Modul 1: Årsrapport
Ferdig utarbeidd presentasjon for kommunane til utsending som informasjon til vald og jaktfelt. Presentasjonen går gjennom Sett hjort, slaktevekter og fellingstal for siste 5 eller10 år med vurderingar og tilrådingar utifrå dette. Presentasjonen inneheld og generell informasjon om Sett hjort registrering for å motivere til oppslutning om dette. Anna informasjon kommunane ynskjer å formidle til vald og jaktfelt kan og takast med i presentasjonen.

Årsrapporten vert levert ferdig trykt i 50 eks og som pdf samt ein Powerpoint presentasjon med alle figurar og tabellar.

Eksempel på årsrapport finner du her (Vågsøy 2015):

rsrapport_v__g" style="width: 1020px; height: 721px;" class="issuuembed">

  • Pris per år kr 20.000,- + mva
  • Pris for avtale for 3 år kroner 50.000,- + mva

 

Modul 2: Kompetanseavtale
Avtala inneber Årsrapport samt at kommunen kan konsultere Hjortesenteret i høve faglege spørsmål og utfordringar samt 1 fagforedrag om relevant emne i høve hjorteviltforvaltning. Kommunen står fritt til å velje emne og anledning for foredraget.

  • Total pris kr 35.000,- + mva

 

Modul 3: Forvaltningsavtale
Avtala omfattar det som inngår i modul 1 og 2 samt at Hjortesenteret utfører saksutgreiing i høve viltforvaltning for kommunane som m.o.a.:

  • Framlegg til kommunale mål
  • Godkjenning av vald og bestandsplanområde
  • Godkjenning av bestandsplanar
  • Tildeling av fellingsløyver
  • Registrering av fellingsrapportar og Sett hjort
  • Skadefellingsløyve

Fast pris for det som inngår i modul 1 og 2 medan saksutgreiing og anna arbeid vert fakturert pr medgått time med kr 850 + mva

Ta kontakt med ansvarlig for viltforvaltning Magnus Frøyen for en prat om hva Norsk Hjortesenter kan bidra med til din kommune, ditt storvald eller grunneierlag.