Kan bli kvotefri kalvejakt

Fri avskyting av hjortekalv på terreng av ein viss storleik, og tidlegare jaktstart for spissbukk. Det er nokre av forslaga som Direktoratet for Naturforvaltning har på arbeidsblokka når dei sender framlegg til ny hjorteviltforskrift ut på høyring over påske.

 

 

hjortekalvDirektoratet for Naturforvaltning (DN) jobbar for tida med framlegg til ny hjorteviltforskrift, og med nye jakt- og fangsttider for perioden 2012 til 2017. Og ut frå det DN presenterte under hjorteviltkonferansen på Hafjell denne veka, det er særleg hjortejegerane som kan forvente seg endringar. Medan DN ikkje vil føreslå endringar i jakttid korkje for villrein, rådyr  eller elg, kan hjortejegerane kanskje bu seg på å starte jakta si endå tidlegare.

–    Vi vurderer å opne for tidlegare jakt på hanndyr, fortrinnsvis spissbukk. Men vi har ikkje konkludert om dette skal med i høyringa og vi er lydhøyre for alle innspel og forslag, fortalde prosjektleiar i viltseksjonen til DN si artsavdeling, Erik Lund.

I tillegg til mogleg tidlegjakt på spissbukk, meiner DN det kan vere eit effektivt grep å opne opp for tyngre beskatning av hjortekalvar for å halde den veksande hjortebestanden i sjakk. Det kan i så fall skje gjennom kvotefri jakt på hjortekalvar. Men det betyr ikkje at at samtlege grunneigarar og jaktlag i landet kan skyte alt dei ser av kalv.

–    Det blir fylkeskommunane som må gi løyve. Løyva blir mellombelse, og det må føreligge bestandsplanar som  omfattar areal av ein storleik på minst 50 gonger minstearealet, var Lund sitt framlegg.

At DN ønskjer å styrkje bestandsplanarbeidet, kom tydeleg fram under Lund sitt innlegg på hjorteviltseminaret. Eit forslag om å ta bort retten til å få tildelt såkalla frie dyr for vald som ikkje har utarbeidd ein bestandsplan, kan bli eit høyringsframlegg frå direktoratet. Målet er å trigge til meir grunneigarsamarbeid, i erkjenninga av at hjorten trekkjer, nyttar store område og må forvaltast i eit større perspektiv.

Det aller meste tyder på at utvidinga av hjortejakta fram til jul, blir lagt inn i dei nye forskriftene for jakt- og fangsttider for neste femårsperiode. Dette er allereie praksis for eit stort fleirtal av hjortekommunane på Vestlandet.

DN lufta også tanken om å gjere bruken av hjorteviltregisteret obligatorisk. Sjølv om oppslutninga frå kommunane etter kvart er god, er det framleis somme som står utanfor, noko som naturleg nok svekkjer bruksverdien av verktøyet for alle. Ny funksjonalitet og oppgradering av dette registreringsverktøyet skal snart vere klart.

DN sitt høyringsframlegg om jaktforskrift for hjortevilt og nye jakttidsrammer vil vere klart like over påske. Det blir ei offentleg høyring der jegerorganisasjonar, friluftsorganisasjonar, kommunar, fylkeskommunar, grunneigarar og andre privatpersonar kan kome med innspel.