Jakt på all hjort frå 1. september

Direktoratet for Naturforvaltning (DN) sitt endelege framlegg til nye jakttider er no sendt ut på høyring. Om DN sitt framlegg blir ståande, kjem hjortejegerane til å få ein lang jaktsesong frå 2012 og fem år framover.

 

hjort_spissbukkIKKJE BERRE SPISSBUKK: Det endelege framlegget til nye jakttider frå DN, kan bety at det blir tidlegjakt på all hjort, ikkje berre spissbukk, slik signala var i vår. Foto: J.T. Solheim.

Signal frå DN tidlegare i vår bar bod om tidlegare hjortejakt, men at tidlegjakta berre skulle gjelde ungbukk. No har DN falle ned på ei noko anna løysing, og gjer framlegg om generell jaktstart for alle typar dyr frå 1. september. I tillegg ønskjer DN at den generelle jakttida går fram til 23. desember, slik det har vore praktisert i mange hjortekommunar i fleire år allereie.

DN grunngjev tidlegare jaktstart med den store veksten i hjortebestanden, og at hjortemerkeprosjekt har vist at hausttrekka ofte startar så tidleg som rundt 10. september. Det har i praksis betydd at mange terreng har vore i ferd med å tømmast for dyr før jakta kjem i gang.

Signala om å opne for fri avskyting av kalv er også med i DN sitt endelege framlegg. For store vald vil det bli høve til å søkje dei respektive fylkeskommunane om rett til fri avskyting av hjortekalv.

Kommunar er blant dei som skal høyrast om dei nye jakttidsforslaga, og dei har frist fram til 15. september i år. Fylkeskommunane skal oppsummere kommunane sine svar og sende desse, samt eigne vurderingar til DN innan 15. oktober. Denne datoen gjeld også som frist for øvrige høyringsinstansar, t.d. organisasjonar.

Du kan lese heile innstillinga frå DN her.