– Lokal viltforvaltning fungerer

Tre av fire kommunale viltforvaltarar i hjortefylke nummer ein, Sogn og Fjordane,  opplever konflikt og strid rundt hjorten i det daglege arbeidet sitt. Men trass i dels høg temperatur er konklusjonen likevel positiv: Forvaltninga av hjorten er på rett veg og strategien med å gjere viltforvaltninga lokal har vore eit klokt vegval.

Hjorteforvaltninga er på rett vegTala og konklusjonane kjem fram i den nyaste rapporten til Norsk Hjortesenter, ”Kommunal viltforvaltning i Sogn og Fjordane: status og utfordringar”.  Her har alle fylkets viltforvaltarar svart på spørsmål og teikna eit bilete av korles dei opplever dagens situasjon. Svara frå forvaltarane tyder på at grunneigarstyrt forvaltning gjennom bestandsplanlegging har positive ringverknader på avskytinga av hjort. Kommunar som har stor andel bestandsplanområde innanfor sine grenser har nemleg høgare fellingsprosent og klarar å ta ut ein større del med ungdyr.

– Dette er enkle kriterium som likevel kan seie mykje om avskytinga og jaktforvaltni ga i kommunane, seier FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter, Stein Joar Hegland, som står som forfattar av rapporten.

Han meiner undersøkinga viser at grunneigarstyrt forvaltning fungerer godt, sannsynlegvis fordi det ansvarleggjer rettshavarane i forhold til den ressursen dei forvaltar.

– Berre 1/3 av hjortevalda i fylket styrer etter ein bestandsplan enno, men desse dekkjer tross alt omlag 2/3 av jaktarealet i Sogn og Fjordane, konstaterer Hegland.

Konfliktar skapt av  hjortens bruk av landskap i forhold til landbruk og samferdsle er utbreidd i Sogn og Fjordane. Tre av fire viltforvaltarar opplever konfliktar og motstridande interesser i samband med jobben sin, medan ein fjerdepart ikkje opplever forvaltningsjobben sin som konfliktfylt.

For mykje dyr?

– Eit stort fleirtal av dei som opplever strid, meiner konfliktane botnar i at det er for mykje hjort i terrenga, seier Hegland.

– Det kan vere mykje sant i dette, men sidan det alt for 50 år sidan var mykje hjorteskadar så er det naivt å tru at ein kan løyse problemet berre ved auka kvotane og avskytinga, påpeiker Hegland.

FoU-leiaren trur alle må gjera sine tiltak for å redusera  arealbrukskonfliktar.

– På kommunalt nivå kan viltforvaltarane gjerne ta eit krafttak saman med høvesvis jord- og skogbruket og vegstyremaktene for å finna gode avbøtande tiltak, oppmodar Hegland.

Plantanken manglar
Mindre enn 40 prosent av kommunane i fylket har ein plan eller retningsliner for hjorteforvaltninga si. Dette kan bety at viltforvaltninga er lite ankra i lokaldemokratiet, sjølv om dette er eit tema som engasjerar folk i fylket. Viltforvaltarane deltek også jamt over lite i den kommunale arealplanlegginga.

– Arealplanlegging er viktig då viltet nyttar heile landskapet, men kan ha preferansar for dei same områda som vi folk vil utnytte til vegar, industri og busetnad. Arealbrukskonfliktar med viltet i ettertid kan ofte kome av at det ikkje er teke omsyn til kunnskap om viltet i eit landskapsperspektiv. Manglande planfokus kan kome av at mange viltforvaltarane i fylket er landbruksutdanna og at deira fokus på hjorten er annleis enn dei som har plankompetanse eller kunnskap om landskapsøkologi, trur Hegland.