– Påkøyrsler ikkje nemt med eit ord

Forskings- og utviklingsleiaren ved Norsk Hjortesenter er ikkje nådig mot Nasjonal Transportplan (NTP) som vart lagt fram i dag. Han etterlyser fokus på etikk, dyrevelferd og trafikksikkerhet for dei stadig fleire hjortevilta som vert påkøyrd i trafikken:

– Burde ikkje problemet med abrupt trafikkdød for 7000 hjortevilt i året fått merksemd i Nasjonal Transportplan? spør Stein Joar Hegland.

hjort_over_veien_fotoejdAREALBRUKSKONFLIKT: Hjorteviltet burde fått større merksemd i Nasjonal Transportplan (NTP), meiner FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter, Stein Joar Hegland. ©FOTO: EGILL J. DANIELSEN

Forskings- og utviklingsleiaren ved Norsk Hjortesenter er ikkje nådig mot Nasjonal Transportplan (NTP) som vart lagt fram i dag. Han etterlyser fokus på etikk, dyrevelferd og trafikksikkerhet for dei stadig fleire hjortevilta som vert påkøyrd i trafikken:

– Burde ikkje problemet med abrupt trafikkdød for 7000 hjortevilt i året fått merksemd i Nasjonal Transportplan? spør Stein Joar Hegland.

Norsk Hjortesenter sin blogg stiller Stein Joar Hegland spørsmålet om korleis Nasjonal Transportplan kunne vedtakast utan eksplisitt fokus på samfunnet si mest fokuserte konflikt mellom menneske og vilt, nemleg påkøyrsler:

Nullvisjon – ikkje for dyr?
Han viser mellom anna til at Vegdirektoratet har nullvisjon for drepte i trafikken, og påpeker at det når NTP omtaler nullvisjonen ikkje nemner dei aukande antall viltpåkøyrslene med eit einaste ord:

”Nullvisjonen for trafikksikkerhetsarbeidet er at det ikke skal forekomme ulykker med drepte eller hardt skadde. I vegtransporten har det vært en klar reduksjon i antall alvorlige ulykker de siste årene.”, heiter det i NTP.

Auke over fleire år
Ut frå eit viltforvaltarperspektiv er ikkje Hegland særleg imponert:

– Det er veldig bra med denne reduksjonen, men burde ikkje strengt tatt nullvisjonen også omfatte hjorten, elgen, rådyret, og for den saks skuld anna dyreliv som vi gjennom tiltak kan redusera dødsfalla for? I talet hjorteviltpåkøyrsler er det jo ei auke over fleire år, understreker han.

Les heile blogginnlegget her