Denne veka er nederlandske Janneke Scholten som studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) godt i gang med feltarbeidet for hennar masteroppgåve. Feltarbeidet føregår i Kaupanger i Sogn og ho skal prøve å svare på om terrengsykling kan påverke korleis hjortetettleiken er i områder med mykje terrengsykling.
Arealbrukskonfliktar mellom vilt og rekreasjonsaktivitetar er eit viden kjent problem i store delar av verden og det er eigne vitskaplege tidsskrift som er tileigna «human-wildlife interactions». I Norge er det først og fremt rekreasjon i fjellet og påverknad på reinsdyr det har blitt forska på.
Janneke Scholten studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) og er i disse dager opptatt med feltarbeid for sin masteroppgave – foto (c) Stein Joar Hegland.
Denne veka er nederlandske Janneke Scholten som studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) godt i gang med feltarbeidet for hennar masteroppgåve. Feltarbeidet føregår i Kaupanger i Sogn og ho skal prøve å svare på om terrengsykling kan påverke korleis hjortetettleiken er i områder med mykje terrengsykling.
Arealbrukskonfliktar mellom vilt og rekreasjonsaktivitetar er eit viden kjent problem i store delar av verden og det er eigne vitskaplege tidsskrift som er tileigna «human-wildlife interactions». I Norge er det først og fremt rekreasjon i fjellet og påverknad på reinsdyr det har blitt forska på. Skoglevande dyr som hjort er i mindre grad vore i fokus. Janneke si oppgåve kan på denne måten vera med å fylle eit kunnskapshol.
Janneke Scholten jobbar utifrå ei hypotese om at hjorten innanfor dei områda som har sykling vil utnytte skogen partia lenger borte frå sykkelstiane i større grad enn nære stien. Ho bruker to metodar for å kunne skildre kor mykje hjort det er i varierande avstand til sykkelstiane. Den første er møkkteljing som er ein kjent måte å kunne sei noko om hjortetettheiten i eit område for ein lengre periode. For å få meir presis informasjon om hjortens bruk av områda og om hjorten nyttar områda mest nattestid så set Janneke også opp viltkamera langs hjortestiar i varierande avstand til sykkelstiane. Masteroppgåva vil altså kunne sei noko om endringar av hjorten arealbruk og tettleik på ein relativt liten skala.
Terrengsykling har blitt populært de senere årene, men ingen har tidligere studert hvilken innvirkning denne type fritidsaktivitet har på blant annet hjortens adferd og arealbruk – foto (c) Johan Trygve Solheim.
Masteroppgåva er eit ledd i eit langvarig og fruktbart samarbeid med NMBU og Professor Stein Moe ved Institutt for Naturforvaltning. Norsk Hjortesenter ønskjer også masterstudentar frå andre Universitet og Høgskular velkomne. Vi har nedfelt i vår FoU-strategi at vi skal hjelpe til med rettleiing og praktisk hjelp til masterstudentar som ønskjer å utnytte vår kompetanse og våre fasilitetar (les meir om desse på hjortesenteret.no). Ta kontakt med dagleg leiar Johan Trygve Solheim (johan@svanoy.com) om du er tilsett eller student og ønskjer å samarbeide med oss.