Skal du telje hjort denne våren?

På våren når det tek til å spire og gro på innmark, medan det framleis er lite grønt å finne i skog og utmark, trekkjer mykje hjort til innmarka for å beite den friske groen. Ein del stader vert det gjennomført organiserte teljingar av hjort på denne tida, såkalla vårteljing. 

Metoden går ut på å telje hjort på faste stader (ruter) og til faste tider. Grunna variasjonar i vêrtilhøve, og kor tidleg våren kjem, er det ofte stor skilnadar på kor mykje dyr som er å sjå på innmarka frå dag til dag og mellom år. 
EK2P5179 hjort som kommer inn pa innmarka 690 x 363
Allerede i mars dukker de første hjortene opp på innmark for å beite på den første næringsrike groen – foto (c) Johan Trygve Solheim

På våren når det tek til å spire og gro på innmark, medan det framleis er lite grønt å finne i skog og utmark, trekkjer mykje hjort til innmarka for å beite den friske groen. Ein del stader vert det gjennomført organiserte teljingar av hjort på denne tida, såkalla vårteljing.

Metoden går ut på å telje hjort på faste stader (ruter) og til faste tider. Grunna variasjonar i vêrtilhøve, og kor tidleg våren kjem, er det ofte stor skilnadar på kor mykje dyr som er å sjå på innmarka frå dag til dag og mellom år.

For å eliminere problema med denne variasjonen  må det difor teljast over mange datoar på dei same lokalitetane. Både snitt, median og maks verdiar kan vera interessante å bruke som tolkingsgrunnlag. Mange meiner vårteljing er best eigna som strukturteljing der ein registrerar dyra i ulike kategoriar: kalv – spissbukk – bukk – kolle. Teljeresultata frå vårteljing vert ikkje rekna  å være eigna til å sei noko direkte om totalbestanden. Ved å samanlikne teljedata over fleire år kan ein likevel få indikasjonar om endringar i bestandstettleik.

Gruppe dyr pa veg til innmark tidlig var 690 x 460
Gjødsla innmark gir tidlig på våren smakfull og næringsrik mat til hjortene. Senere på våren blir beitene i skog og utmark mer attraktive, og mange steder starter vandringen fra vinter til sommerbeiter allerede i siste halvdel av april – foto (c) Johan Trygve Solheim 

Norsk Hjortesenter gjennomførte i 2004 ei evaluering av Sett hjort og Vårteljing (Fagrapport 1/04 Veiberg, V. , Meisingset. E.L. & Samdal, B.). Her vart det konstatert store årlege variasjonar i teljeresultata som ikkje kan forklarast utifrå bestandsmessige variasjonar. Metoden reknast derfor å ha liten verdi for å påvise endringar i bestandsstorleik. Her kan ein vise til eit interessant døm frå Sogndal kommune. Etter ein vinter med stor vinterdødelegheit ble det talt fleire dyre enn nokon gang tidlegare på innmark.

Vårteljing kan likevel vere nyttig for å supplere Sett hjort då den kan fange opp tilhøve som Sett hjort ikkje klarar å avdekke. Teljing over minimum fire datoar, og helst nattetid når bukkane i større grad besøker innmarka, vert tilrådd for å kunne eliminere tilfeldige avvik mest mogleg. Ein skal vidare vere klar over at det kan være store skilnader mellom ulike regioner i høve kor høg del av hjortestammen som beitar på innmark.

Sett hjort registreringar vert i dag rekna som eit langt sikrare verkty enn vårteljing. Vårteljing føregår på vårparten etter at vinteren er over. Vårteljing vil  såleis kunne fange opp endringar som har skjedd i løpet av vinteren. Snørike vintrar som ein ofte opplever i indre strøk på Vestlandet,  Trøndelag og delar av Austlandet er ein flaskehals for hjorten.

GC7D2017 bukk pa innmark 690 x 460
Bukk er lett å skille fra øvrige kategorier dyr på innmark, men de størtse bukkene feller geviert allerede i månedsskiftet mars/april – foto (c) Johan Trygve Solheim  

Det er særleg kalvar og eldre bukkar som døyr i vintrar med mykje snø og lite tilgang til beiteplantar. Kalv og bukk er og dei kategoriane det grunna storleik og gevir er lettast å spesifisere under teljingane. Ved å sjå del kalvar og bukkar av totalt talde dyr vil ein kunne få indikasjonar på om det har gått hardt utover desse i løpet av vinteren. Dette kan vera viktig informasjon å ta med seg når kommunar eller planområda skal vurdera årets avskyting.

Det er mange som legg ned mykje arbeid i høve vårteljing. Det er et flott tiltak og eit arbeid dei bør fortsette med. For det er her som i all annen datainnsamling – det er over tid ein kan påvise endringar.

Last ned «Fagrapport frå Norsk Hjortesenter 1/04 Veiberg, V. , Meisingset. E.L. & Samdal, B. her!