Gode beiter gjev høge slaktevekter og anna fôr kan ikkje kompensere for dette. Norsk Hjorteoppdrett er ei næring i stødig vekst over mange år, men enno er det behov for kunnskap som kan hjelpe næringa til å drive bærekraftig både økonomisk og med best muleg dyrevelferd.
En ny undersøkelse bekrefter at gode beiter og godt grovfor er en forutsetning for suksess innen hjorteoppdrett. Foto Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter
Norsk Hjortesenter gjennomførte ei kartlegging av norsk hjorteoppdrett på oppdrag av Norsk Hjorteavlsforening (NHF). Det bestod i ei spørjeundersøking ut til alle NHF sine medlemmar og ein workshop med fagleg diskusjon i samband med foreininga sitt årsmøte i Oslo 28. – 30. mars 2014. Resultatet var eit auka fokus og interessante resultat på kva faktorar som gjev dyr i god kondisjon og med høge slaktevekter. Se presentasjonen fra undersøkelsen her.
Sjølv om ei spørjeundersøking og faglege diskusjonar ikkje gjev grunnlag for bastante konklusjonar kan vi peike på nokre viktige funn:
Gode beiter er heilt sentralt
Data frå spørjeundersøkinga peiker mot at fulldyrka areal per produksjonskolle i eit hjorteoppdrett er det viktigaste verktøyet ein har for å skape god kondisjon hjå dyra. Vanlege beiter og overflatedyrka mark kan ikkje kompensere for beiter på fulldyrka mark. Ein tommelfingerel tilseier ca 2,5 da fulldyrka mark per produksjonskolle og spørjeundersøkinga underbygger dette. Workshop’en som samla brukererfaringane til oppdrettarane understreka dette som det viktigaste punktet. Tilleggsfôring i form av kraftfôr kan heller ikkje kompensere for dårlege beiter eller dårleg fôrkvalitet. Faktisk indikerte data frå spørjeundersøkinga at det var ei negativ samanheng mellom mengde tilleggsfôr per dyr og slaktevekta til åringsdyra.
Korleis tilpasse drifta for å oppnå gode slaktevekter?
I eit hjorteoppdrett er det primært åringsdyra som går til slakting og skaper det ein hjorteoppdrettar skal leve av i form av gode vekter og god kjøtkvalitet. Oppdrettarane sin erfaring tilsa at det kunne vera viktig å bruke ekstra ressursar eller tilpassingar til denne årsklassa. Dersom oppdrettet hadde mulegheit til å skilje åringsdyr frå resten av flokken så kunne det gje positive effektar på slaktevektene. Eit alternativ kan kanskje vera å slakte spissbukkene før brunsten for dermed å unngå at dei sløser med eigen og andre sin energi i denne perioden.
Fôrkvalitet er også viktig
Mange oppdrettarar fôrer dyra med rundballer, nokre gjev silo og dei fleste gjev i tillegg mineraltilskot eller andre tilskot. Ein fellesnemnar for god kvalitet er at fôret blir gitt til dyra på ein slik måte at det sikrar god fôrhygiene og lett vedlikehald av fôringsplassar, samt at trengselen på fôringsplassane er minimalisert gjennom nok fôringsbenker og -hekker. Silo var nemnt av fleire oppdrettarar som eit betre fôralternativ enn rundballe, men at uansett så var slåttetidspunktet kanskje det viktigaste. Brukererfaringane tilsa at det var betre å slå heller litt for tidleg enn for seint for å sikre mest muleg tørrstoff og i tillegg sikre tørre rundballer. Fleire påpeikte at det var viktig å dosere fôret i rett mengde for å unngå at det låg for lenge og tapte kvalitet.
Vegen vidare
Mykje nyttig og strukturert kunnskap kom fram gjennom Oppdrettsundersøkinga 2013. Norsk Hjortesenter og Norsk Hjorteavlsforening ønskjer å ta med oss dette grunnlaget i arbeidet vidare og håpar å kunne finne samarbeidspartnarar i forskingsmiljøa som syns hjorteoppdrett er spennande å jobbe med.
Se Norsk Hjorteavlsforening sine nettsider.