Bilete av felt vilt

Bilete av felt vilt er for jegeren gode minne som viser heftige opplevingar. Andre meiner det er uappetittleg og gale. Mange vil dele opplevingane med felt vilt i sosiale medium. Der kan alle sjå bileta, både jegerar og ikkje-jegerar, og då vil ein naturlegvis få reaksjonar. Ein kan spørje seg om det i det heile tatt er nødvendig å leggje ut desse bileta. Det er lov å vere stolt, og det er lov å vise fram hobbyen sin, men ein bør også vise respekt, både for viltet og for medmenneske. I denne artikkelen vert det presentert nokre tips og råd om korleis ein kan ta betre bilete av felt vilt. 

Denne artikkelen er skrevet av Jørgen Henden som er student ved Høyskolen i Innlandet, Evenstad

Bilete som viser blodige dyr i unaturlege posisjonar skaper ofte negative reaksjonar. Dette er det lett å gjere noko med! Dersom ein tenkjer seg litt om, og brukar eit minutt ekstra, kan ein med enkle grep få til fine bilete. Eit mykje brukt motargument er at ein ikkje har tid, og at ein vil kome seg heim. Tenk deg om; Du har lagt ned mange timar, kanskje dagar, før du endeleg lukkast. Har du ikkje då tid til å bruke 5 minutt på å få til fine bilete? Eit anna argument er at ein ikkje bryr seg om kva «verkelegheitsfjerne anti-jegerar» tenkjer, og at folk må tole realiteten. Hugs på at reaksjonane vil kome, og at det ikkje berre er deg personleg det går ut over. Når du legg ut bilete av at du er på jakt, representerer du jegerstanden. Det er dermed også jegerstanden det går ut over. I Noreg er det få jegerar i forhold til resten av befolkninga. Likevel er vi så heldige at vi tradisjonelt sett har høg aksept for jakt. Dette må vi halde på!

Dette bilete er eit godt eksempel på korleis ein ikkje bør gjere det. Viltet er slengt i ein haug og jegeren sit framfor det eine villsvinet. Dyra ligg i store flekkar av sitt eige blod. Dette bilete viser også kor synleg blod blir mot snø. Det kan også nemnast at det ligg klede og riflefutteral i bakgrunnen, at det stikk opp kvistar mellom kamera og viltet, og at fotografen har nytta fugleperspektiv. Denne jaktsituasjonen var heilt sikkert ei heftig oppleving, men dette er ingen god måte å fange augneblinken på – copyright (c) Johan Trygve Solheim.

I denne artikkelen vert det presentert ein del råd og tips til korleis ein kan få til gode bilete med riktig bodskap. Dersom ein har begrepa respekt og varsemd i bakhovudet er mykje gjort, men vi kjem også med tips til komposisjon for dei som vil få til ekstra fine bilete.

Plassering/anretning av viltet

Som nemnt tidlegare, vil dyr i krøka og unaturlege posisjonar oppfattast valdsamt, og kan skape reaksjonar. Ein bør tilstrebe å leggje viltet i ein naturleg posisjon, og på ein slik måte at det ser harmonisk ut. Å leggje beina under kroppen er kanskje det mest brukte alternativet. Pass på at tunga ikkje heng ute, og lukk munnen på dyret.

Mykje blod vil opplevast veldig framtredande, spesielt dersom det er snø. Om dyret ligg i ein blodpøl, bør ein flytte det til ein annan stad, eller gøyme blodet med meir snø eller andre naturlege element. Det same gjeld inn- eller utgongshol frå prosjektilet. Legg viltet med inngongsholet mot kamera. Er inngongsholet stygt, kan ein dekkje det til med lauv eller granbar. Til slutt tørkar ein vekk blod frå skothol og nase, og børstar vekk skit og lauv frå pelsen.

Plassering av personar og gjenstandar

Dei fleste har nok sett det klassiske bilete der jegeren sit skrevs over viltet og løftar geviret, med rifla i, mot kamera. Kva slags bodskap sender dette? Er målet å vise fram ein fantastisk ressurs og ein flott hobby, eller skal ein bevise at ein har «beseira» naturen? Dette handlar om haldningar! Av respekt for viltet er det anbefalt at jegeren sit ved sidan av, eller bak dyret. Ein kan gjerne rette fokuset mot viltet ved at jegeren har blikket venda mot det. Og husk på; Smil! Du har lukkast!

Viltet ligg framfor jeger og ein ser ikkje blod. Fleire «lag» skapar djupne i komposisjonen. Ein ser til ei viss grad ei innramming skapt av eit grantre til venstre og eit felt tre i bakgrunnen. Beveren er avbilda i sitt naturlege habitat, med tydelege sporteikn. Jeger og fotograf er med i bilete og dei smiler, dette vitjar om god stemning og kameratskap. Kvistar som stikk opp framfor kamera verkar distraherande – copyright (c) Erlend Furuhovde.

Spesielt i USA er det mange som er flinke på trofébilete, men der kan ein ofte sjå våpenet stilt opp på framsida av viltet, mot kamera. Også dette kan sende eit bodskap om at jegeren har «beseira» naturen. Dersom ein vil ha med våpenet i bilete, bør det følgje jegeren, for eksempel ved at han har det på ryggen. Andre gjenstandar som ligg strødd rundt om, kan stele fokus og verke distraherande. Hald plassen ryddig, og fjern sekkar, klede, drikkeflasker, tau osv.

Far og son er avbilda etter ei vellukka jaktøkt i Skotland. Hjorten ligg fint og det er ikkje noko synleg blod. Balansen i bilete er fin og viltet er i fokus, samtidig som ein får vist fram det skotske høglandet i bakgrunnen. Skyene og fleire «lag» med fjell skaper eit dramatisk og mektig uttrykk, og ein får djupne i bilete. Munnen til hjorten er litt open. Dette kunne ein ha ordna ved at jegeren held oppe hovudet til hjorten med ei hand under haka i staden for i geviret. Elles er dette eit godt bilete og eit godt eksempel på korleis det kan gjerast.

Komposisjon

Med punkta nemnt til no, har ein forutsetningane for å få til eit fint bilete som formidlar jaktglede og respekt. Likevel kan ein, med enkle grep, gjere bilete endå finare. Dei fleste klarer å tenkje seg til at ein fin bakgrunn gjer mykje for eit bilete, men det er også fleire moment ein kan ha i bakhovudet for å auke kvaliteten ytterlegare.

Bakgrunnen er som nemnt viktig for bilete. Utsikt i bakgrunnen vil skape djupne i bildet. Det same gjeld dersom ein klarer å få til fleire «lag». Då kan for eksempel viltet være eit lag, jegeren det neste, deretter noko vegetasjon, fjell og til slutt horisont. Viltet bør være i laget nærast kamera. Dette leier vidare til neste poeng; pass på at det ikkje er distraherande element i forgrunnen. Strå, kvist og liknande som stikk opp fram om kameraet kan øydeleggje mykje!

Far og son er avbilda etter ei vellukka jaktøkt i Skotland. Hjorten ligg fint og det er ikkje noko synleg blod. Balansen i bilete er fin og viltet er i fokus, samtidig som ein får vist fram det skotske høglandet i bakgrunnen. Skyene og fleire «lag» med fjell skaper eit dramatisk og mektig uttrykk, og ein får djupne i bilete. Munnen til hjorten er litt open. Dette kunne ein ha ordna ved at jegeren held oppe hovudet til hjorten med ei hand under haka i staden for i geviret. Elles er dette eit godt bilete og eit godt eksempel på korleis det kan gjerast – copyright (c) Johan Trygve Solheim.

Har du sjø, vatn eller horisont i bakgrunnen, må du passe på at linja som desse elementa skaper ligg vassrett i bilete. Dersom horisonten er litt ute av vater, gir det eit uroleg uttrykk og ein følelse av at heile bilete bikkar til den eine sida. Dette gjeld også dersom det er tre i bilete, spesielt i eit av dei nærare «laga». Treet vil avsløre om bilete er i vater eller ikkje. Ein kan bruke dette treet til å «ramme inn» bilete ved å plassere det ut mot den eine kanten. Plassering av fokuspunkt i bilete har også innverknad på balansen. Plasser fokuspunkt og andre tunge element i botnen av bilete for å gjere det meir stabilt. For å gjere det endå meir harmonisk, kan ein plassere jeger og vilt i «det gylne snitt». Dette er gitt ved kryssingspunkt i tilnærma 5/8 av breidde og høgde.

Ein kan også bruke hjelpemiddel som perspektiv og fokus. Å halde kameraet lågare enn viltet når ein tar bilete, gir ei utstråling av verdi. Dette kallast froskeperspektiv, og vil ofte ha ein stilig effekt. Å halde kamera over viltet, gir fugleperspektiv, og eit inntrykk av at ein ser ned på viltet. Dette er ikkje ønskeleg. Ein kan også halde kameraet i same høgde som viltet. Dette er nøytralt og andre element vil være meir bestemmande for uttrykket. Ved å bevisst bruke fokus, kan ein framheve visse element. Fokuset i eit klassisk trofébilete bør alltid vere på viltet.

Momenta omtalt over, tenkjer ein normalt ikkje over når ein ser eit bilete, men det vil likevel ha påverknad på korleis ein oppfattar bilete og om det er behageleg å sjå på det. Små variasjonar kan gjere at eit bilete er betre enn eit anna. Derfor er det viktig å ta mange bilete mens ein har sjansen, då det er lettare å slette overflødige bilete enn det er å setje saman igjen ein partert hjort!

Dette er eit klassisk trofébilete. Viltet er i fokus og fotografen har brukt froskeperspektiv. Hjorten ser harmonisk ut, då han ligg i ein naturleg posisjon og ein ikkje ser noko blod. Fleire «lag» skaper djupne og linja skapt av kanten på bøen er balansert. Den oransje capen stel for mykje fokus – copyright (c) Jørgen Henden.

Det kan verke valdsamt med all informasjonen som er samla her. Alle punkta er ikkje nødvendig å tenkje på, men dei er meint som inspirasjon og tips. Det er heller ikkje sikkert at alle punkta passar til alle situasjonar. Jobb med det du har og ver kreativ, men hugs at du representerer jegerstanden, så tenk respekt og varsemd!

Liste med forkorta tips:

  • Tenk respekt for viltet når du skal ta bilete.
  • Plasser viltet i ein naturleg posisjon. Pass på at tunga ikkje heng ute, og at munnen er lukka.
  • Fjern blod og skit.
  • Jeger og våpen bør være bak, eller ved sidan av viltet.
  • Fjern forstyrrande element frå bilete. (Vegetasjon i framkant, gjenstandar osv.)
  • Vær kreativ
  • Jobb med det du har, og ta mange bilete.

Mykje henta frå https://muleyfreak.com/2018/08/24/now-that-you-killed-heres-how-to-master-the-grip-and-grin/