Splitta innstilling frå nattjaktutvalet

 Eit fleirtal i nattjaktutvalet seier nei til å innføre strengare regelverk for korleis jakt kan utøvast under dårlege lysforhold. No blir det opp til utvalets oppdragsgjevar, Direktoratet for Naturforvaltning (DN), å avgjere om dei vil lytte til fleirtalet.

 


Ifølgje Norges Jeger og Fiskerforbund sin nettportal har nattjakutvalet etter to års arbeid enda med å levere ei delt innstilling til oppdragsgjevaren sin, DN. Fleirtalet i gruppa finn ikkje fagleg grunnlag for å lage innstrammingar i lovverket når det gjeld nattjakt på hjortevilt. Eit mindretal beståande av to DN-representantar har teke dissens, og ønskte jaktforbod ein time etter solnedgang og to timar før soloppgang, men at det skulle vere lov å jakte natta rundt fire dagar før og etter fullmåne.

I tillegg til å vurdere hjorteviltjakt i den mørke delen av døgnet har gruppa også sett på bruken av kunstig lys ved avliving av vilt (ettersøk) og kome med endringsframlegg for ettersøk av skadeskoten sjøfugl. Fleirtalet i utvalet tilrår at det blir opna for bruk av lys på ettersøk, og at det blir lov å bruke motorisert båt under ettersøk på skadeskoten sjøfugl.

Fleirtalet i nattjaktutvalet ser også behov for betre informasjon til norske jegerar om kvar grensene går for human og sikker jakt. Dei tilrår difor at DN utarbeider ein ny ”Ver Varsam-plakat” til jegerane, og at denne blir laga i samarbeid med jegerorganisasjonane.

Det er verd å merke seg at Statens Naturoppsyn (SNO), som er underlagt Direktoratet for Naturforvaltning, har enda på fleirtalsinnstillinga og dermed kome til motsett konklusjon av DN sine utvalsmedlemmer i saka.

Les meir om nattjaktutvalet si innstilling på www.njff.no.