ALT I EITT: Feltkontrollørkurs og slaktekurs på Svanøy 14.-16. september



BLI FELTKONTROLLØR I SAME SLENGEN: Har du behov for å lære meir om slakting og partering av storvilt? Då har du mogelegheita 14.-16 september.

I Norsk Hjortesenter sine lokaler på Svanøy vil du få oppleve ei helg med massiv fagleg fordjupning og god pleie med fullpensjon. Dessutan kan du i løpet av helga bli sertifisert som feltkontrollør med rett til å godkjenne viltkjøt for sal.


slaktekurs_fotoejdFORDJUPNINGSKURS: Du vert sjølvsagt ikkje ekspert etter ei helg på kurs, men det hjelper deg i riktig retning. Mange av kursdeltakarane har slakta hundrevis hjorter – mens Jarleif Amundsen (nr 2 frå venstre) ikkje hadde tatt i ein hjorteskrott før han kom til Svanøy på kurs i februar. FOTO: EGILL J. DANIELSEN  

Har du behov for å lære meir om slakting og partering av storvilt? Då har du mogelegheita 14.-16. september.

I Norsk Hjortesenter sine lokaler på Svanøy vil du få oppleve ei helg med massiv fagleg fordjupning og god pleie med fullpensjon.

Bli feltkontrollør
– Vi legg og opp til at dei som ønskjer det kan ta feltkontrollør-utdanninga samstundes som dei deltek på slaktekurset. Dette er ein god mogelegheit til å auke både teoretisk ballast og praktiske slaktekunnskap, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Sjå detaljert program for vårt førre kurs her. Dette kurset vert likt, også når det gjeld tidspunkt.

– Vi har lova denne type kurs til feltkontrollørar, men det er sjølvsagt høve for andre interesserte til å fylle på med litt meir kompetanse når det gjeld den viktige handteringa av viltet etter skotet. Dette er viktig kunnskap å ha med seg, anten ein skal omsetje kjøt eller bruke det sjølv, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Fordjupning og god mat
Kurset startar med ei teoriøkt fredag 14. september på ettermiddag/kveld, før ein går praktisk til verks laurdagen, der tema er slakting og utvomming. middag_p___svan__y_hovedg__rd_fotoejdSøndag blir det fokus på partering og nedskjering av hjorteslakt, kunnskap om dei ulike delane av dyret og kva dei er best eigna til, samt nokre gode tips om nye og alternative måtar å bruke hjorteråvara på.

Ei opplevingshelg på Svanøy
Kurset kostar kr. 5990,- og inneheld tre dagars kursing, overnatting med fullpensjon som inkluderer to frukostar, to lunsjar og to middagar. Evt. servering av alkohol kjem som tillegg i prisen.

Innlosjering vert på Svanøy Hovedgård i 1700-tallsatmosfæren som framleis er godt bevart.

Her kan du mellom anna studere stova som inneheld gjenstander frå tida då Hans Nielsen Hauge eigde garden.

Info og påmelding:
Ønskjer du å vite meir om kurset, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på epost hjort@svanoy.com, eller ring oss på tlf. 57 75 21 80. Det er 15 kursplassar til rådvelde, og vi kjem til å praktisere ”først til mølla”-prinsippet.
Meld tydeleg fra om du ønsker å ta feltkontrollørutdanninga samstundes med slaktekurset.

Påmelding skjer ved innbetaling av kursavgift til kontonr 3775.03.20962. NB: Merk innbetalingen «Slaktekurs 14.-16. september».

Påmeldingsfrist: 5. september

Økonomisk støtte til kurs
Mange kommuner gir økonomisk støtte til at jegerne tar kompetansehevende kurs. Ta kontakt med din viltforvalter og spør!

Kursdeltakere hos Norsk Hjortesenter får spesielt gode tilbud på kjøttbehandlingsutstyr fra vår nettbutikk, svanoybutikken.no

Vi er spesialforhandler for tyske LANDIG, en produsent som leverer pølsestappere, vakumeringsutstyr, kjøttkverner, sous vide maskiner, kniver, kjøttsager – kort sagt alt en jeger eller matinteressert kan få bruk for etter at dyret er felt.

 

Kurset gjennomføres med forbehold om tilstrekkelig antall deltakere. Kursavgift refunderes ved avlyst kurs. Ved avmelding etter påmeldingsfristen refunderes kun halv kursavgift. Avlyst deltakelse som fremsettes etter 24 timer før kursstart gir ingen refusjon.