Overvakingsprogrammet for hjortevilt har sidan 1991 samla inn kjevar frå felt hjortevilt i fleire ulike regionar. Dette i lag med blant anna data om slaktevekter og fellingstidspunkt har gjeve grunnlag for mykje nyttig kunnskap om hjorteviltbestandane. For eksempel endringar og utvikling av ulike tilhøve hos dei ulike artane i ulike regioner.
Norsk institutt for naturforsking (NINA) er ansvarleg for gjennomføring av overvakingsprogrammet, og har no publisert framdriftsrapporten for perioden 2012 – 2014.
Det er langt mellom store årkalver (over 30 kilo slakta fra 1. september) i områder med tette hjortebestander. Det er flere grunner til dette og der høy tetthet og redusert snittalder er viktige medvirkende faktorer – foto (C) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter.
Overvakingsprogrammet for hjortevilt har sidan 1991 samla inn kjevar frå felt hjortevilt i fleire ulike regionar. Dette i lag med blant anna data om slaktevekter og fellingstidspunkt har gjeve grunnlag for mykje nyttig kunnskap om hjorteviltbestandane. For eksempel endringar og utvikling av ulike tilhøve hos dei ulike artane i ulike regioner.
Norsk institutt for naturforsking (NINA) er ansvarleg for gjennomføring av overvakingsprogrammet, og har no publisert framdriftsrapporten for perioden 2012 – 2014.
Nytt i denne perioden er at det for hjort no er teke med 2 nye regionar. Dette gjeld Oppland og Vestfold/Telemark der hjortebestandane er i vekst og ekspansjon. Bestandstettleikane her er framleis vesentleg lågare enn i dei andre regionane som ligg i dei meir tradisjonelle kjerneområda for hjort på Vestlandet og Sør Trøndelag. Det er forventa at det er i desse områda ein vil sjå den største bestandsvektsen i åra framover.
Sidan programmet starta opp har det for hjort i «kjerneområda» vore ein betydelig nedgang i slaktevektene for kalv og ungdyr. Dette i takt med at bestandstettleiken i same perioden har vore i kontinuerlig vekst. Nedgangen var størst dei fyrste 10 – 15 åra og har seinare teke av og flata ut. Dei siste 4 – 8 åra finn forskarane på NINA ikkje nokon tydeleg trend for vektutviklinga, og for dei siste 3 åra finn dei endåtil i einskilde regionar tendensar til ein liten auke i vektene.
Då vektene for kalv og ungdyr har årlege variasjonar utifrå beitekvaliteten er dette for kort tidsrom til at forskarane kan eller vil konkludere med att trenden no er snudd. Så då er det berre tida som vil vise om ein er i ferd med nå målet som mange stader har vore å stogge vektnedgangen.
I dei nye regionane er slaktevektene for kalv og ungdyr om lag på nivå med det dei var på Vestlandet ved starten av overvakingsprogrammet i 1991.
Hjorten har fått dårlegare kondisjon
Det er ikkje berre vekta og alderen på dei felte dyra som vert registrert, men forskarane måler også lengda på kjevane. Kjevelengda gjev uttrykk for storleiken til dyret og utifrå vekta og kjevemålet reknar dei ut ein indeks for kondisjonen til dyra. Denne indeksen har i overvakingsperioden på linje med vektene gått jamt nedover. Dette tilseier at dyra ikkje berre har blitt lettare, men at kondisjonen også er redusert. God kondisjon for hjorten betyr rikelig med feitt på kroppen slik at han er rusta for å klare vinteren. Då er næringstilgangen minimal og dei er avhengig av å tære på det dei har bygt opp av feittreservar i løpet av sommaren og hausten.
Eksempel på god og dårlig kondisjon på to 1,5 års bukker (spissbukker). Bukken til venster har i tillegg til mye nyrefett også akumulert noe fett på rygg og lår. Bukken til høyre hadde lite nyrefett og er slik sett dårligere rustet til å møte vinteren – for (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter
Redusert kalveproduksjon
Ein viktig konsekvens av den reduksjonen ein har hatt for slaktevekter og kondisjon er at andelen 2 årige koller som kalvar er meir enn halvert sidan overvakingsprogrammet starta. Og ein del har heller ikkje kalv som treåringar. Då desse årsklassane utgjer ein stor del av hodyra i bestandane i dei tradisjonelle kjerneområda for hjort, er dette av vesentleg betyding for den samla reproduksjonsemna. Det er viktig å merka seg i høve dei som skal forvalte bestandane.
Heile framdriftsrapporten frå NINA kan du lese her.