Følg hjorten frå skogen til gryta

12. januar på TV2 kan du følgje ein hjort frå skogen og heilt ned i grytene til kjendiskokk og matspaltist Andreas Viestad.

Med god hjelp frå Norsk Hjortesenter, blei innspelinga av TV2 sin nye storsatsing «En bit av Norge» ein skikkeleg suksess då hjortekjøt stod på menyen for matspaltist og kjendiskokk Andreas Viestad.

Innspelinga blei sjølvsagt lagt til hjortefylke nummer ein, og på Kaupanger venta Stein Joar Hegland frå Hjortesenteret sitt Sogndals-kontor. I tett samarbeid med Kaupanger Hovedgård, eit av Norges største rettshavarar innan hjortejakt, blei det både ekte smygjakt med felling av hjort og ingrediensar til matlaginga.

Stein Joar Hegland frå Hjortesenteret sikra at  kvaliteten på både jaktformidling og behandling av råvarer skulle vera av toppkvalitet. Christen Knagenhjelm frå Kaupanger Hovedgård utførte modning, finpartering og pakking av kjøtet som blei brukt, før det hamna i grytene til Viestad.

Her kan du lese om denne programserien på TV2 sine nettsider.
Er du på jakt etter ei bok med oppskrifter på bruk av hjortekjøtt kan du bestille boka «Hjort fra Hale til Hode» fra vår nettbutikk. Du kan også bestille hjortekjøtt her!