NY RAPPORT: Har granska hjorteviltforvaltninga i Hordaland i detalj


Forskings- og utviklingsleiar ved Norsk Hjortesenter, Stein Joar Hegland er no klar med rapporten om korleis ståa er i det tredje største hjortefylket i landet.

– Det er naivt å tru at det skal bli slutt på beiteskader på eng dersom ein berre får redusert hjortebestanden litt. Tiltak som gjerding, habitatmanipulering og retta uttak i konfliktområda kan vere nødvendig, seier han.

hjort_25HØGT KONFLIKTNIVÅ I HORDALAND: – Det er naivt å tru at det blir slutt på beiteskader på eng dersom ein berre får redusert bestanden litt, meiner FoU-leiar Stein Joar Hegland, ved norsk Hjortesenter. FOTO: EGILL J. DANIELSEN

Forskings- og utviklingsleiar Stein Joar Hegland ved Norsk Hjortesenter har undersøkt hjorteviltforvaltninga i Hordaland og er no klar med rapporten om korleis ståa er i det tredje største hjortefylket i landet.

Last ned og lese heile rapporten her

Undersøkinga avdekker mellom anna at det er høgt konfliktnivå når det gjeld hjorten sin arealbruk, men at kommunane nytter relativt liten tid på konfliktløysing og lite viltfondmidlar på avbøtande tiltak.

Brei undersøking med mange tema
– Denne rapporten gjev oversikt over status for den kommunale hjorteviltforvaltninga og dei viktigaste utfordringane som forvaltninga i fylket har, seier FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter, Stein Joar Hegland.

Han har utarbeidd rapporten basert på ei spørjeundersking der 26 av Hordaland sine 33 kommunar svarte på om lag 50 spørsmål.

–Resultatet speglar dels viltforvaltarane si meining om tinga si tilstand og dels er det objektive data som ligg til grunn for analysane, forklarer Hegland.

Stor spennvidde i Hordaland
Ifølgje Hegland er kommunane i Hordaland er veldig ulike når det kjem til hjorteviltforvaltning.
Til dømes feller den største hjortekommunen, Kvinnherad, 100 gonger så mange dyr i året som den minste, Fedje, og kommunane med høgast tettheit feller mellom 5 til 10 gonger så mange dyr per arealeining som kommunane med lågast tettheit.

Tidsbruken til hjorteviltforvaltning reflekterer også spennvidda med frå 0% til 35% stillingsprosent (gjennomsnitt 13%). Halvparten av viltforvaltararane i Hordaland arbeider for fleire kommunar.

Viltfondet og viltskadar
Dei kommunale viltfonda utgjer betydelege ressursar og mulegheiter for ei aktiv og lokalt tilpassa viltforvaltning. I 2010 samla Hordaland-kommunane inn nesten 2 millionar og om lag 4 millionar stod på bok, fortel Hegland.

–Nokre midlar er i praksis bundne opp til å bruka på ettersøk av påkøyrt hjort, men elles kan kommunane nytta dette til kompetanseheving (t.d. kursing og FoU-prosjekt), tilbakeføring til bestandsplanområde, ettersøk og førebyggande tiltak mot viltskadar.

Arealbrukskonfliktar lite prioriert
–Spesielt på førebygging mot beiteskadar og andre arealbrukskonfliktar har kommunane mykje å gå på når det gjeld aktiv haldning til utfordringane på dette området. Kartlegginga vår fortel at det er ganske mykje arealbrukskonfliktar knytt til hjorten i Hordaland, spesielt beiteskadar på eng, men at problema er geografisk avgrensa og dermed ofte muleg å løysa. Kommunane nyttar relativt liten tid på konfliktløysing, og lite viltfondsmidlar på avbøtande tiltak.

–Eit av mine mantra er: bruk det lokale handlingsrommet som viltfondet gjev, seier Hegland og held fram:

–Mange ønskjer å redusera bestandsstorleiken og håpar dette vil redusera arealbrukskonfliktane automatisk, men all erfaring tilseier at dette ikkje er nok sidan hjorten ofte klumpar seg i dei beste områda. Denne undersøkinga stadfestar at areabrukskonfliktar oftast er geografisk avgrensa innanfor ein kommune. Dermed må tiltaka vera skreddersydd til ulike delar av kommunen

Han opplyser at beiteskadar frå hjort har vore problematisk ved fruktdyrking sidan 1960-talet og det er naivt og tru at det i dag skal bli slutt på beiteskadar på eng, som ofte er så mykje meir næringsrike enn før, dersom ein berre får redusert hjortebestanden litt. Tiltak som gjerding, habitatmanipulering og retta uttak (rett dyr til rett tid) i konfliktområda kan i følgje Hegland vera nødvendig.

Planlegging må til
Den nye hjorteviltforskrifta seier at alle kommunar skal ha eigen temaplan for hjortevilt. Mellom kommunane i Hordaland hevdar mange i undersøkinga at dei har slike planar og dei skulle difor ha eit godt utgangspunkt for å lage enno betre planar framover.

–Det viktige er at ein lagar planar med målsetnader og tiltak som kan evaluerast i ettertid. Då er det viktig å nytte den datamengda ein samlar inn gjennom vårteljing, slaktevekter og ikkje minst sett-hjort aktivt i ettertid. Mange kommunar i Hordaland har vore flinke til på samle inn slike data, seier FoU-leiaren.

Vert tema på «Hjort i Vest» på Flesland
Han meiner at det  enno er for få viltforvaltarar som deltek aktivt i kommunane si arealplanlegging og  syner til at undersøkinga viser dette klårt.

– Hjorten nyttar heile landskapet, men også nokre stadar meir aktivt enn andre og difor må landskapsperspektivet inn i både kommunal viltforvaltning og arealplanlegging, understrekar Hegland.

Dei viktigaste resultata frå rapporten samt Norsk Hjortesenter sine råd til den kommunale viltforvaltninga i Hordaland vert lagt fram under seminaret ”Hjort i Vest” 23. mars i Bergen/Flesland.

Last ned og les heile rapporten her