Stor pågang for å bli feltkontrollørar

Interessa for å utdanne seg som godkjent feltkontrollør for hjortevilt, har vore formidabel etter at Norsk Hjortesenter melde at dei første kursa her i fylket var under planlegging.

25. mai går startskotet i Førde, og 120 jegerar har allereie teikna seg for kurs.

 

– Vi visste at det ville vere interesse for feltkontrollør-kurs. Men pågangen har overraska oss alle, seier leiar av Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Få dagar etter at Norsk Hjortesenter (SNH) kunngjorde nyhenda om at ein avtale om å halde kursa for vestlandsfylka var inngått med Skogbrukets Kursinstitutt (SKI), byrja påmeldingane å tikke inn. SNH såg raskt at skulle det mone, måtte ein leggje kursa til fasilitetar som kan romme ein god del folk.

– Det første kurset blir på Rica Sunnfjord Hotel 25. mai, og vi har plass til 100 deltakarar. Dei 120 som alt har meldt seg før tid og stad var fastlagt, vil få tilbodet først. Målet vårt er å halde to-tre kurs til innan sommarferien, men når og kvar er ikkje bestemt enno. Jegerar som er interesserte må halde fram å melde seg, så blir dei kontakta fortløpande,  seier Solheim, som opp gjennom åra har sett mykje underleg kjøtbehandling i felten.

– Det er mykje praksis ute på slakteplassane som kan bli betre. Ofte er det små detaljar som kan endrast og som får stor betydning for kvaliteten på slaktet, og slike ting vil det bli sett fokus på under kurset, seier hjortesenterleiaren.

Kurset, som er eit eindags teorikurs, vil bli gjennomført av instruktørar frå Norsk Hjortesenter og representantar frå Mattilsynet. Norsk Hjortesenter har også ambisjonar om å tilby deltakarane eit påbygningskurs i etterkant, der ein får prøvd ut teorien ein lærer i praksis.

Slike kurs vil bli annonsert her på Norsk Hjortesenter sine nettsider etter kvart som datoar blir fastsette, så følg med.

– Målet vårt er at feltkontrollørane vil gi betra tilgang på hjortekjøt for alle. Samtidig vil den nye ordninga ansvarleggjere jegerane og feltkontrollørane langt meir enn i dag. Slurv med kontrollen kan gi hjortkjøt ut i marknaden som ikkje er eigna som menneskemat, og det vil undergrave den nye ordninga. Det må vi sørge for å unngå, seier Johan Trygve Solheim.

Ønskjer du meir informasjon om feltkontrollørkursa, eller vil melde deg på, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på epostadressa hjort@svanoy.com.

 

FAKTA FELTKONTROLLØR

 

* Med virkning fra 1. mars 2010 ble den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført. Også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.