Høge fjell og brear i ryggen. Lyngrabbar, fjøresteinar og ope hav framfor deg. Ein hjortepost på Svanøy er ei oppleving utanom det vanlege for jegerar som ønskjer å prøve Svanøy-jakta.
Svanøy er meir enn hjorteoppdrett. Gjennom godt samarbeid på øya kan Norsk Hjortesenter tilby guida hjortejakt på heile Svanøy. I variert kulturlandskap og spennande skogsterreng blir dei fleste hjortejaktformer praktisert, inkludert jakt med drivande hundar.
Guidinga blir utført av tilsette ved Norsk Hjortesenter, som har god fagleg kunnskap om både hjortens åtferd og ulike jaktmetodar, og såleis kan jakta eigne seg svært godt for ferske jegerar utan brei erfaring. Jaktsesongen strekkjer seg frå jaktstart 1. september og til 23. desember.
Dei siste åra har det blitt bygt 16 jakttårn på nøkkel-lokalitetar. Dette aukar både tryggleiken til jegerane og sjansane til å både sjå og skyte hjort, anten ein vil skyte med rifle eller fotoapparat. Og fleire tårn skal settast opp kvart år framover.
Svanøy har ein nøye forvalta og livskraftig hjortebestand, med eit innslag av vaksne bukkar høgare enn gjennomsnittet. Det blir felt opp mot 30 dyr årleg, og vi er restriktive med å felle bukk. Vi har ei målsetjing om å auke bukkeandelen til over 50 prosent, og med snittalder meir enn fem år. Eit slikt forvaltningsmål tek tid å nå, men vi er på god veg.
Å jakte hjort på Svanøy inkluderer retten til å felle dyr, guiding, ettersøkshund, lunsj og overnatting. Innlosjeringen er ved Svanøy Hovedgård eller det såkalla Meieriet (avhenger av antall jegere). Ønsker du servering av herregårdsmiddag i historiske omgivelser er det også mulig! Servering organiseres gjennom våre samarbeidspartere Bistro To Kokker (forutsetter minst 10 deltagere).
På oppmøte før jaktstart blir det gitt føringar på kva type dyr som kan fellast, ut frå kva som er tilgjengeleg av kvoten. Det må og avlegges prøveskudd på blink for å sjekke at rifla går som den skal. Norsk Hjortesenter har også tilgang til andre jaktterreng i området, og ved jakt over fleire dagar kan det bli jakta i fleire forskjellige terreng.
Jegeren har førsterett til kjøp av eige felt dyr. For heile slakt er prisen kr. 100,- per kilo. Ønskjer ein viltkjøtet levert ferdig partert og mørna, kan det ettersendast til kundens adresse. Prisen er då kr 150,- per kilo, basert på vekt av heilt slakt (om lag ti prosent svinn ved mørning og partering). Frakt kjem i tillegg. Dersom jegeren vomskyter ett dyr må jegerne kjøpe dette slaktet, og det må påregnes mer svinn på grunn av forurenset kjøtt som må skjæres bort.
Ønskjer jegerar å kjøpe anna hjortekjøt, sjå tilboda i nettbutikken vår. Vi tilbyr også garving av hjorteskinn frå dyr jegerane sjølv feller, samt bearbeiding og montering av trofé. Vi formidlar også utstopping i samarbeid med dyktige taxidermistar med stor erfaring på utstopping av hjort.
Dersom det er aktulet å skyte eldre bukker blir pris avtalt på forhånd. I utgangspunktet felles bare mindre bukker (spissbukk og inntil 3 greinere), men år om annet er det aktueuelt å felle såkalte returbukker. Her vil jakten alltid foregå med guide og trofeet blir hengende på Norsk Hjortesenter. Dersom jegeren ønsker å løse ut et slikt trofe er prisen fra kroner 50.000,- Det samme gjelder dersom en jeger feller eldre bukk uten sæskilt tillatelse eller guide. Jegeren får heller ikke beholde trofeet. På den annen side er sjansene for å få sjå nokre av dei store flotte bukkane under jakta særs gode. De har en viktig funksjon i hjorteskogen, og er flotte bare å få studere i all sin prakt. Særlig i brunsten i siste halvdel av oktober.
Vi kan og tilby eksklusiv fotojakt heile året, og dette kan være særleg spanande i brunsten med ein til ein-guiding. Normalt er brunstperioden på sitt mest intense fra medio til slutten av oktober. Ønskjer du tilbod eller meir informasjon om hjortejakt på Svanøy, ta kontakt på hjort@hjortesenteret.no eller ring oss på følgjande telefonnummer:
+ 47 57 75 21 80
+ 47 95 94 27 74
Legg igjen melding dersom du ikke får svar!
Tips og hugseliste til jegerar som kjem til Svanøy:
Utover våpen og vanleg jaktutstyr må du ta med:
– Våpenkort
– Jegeravgiftskort
– Godkjent skyteprøve for storvilt
I tillegg er det viktig å ha med:
– Regntøy og varme klede
– Gode sko
– Ein god handkikkert
– God sekk for eige utstyr (niste, termos, osv).
Alle prisar er oppgjevne inkl MVA.
Slik kjem du til Svanøy:
Florø er nærmaste by og kommunikasjonane til byen kan skje med fly (www.dat.dk fra Stavanger og www.wideroe.no fra Oslo og Bergen), buss (www.firdabillag.no), ekspressbåt (www.fjord1.no) eller Hurtigruta (www.hurtigruten.no). For dei som køyrer eigen bil til Florø følgjer du berre RV 5, som endar på kaia der hurtigbåtane går frå.
Fra Florø går det rutebåter til Svanøy. Alle avgangar er bilførande, men du må bestille plass til bilen for å vere sikker på å komme med. Ring da nummer 57 75 72 00 og oppgi tidspunkt, mobilnummer og navn. Noen ganger krever de også regitreringsnummer på bilen. Rutehefte kan du laste ned frå nettet. Ved spesielle behov er det mulig å leige egen skyssbåt/taxibåt fra Florø til Svanøy. Kontakt oss for mer informasjon.