Mange viktige fristar å huske 1.mai

I høve hjorteforvaltninga, og særskilt for dei som sit med ansvaret for vald og bestandsplanområde, er 1. mai ein viktig dato å forholda seg til. For som elles er fristar til for å overhaldast.

Det er forskrift om forvaltning av hjortevilt som definere desse fristane, og dei er gjort med omsyn at det skal være tid for alle partar å få alle formaliteter på plass i god tid før påfølgjande jaktsesong. Som kjent startar den allereie 1. september kvart år.
150410 Organisering av samarbeid 2 690 x 388
Figurene illustrerer organisering av et storvald/betsandsplanområde med sammenslåing av mange mindre vald, men der hver enklet rettshaver kan råde over sitt jaktfelt. Poenget er at en oppnår en felles forståelse for hva som kan skytes og ikke med forankring i en felles målsetting for utvikling av hjortebestanden – Fra boka «Målrettet Hjorteforvalting» som kan kjøpes her. 

I høve hjorteforvaltninga, og særskilt for dei som sit med ansvaret for vald og bestandsplanområde, er 1. mai ein viktig dato å forholda seg til. For som elles er fristar til for å overhaldast.

Det er forskrift om forvaltning av hjortevilt som definere desse fristane, og dei er gjort med omsyn at det skal være tid for alle partar å få alle formaliteter på plass i god tid før påfølgjande jaktsesong. Som kjent startar den allereie 1. september kvart år.

Søknad om godkjenning eller endring av vald
For dei som skal søkje om godkjenning av nye vald er fristen 1. mai. Ver merksam på at dersom det har skjedd endringar i høve valdet sine grenser, eigedomstilhøve eller teljande areal, er fristen for å melde dette allereie 1. april. Det er ikkje høve å trekkje eigedomar ut av eit vald etter fristen for godkjenning av nye vald. Kommunen skal og ha melding dersom det skjer endringar i høve valdsansvarleg, adresse eller liknande. Godkjende vald som ikkje har bestandsplan vil motta årleg tildeling frå kommunen etter § 21 (målretta avskyting), og treng såleis ikkje å søkje årleg. Dei treng heller ikkje søkje om fleire eller færre løyver om dei skulle ynskje det. Dette skal dei eventuelt gjere ved å klage på tildelinga etter at den er motteke. Denne skal kommunen sende alle valdsansvarlege seinast 15. juni, og fristen for å klage er sette til 3 veker.

EK2P4565 magnus og co 800 x 533 3302e
Både rettshaver og jeger har felles interesse av god organisering av hjortejakta. Hjortejakta er en stor ressurs for mange grunneiere, og jaktlykke er avhengig av klare regler og realistiske mål – foto (c) Johan Trygve Solheim 

Søknad om godkjenning av bestandsplan/-område
Fristen for søknad om godkjenning av bestandplanar og bestandsplanområder er også sett til 1. mai.  Bestandsplanar må rullerast/fornyast når planperioden er omme. Forskrifta har ikkje sett nokon eksakt frist for dette, men 1 . mai vil vere naturleg. Det gir kommunen høve til å handsame dei innan fristen både for tildeling til vald utan bestandsplan, og for godkjenning av bestandsplanområde. Fristen her er altså sett til 15. juni.

 
«Prosjekt Forvaltning av hjortebestand 2013 – 2017» og rullering av bestandsplanar?
Mange stader føregår det no eit arbeid i regi av prosjektet med å få organisert grunneigaranei større einingar gjennom etablering av såkalla bestandsplanområde. Dette er ein prosess som mange stader vil kunne ta litt tid. Frå ein startar prosessen til ein har etablert ei hensiktsmessig løysing for samarbeidet er erfarings messig tidkrevjande. Fleire stader vil det såleis berøre mange gjeldande bestandsplanar, og mange lurer då på korleis ein skal forholda seg til dette?

gruppearbeid hjort 2012 fotoejd
Det er viktig med åpne diskusjoner mellom alle parter for å sikre en godt plattform for målretta sammarbeid på tvers av eiendomsgrenser. Dette er prosesser som naturlig vil ta tid – foto (c) Egill J. Danielsen 2012   

Dette kan truleg løysast på mange måtar, men dersom ein har til intensjon å gå inn i eit slikt samarbeid er det lite meining i å bruke mykje energi på å fornye eller lage ny bestandsplan for eit vald. Her er det difor viktig at ein går i dialog med kommunen for å finne den beste løysinga i ein overgangsfase. Den enklaste løysinga er at ein kanskje, og i dialog med kommunen, vidarefører gjeldande bestandsplan med eit år utan å leggje meir arbeid i det. Dersom ein ser at det har skjedd vesentlege endringar i bestandsmessige tilhøve, kan det vere klokt å justere gjeldande bestandsplan i høve dei faktiske forholda.