneigarar, jegerane og elles alle med interesse for vilt og viltforvaltning.

Programmet er rikhaldig begge dagar og vi startar med ei orientering frå Landbruks og Matdepartementet (LMD) i høve omlegging av forvaltninga av det haustbare viltet. Deretter set vi fokus på stoda for hjortebestandane våre – storleik, beitekader, parasittar, jaktutleige og bestandsplanar er stikkord her.

Den kjende naturfotografen Arne Nævra meiner ein kanskje er på ville vegar i forvaltninga av hjorteviltbestandane våre og vil fortelja kvifor. Fredag avsluttar vi seminaret med ein film av Arne Nævra som set lys på dette før vi samlast til festmiddag og meir uformelle diskusjonar.

Laurdag ser vi på korleis haldningane til jakt er i befolkninga og korleis vi bør forhalde oss til dette gjennom t.d. bruk av sosiale media for å publisere jaktopplevingar. Tilrettelegging for småviltjakt og forvaltning av jaktbart småvilt står deretter på programmet. Etter dette set Tor Punsvik fokus på om grunneigaren er skikka til å drive hjorteviltforvaltninga før vi avsluttar med ein paneldebatt kring dette temaet.

Påmelding her:

https://svanoy.ticketco.events/no/nb/e/viltseminar_2019

Ta kontakt med Magnus Frøyen på telefon 90145316 eller epost om du lurer på noe. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *