Sidesti - Hjem - Om oss - Fakta om hjort

Fakta om hjort

Hjort (Cervus elaphus)

- Karaktertrekk, vekst og utvikling.

Hjorten er vanleg utbreidd over store delar av Europa og Nord-Amerika. Norsk hjort (Cervus elaphus atlanticus) er ein av mange underartar. Utbreiingsområdet til den norske hjorten dekkjer Sør-Norge opp til Nord-Trøndeleg, med unntak av nokre få kommunar.

Pels og farge

Eit typisk kjenneteikn hos hjorten er den mørke hårstripa frå nakken og langs heile ryggen. Denne synest tydeleg både i den raudbrune sommarpelsen, og i den meir gråbrune vinterpelsen. Innsida og baksida av låra har eit lysare hårlag, og dette utgjer det karakteristiske speilet. Blir dyra skremt eller advart vert desse håra ofte sperra, og den lyse overflata gir skarp kontrast mot den øvrige pelsen.

Til forskjell frå dei vaksne, har nyfødte kalvar lyse prikkar på ryggen og langs sidene. Flekkane forsvinn gjerne utover sommaren, men hos enkelte kalvar kan dei sjåast gjennom heile vinteren.

Kolla går drektig i snaut åtte månader (ca. 230 dagar) og får vanlegvis ein kalv kvart år. Kalving skjer i månadsskiftet mai-juni og ved fødsel veg kalven 8-10 kilo. Dei tre-fire første vekene er den næringsrike morsmjølka heilt avgjerande for kalven. I denne perioden legg han på seg gjennomsnittleg 500-600 gram pr. dag og etter tre til fire månadar er fødselsvekta femdobla.

Mesteparten av dei unge bukkane vert kjønnsmodne som eit og eit halvt åringar. Blant kollene kan denne andelen varierer noko meir. Kjønnsmodning er nært relatert til kroppsvekt, og dyr med gode vekstforhold aukar sjansane for kjønnsmodning ved ung alder. I løpet av sin tredje haust, vil derimot nær 100 % av kollene kome i brunst og verte befrukta.

Kollene når full storleik omkring fem års alder og veg då mellom 80 og 120 kilo levandevekt. Skulderhøgda og kroppslengd frå snute til halerot er henholdsvis ca. 100-120 og 170-190 cm. Bukkane vert større enn hodyra og har ein lengre vekstperiode. Først ved seks til åtte års alder når dei full kroppsstorleik på opp mot 235 kilo. Skulderhøgd og kroppslengd for ein vaksen bukk er omkring 120-140 og 210-230 cm. Den eldste viltlevande hannhjorten ein kjenner til i Norge, vart 20 år, medan eldste hodyr tilsvarande blei 25 år. Høg alder resulterer gjerne i redusert kroppsvekt og nedsett reproduksjon, og få dyr vert eldre enn 10-12 år. Houdsakeleg grunna jakt.

Gevir

Berre hanndyra utviklar gevir. Geviret er viktig både for individa sin sosiale status og som våpen i kampar bukkane imellom. Det veks fram frå to vekstsenter (rosenkransar) på hovudet. I vekstperioden er geviret omgitt av eit hudlag (basthuda). Basten inneheld eit rikt nettverk med nerveceller og blodårer, og sørger på denne måten for vern og tilførsel av næringsstoff i vekstperioden. Når geviret er vakse ferdig, tørkar basthuda ut og vert fjerna ved at bukken feiar geviret mot tre og busker. Hjorten ber geviret gjennom heile vinteren, og kastar det først i april-mai. Kort tid etter at det gamle geviret er felt tek eit nytt til å vekse fram, og etter cirka fire månader er eit nytt fullvakse gevirsett på plass.

Det første gevirsettet vert utvikla ved eitt års alder. Dette består kun av to rette steng, og har gitt opphav til ungbukken sine mange tilnamn (spissbukk, stilk m.fl.). Med alderen får bukken større og kraftigare gevir, men det er ikkje slik mange trur, at hjorten får ein ny gevirtakk for kvart år. Dei største gevira vert utvikla ved sju til ti års alder, og kvar gevirstang har då vanlegvis mellom fem og sju takkar. Hannhjortar som er passert 10-12 år får gradvis dårlegare gevir, der både volummasse og antal gevirtakkar vert redusert. Slike bukkar vert gjerne kalla returbukkar.

- Atferd, aktivitetsmønster og leveområde

Aktivitets- og kvileperiodar

Mykje av hjorten si tid går med til å ete og drøvtygge. I sommarhalvåret er det vanleg med 4-6 beiteperiodar gjennom døgnet, medan dette antalet vert redusert til 2-3 i vinterhalvåret. Den mest aktive perioden er natta og skumringstimane om morgon og kveld. Det meste av beitinga skjer derfor i dette tidsrommet, medan store delar av dagen går med til kvile- og drøvtygging.

Sansar og leveområde

Hjorten er eit typisk skogsdyr, og viser seg sjelden i ope terreng. Lukt og hørsel er såleis både dei viktigaste og best utvikla sansane. Nattsynet er også godt, men hjorten skil dårleg mellom fargar. Den kan derfor ha vanskeleg for å oppdage ein urørleg person, så lenge lukt eller lyd ikkje avslører vedkomande.

Medan enkelte hjortar er stasjonære gjennom heile året, kan delar av bestanden ha kortare eller lengre vandringar mellom sommar- og vintertilhaldsområda. Eit vanleg mønster er at dyra overvintrar i kystnære låglandsstrok med relativt milde og snøfattige vintrar, og flyttar etter snøsmeltinga oppover og innover i landet når våren kjem. Under dette vårtrekket kan ein mange stadar sjå store flokkar med hjort som beiter den første groen på innmarka.                         

Sosiale band

Den første tida etter fødsel ligg kalven mykje og trykkjer medan mora held seg i nærområdet. I denne perioden oppsøker kolla kalven berre i korte periodar for å die. Kalven veks raskt, og etter ei vekes tid er han sterk nok til å følge mora. Frå no av er dei sjeldan langt frå einannan, og kalven lærer matvaner og atferdsmønster, som vil prege han resten av livet. For hannkalvar varer dette nære bandet omlag fram til to års alder. Hokalvar kan derimot halde seg saman med mødrene sine i fleire år, og utgjer på denne måten faste grupper av nært beslekta individ. Dei unge bukkane finn seg vanlegvis nye tilhaldsstadar utanfor mora sitt leveområde. Saman med andre bukkar kan dei halde saman i små grupper for ein kortare eller lengre periode. På denne måten held koller og bukkar seg skild frå kvarandre gjennom det meste av året.

Brunsttid

I slutten av september startar den årlege parringstida (brunsten). Samtidig som bukkane blir meir aggressive mot kvarandre tek dei no til å oppsøke kollene sine tilhaldsstadar. Hjorten er polygam. Dette tyder at ein hann kan pare seg med fleire hodyr same sesong, og det finst såleis ingen faste parbindingsforhold mellom bukkar og koller i parringstida. Når brunsten er på sitt mest intense, brukar dei vaksne hannane derfor all si tid og energi på å samle og forsvare større eller mindre harem av koller og ungdyr. På grunn av sterkt redusert fôropptak og stor aktivitet under brunsten, kan bukkane ha eit vekttap på oppmot 30 % av si opprinnelege kroppsvekt. I denne perioden kan ein også høyre bukkane brøle til kvarandre, og i møte mellom rivaliserande hannar kjem det tidvis til harde kampar der liv kan gå tapt.

Vinteren, eit nålauge

På seinsommaren og hausten kan hjorten legge seg opp betydelege feittlager. Dette er energireservar som dyra tærer på gjennom vinteren når mattilgangen vert knapp. Dei vaksne bukkane, som gjerne er sterkt avkrefta etter brunsten, får det no travelt med å kome til hektene igjen. Skal dei overleve vinteren må dei finne nok næring til å bygge opp nye feittreservar, noko som ikkje alltid er like lett seint på hausten.

For å klare seg gjennom vinteren reduserer hjorten både aktivitet og stoffskifte. På denne måten minkar energibehovet og opplagsnæringa varer lengre. Dyret er no innstilt på å klare seg gjennom dei komande månadane på minst mogleg energi. Dette er også grunnen til at hjorten vanskeleg legg på seg gjennom vinteren, sjølv om han får rikeleg tilgang på god føde f.eks. gjennom fôring.

- Habitat og fødeval

Kvantitet og kvalitet

Hjorten er klassifisert som ein så­kalla intermediærbeitar. Dette vil seie at den plasserer seg mellom dei artane som beiter mest selektivt, til dømes rådyret, og dei typiske grovfôrbeitarane, til dømes sau og storfe.

Generelt kan vi seie at hjorten vel ferske og saftige plantar framfor eldre, tørrare plantar. Våren er såleis ei fin tid for dyra; over alt spirer nye, grøne skot. I denne tidlege fasen vil svært mange artar vere attraktive, men mengdene av kvart slag er små. Hjorten beiter difor dei første spirene av mange ulike planter, i mange ulike vegetasjonstypar. Utover sommaren  blir det meir av kvart planteslag, medan proteininnhaldet etter kvart går ned. Hjorten sin naturlege respons på dette er å spesialisere dietten i noko større grad, og dei beste plantane blir mest beita. På ettersommaren og haustparten minkar tilgangen på gode beiteplantar, og menyen vert igjen meir variert.

Sommarmat

Dei undersøkjingane som er gjort i Norden syner at graminider (gras og halvgras) er den viktigaste plantegruppe sommarstid. Dei mest vanlege artane er smyle, kvein- og svingelartar og blåtopp. Ulike urter spelar og ei vesentleg rolle i sommardietten. På vårparten er kvitveis ein tydeleg favoritt. Elles blir artar som stormarimjelle, tepperot og gaukesyre mykje beita. Men, hjorten vel vanlegvis artar i tråd med tilbodet på staden.

Beiting av skot og lauv frå busker og tre er også svært viktig. Vanlege artar som blir beita er bjørk, hassel, rogn og selje, og av desse vel dyra rogn framfor bjørk og hassel.

Vinterfôr

Haust- og vinterdietten er prega av meir vedrik kost enn om sommaren. Dette skuldast både at fiberinnhaldet i gras og urter er høgt, men også at lyng, knuppar og kvist utgjer ein større del av fødemengda. Røsslyng og einer er to nøkkelartar. Desse vil ofte vere å finne heile vinteren, og blir mykje beita. Lyngartar som blåbær og tyttebær er populære beiteplantar så lenge snømengdene ikkje blir for store. Innimellom et hjorten òg ein del gras, men i små mengder.

Når snømengdene aukar, skjer ein større del av beitinga i busk- og tresjiktet. Her tek hjorten knoppar og skot av artar som rogn, osp og selje. Likeeins er skot frå bartre, særleg gran, viktig føde.

Barkgnaging kan hjorten drive med heile året, særleg på tre som er felt av hogst eller vind. Barkgnaging på ståande tre er imidlertid mest vanleg vinterstid. Særleg kan det gå hardt utover unge tre som har tynt og saftig barklag. Frukttre, rogn, selje, kristtorn, furu, gran er mellom dei mest utsette treslaga.

Sesongtrekk og habitat/leveområde

Sjølv om enkelte hjortar er stasjonære gjennom heile året, kan delar av bestanden ha kortare eller lengre vandringar mellom sommar- og vintertilhaldsområde. Dei typiske overvintringsområde ligg ofte i kystnære og snøfattige låglandsstrok. Sidan hjorten sin aktivitet er innstilt på energisparing om vinteren, har dyra behov for eit mykje mindre leveområde i denne tida enn om sommaren. Medan eit sommarområde kan vere opp mot 10 km2, treng eit leveområde om vinteren ikkje vere større enn 1 km2. Vinterbestanden av hjort kan derfor vere svært tett innan attraktive overvintringslokalitetar.

Samtidig med snøsmeltinga tek hjorten til å trekke mot sommartilhaldsstadane. I forhold til overvintringsområda, ligg desse ofte lenger inn i landet og opp mot fjellet i gras- og urterik lauvskog med rikeleg tilgang på både skjul og mat.

 

 


Besøke oss på Svanøy i 2017?

Mange ønsker å se de vakre hjortene og å ta selfier med dem. Vi har åpent for omvisning og busstransport på bestilling. Ta kontakt med oss på telefon 57752180 og avtale et besøk. Avtales senest én dag i forvegen. Det er også mulig å kjøpe ulike produkter av hjort.

Vi har iZettle

Kurskalender:

 

17. - 18. mars 2017:
Viltseminar med hjort i fokus, Førde

24. - 26. mars 2017:
Fotokurs med Oddleiv Apneseth, Svanøy

4. - 6. april 2017:

Kurs i oppdrett av hjortevilt, Svanøy

Har du spørsmål om kurs?
Mange kurs for 2017 er nå under planlegging, og du kan gjerne ta kontakt om du har spesielle ønsker:

Kursansvarlig: 95 94 27 74 (johan@svanoy.com)
Sentralbord: 57 75 21 80 (hjort@hjortesenteret.no)


 Direkte til påmelding alle
våre kurs her!



Filmer:

Her finner du lenker til filmer der ansatte ved Norsk Hjortesenter medvirker, eller filmer vi har laget sammen med andre. Blant annet kan du se "Med hjerte for Hjorten" fra NRK sin serie "Folk" og en rekke filmer fra engelske Fieldsport Channel TV.

Det er dessverre mange filmer som ikke lengre er tilgjengelige på nett. Blant annet Sommer Dag fra Svanøy med Olav Stedje (NRK 2001), Nordic Nosh (ITV Studios 2002), Den Vesle Dyrlegen (NRK) med flere. 

Her er likevel mye å velge i allerede. Og det kommer flere filmer i tiden fremover, og flere med fokus på blant annet partering og tilberedning av hjortevilt generelt og hjort spesielt.

Norge Rundt (2000):
Norge Rundt 225 x 126 0a1cc

Norske Kysten (2010):
Norsk Kysten 225 x 126 cf8f4

Med hjerte for hjorten (2014):
Folk NRK 225 x 126

Reinsjakt i Nordfjella (2015):
Fieldsport 1 reinsjakt episode 1 225 x 126 

Partering av reinsdyr (2015):
Fieldsport 2 reinsjakt episode 2 225 x 126

Reinstestikler (2015):
Fieldsport 3 reinsjakt episode 3 225 x 126

Elgjakt på Finnskogen (2015):
Fieldsport 4 elgjakt Maarud Gaard 225 x 126

Vomming av villhjort, Svanøy (2015):
Fieldsport 5 hjortejakt med vomming Svan y 1 225 x 126

Seljakt (Havert), Svanøy (2016):
Fieldsport 6 seljakt 225 x 126 5f142

Chinese Water Deer, England (2017):
Fieldsport 7 CWD dobbel 225 x 126 48f5e

Partering 1, Villmarksmessa i Etne:
Partering av hjort 226 x 169 9618b

Partering 2, Villmarksmessa i Etne:
Partering av hjort 226 x 169 9618b


Bli med på hjortejakt:


Hjortejakta for 2016 ble avsluttet 23. desember. Ny sesong starter 1. september 2017, og jakta er under planlegging. Det settes til vanlig opp 4 jakthelger - en hver måned. Kalenderen kommer her.

Det er også mulig å be om tilbud på eget opplegg i hele neste jaktsesongen 1.09. - 23.12.2017.

Har du spørsmål om hjortejakt?


Jaktleder: 95 94 27 74 (johan@svanoy.com)
Sentralbord: 57 75 21 80 (hjort@hjortesenteret.no)

Følg oss på facebook

facebook-115px

Årsrapporter fra Hjortesenteret


Årsrapport 2014

Årsrapport 2015 (foreløpig)



Hjorteviltportalen

Hjortevilt - Logo 225 x 113

Hjort i media

Våre sentrale støttespillere

lmd no 225 x 38
Mdir logo hoved pos RGB 225 x 225