OPPLEVING OG FAG HOS NORSK HJORTESENTER: Har du behov for å lære meir om slakting og partering og knivsliping? Då har du mogelegheita 23.-25. august.
I Norsk Hjortesenter sine lokaler på Svanøy vil du få oppleve ei helg med massiv fagleg fordjupning og god pleie med fullpensjon.
Det vert og anledning til å ta feltkontrollørutdanning som ein del av pakka.
FORDJUPNINGSKURS: Du vert sjølvsagt ikkje ekspert etter ei helg på kurs, men det hjelper deg i riktig retning. Mange av kursdeltakarane har slakta hundrevis hjorter – mens Jarleif Amundsen (nr 2 frå venstre) ikkje hadde tatt i ein hjorteskrott før han kom til Svanøy på kurs i fjor. FOTO: EGILL J. DANIELSEN
Har du behov for å lære meir om slakting og partering og knivsliping? Då har du mogelegheita 23.-25. august. I Norsk Hjortesenter sine lokaler på Svanøy vil du få oppleve ei helg med massiv fagleg fordjupning og god pleie med fullpensjon på ærverdige Svanøy Hovedgård.
Det vert og anledning til å ta feltkontrollørutdanning som ein del av pakka.
Fordjupning og god mat
Kurset startar med ei teoriøkt fredag 3. mai på ettermiddag/kveld, før ein går praktisk til verks laurdagen, der tema er slakting og utvomming. Søndag blir det fokus på partering og nedskjering av hjorteslakt, kunnskap om dei ulike delane av dyret og kva dei er best eigna til, samt nokre gode tips om nye og alternative måtar å bruke hjorteråvara på.
Ein av dagane vert det og ei avdeling kor du lærar knivsliping – på den proffe måten.
Ei opplevingshelg på Svanøy
Kurset kostar kr. 6490,- og inneheld tre dagars kursing, overnatting med fullpensjon som inkluderer to frukostar, to lunsjar og to middagar. Evt. servering av alkohol kjem som tillegg i prisen.
Innlosjering vert på Svanøy Hovedgård i 1700-tallsatmosfæren som framleis er godt bevart.
Her kan du mellom anna studere stova som inneheld gjenstander frå tida då Hans Nielsen Hauge eigde garden.
Info og påmelding:
Ønskjer du å vite meir om kurset, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på epost hjort@hjortesenteret.no, eller ring oss på tlf. 57 75 21 80. Det er 15 kursplassar til rådvelde, og vi praktiserer ”først til mølla”-prinsippet.
Påmeldingsfrist: 20. august.
Elektronisk påmelding dybdekurs her!
Bli feltkontrollør samme helg:
For dei som ønsker å ta feltkontrollørutdanning, skjer dette kurset fredag føremiddag, og kostar kr 1500,- i tillegg til slaktekurset (normalpris for feltkontrollørkurs: 2500,-). Det er og mulig bare å ta feltkontrollørkurset.
Elektronisk påmelding feltkontrollørkurset her!
Økonomisk støtte til kurs:
Mange kommuner gir økonomisk støtte til at jegerne tar kompetansehevende kurs. Ta kontakt med din viltforvalter og spør!
Kursdeltakere hos Norsk Hjortesenter får spesielt gode tilbud på kjøttbehandlingsutstyr fra vår nettbutikk, svanoybutikken.no
Vi er spesialforhandler for tyske LANDIG, en produsent som leverer pølsestappere, vakumeringsutstyr, kjøttkverner, sous vide maskiner, kniver, kjøttsager – kort sagt alt en jeger eller matinteressert kan få bruk for etter at dyret er felt.
Kurset gjennomføres med forbehold om tilstrekkelig antall deltakere. Kursavgift refunderes ved avlyst kurs. Ved avmelding etter påmeldingsfristen refunderes kun halv kursavgift. Avlyst deltakelse som fremsettes etter 24 timer før kursstart gir ingen refusjon.