Andre kapittel i Handbok om Praktisk Hjorteforvaltning er no publisert

Denne gong er det kommunale målsetjingar som står for tur i handboka, fortel prosjektleiar og forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland. Alle kommunar er forplikta til  å vedta målsetjingar for utviklinga av hjorteviltbestandane i kommunen. Dette kapitlet gjev ein oversikt over korleis dette målarbeidet kan utførast og kvifor det er så viktig.

Handbokprosjektet har som mål å gjera fagleg kunnskap dei som forvaltar hjortebestandane, private,  kommunale og regionale aktørar, tilgjengeleg på ein praktisk og lettfatteleg måte.  I første kapittel systematiserte vi kunnskap om arealbrukskonfliktar og no er det altså det kommunale innan hjorteforvaltninga som står for tur.
Hjort pa Mongstad 1 690 x 460
For kommunene handler mye om langsiktig arealplanlegging. De mål kommunene vedtar for hjortebestanden må være målbare og ta innover seg andre areabruksinteresser de kommende årene – foto (c) Johan Trygve Solheim  

Denne gong er det kommunale målsetjingar som står for tur i handboka, fortel prosjektleiar og forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland. Alle kommunar er forplikta til  å vedta målsetjingar for utviklinga av hjorteviltbestandane i kommunen. Dette kapitlet gjev ein oversikt over korleis dette målarbeidet kan utførast og kvifor det er så viktig.

Handbokprosjektet har som mål å gjera fagleg kunnskap dei som forvaltar hjortebestandane, private,  kommunale og regionale aktørar, tilgjengeleg på ein praktisk og lettfatteleg måte.  I første kapittel systematiserte vi kunnskap om arealbrukskonfliktar og no er det altså det kommunale innan hjorteforvaltninga som står for tur.

Vi har prøvd å vera systematiske i vår tilnærming til dette slik at alle som arbeider med dette skal få ein god oversikt over kvifor vi skal ha målsetjingar i hjorteforvaltninga og kva krav som vert stilt til dette målarbeidet, seier Hegland. Gode mål består av overordna og langsiktige hovudmål som vert konkretisert i ulike delmål. Det viktige er at desse delmåla har tiltak knytt til seg og nokre kriterium for evaluering slik at ein veit om måla vert oppnådd i løpet av perioden måla skal gjelde, understreker Hegland.

Neste kapittel i handboka skal omhandle bestandsplanar og deira praktiske rolle i forvaltninga. I arbeidet med det no publiserte kapitlet om kommunale målsetjingar har det difor vore viktig for forfattarane å få fram at kommunen, gjerne i samarbeid med nabokommunar, først og fremst skal ha generelle målsetjingar som ikkje vert for detaljerte. Dette handlar i prinsippet om rolla til dei ulike aktørane i forvaltninga. Kommunens målsetjingar skal mellom anna nyttast til å godkjenne bestandsplanar og då er det viktig at dei ikkje vert så detaljerte at ein bestandsplan som strekker seg over fleire kommunar ikkje kan bli godkjent grunna detaljnivået i ein av kommunane.

GC7D2199 1 gruppe med hjort 690 x 460
Mange jegere vil ha mest mulig hjort, men kommunen må sette mål som tar hensyn også til andre interesser – foto (c) Johan Trygve Solheim

På den andre sida er det viktig at delmåla ein set vert så konkrete at dei er muleg å evaluera i ettertid. Denne balansen er det kommunane må vera seg bevisst, meiner Hegland, og det er dette vi har prøvd å hjelpe kommunane til å oppnå gjennom dette kapitlet. Det viktigaste i målarbeidet er likevel at det faglege fundamentet for målsetjingane og forankringa blant dei som skal sikre måloppnåinga (rettshavarar, jegerar o.l.) er solid. Utan dette kan målarbeidet fort ende opp som skrivebordsplanar.

Kapitlet om Kommunale målsetjingar i hjorteforvaltninga er no tilgjengeleg på hjortesenteret.no. I dokumentet finn du også kortfatta oversiktar over korleis målarbeidet kan utførast og kva som kan vera innhaldet i slike måldokument. I nettversjonen kan ein trykke på lenkar for å kome raskt til temaet ein er interessert i og dette inkluderer linkar til lovar og forskrifter og til miljødirektoratet sine hjelpesider www.miljokommune.no

Vi har forsøkt å gjere det så operativt som muleg i forhold til forvaltarane sin kvardag og behovet for rask tilgang til informasjon, understreker Hegland, men dokumentet passar også for dei som vil skrive ut heile kapitlet og kose seg med det i godstolen for å lære meir om hjort og hjorteforvaltning.

Vi er svært takksame for den økonomiske stønaden vi har fått frå dei regionale viltfonda til Fylkeskommunane i Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, samt det statlege viltfondet til Miljødirektoratet.

Forfattarane bak dette kapitlet har lang erfaring med både praktisk og teoretisk arbeid innan hjorteforvaltninga:

Stein Joar Hegland, Forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter (kontaktperson: stein.joar@svanoy.com)

Magnus Frøyen , Viltforvaltar ved Norsk Hjortesenter

Klikk her for å komme til oversikt over kapitlene i handbok!