Kurs i feltkontroll av hjortevilt.

Jakt etter Sikahjort i Skottland 2009 der ordningen med feltkontroll av hjortevilt har fungert i mange år. Norge fikk denne ordningen fra og med 2010 – foto (c) Johan Trygve Solheim

Kurs i feltkontroll av hjortevilt i regi av Norsk Hjortesenter set jegerar og jaktvald i stand til å selje kjøt av hjortevilt til lokal detaljist (restaurantar og butikkar) og privatpersonar.

Oversikt over all planlagte kurs og arrangement i vår regi finner du her!

Feltkontrollørkurset er i utgangspunktet eit dagskurs beståande av kun teori, basert på ein omforeint bransjestandard Mattilsynet har gitt si tilslutning til. Men Norsk Hjortesenter har og tilbud om utvida kurset med ein praktisk del, og søker å legge alle feltkontrollørkursa opp mot kurs i slakting og partering.

– Vi vil tilby minst ein ekstra dag der kursdeltakarane får prøve seg på slakting og partering, for å styrkje fokuset på dei viktige hygieneprinsippa som må ligge i botn for å oppnå eit kvalitetsmessig godt produkt, seier Solheim.

– Det finst om lag 5000 valdsansvarlege i vestlandsfylka. Målet må vere at alle vald har ein godkjent feltkontrollør i sine rekkjer, seier Johan Trygve Solheim, som peikar på at kursa også har ein annan viktig funksjon:

– Dette vil gjere det flotte hjortekjøtet tilgjengeleg for fleire, seier Solheim.

Etter fleire år med gjennomføring av kurs er tilbakemeldingane gode. Flere viltmottak som Norsk Hjortesenter har kontakt med, konstaterer at kvaliteten på slakta dei får inn har betra seg allereie i første jaktsesong, og at prosentandelen av avviste viltslakt på grunn av dårleg hygiene og slaktepraksis har gått ned. Og mange kokkar som driv restaurant kan skilte med norsk vill hjort på menyen!

Ønskjer du meir informasjon om feltkontrollørkurset eller vil førehandsmelde kursinteresse, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på hjort@hjortesenteret.no

FAKTA FELTKONTROLLØRORDNINGA

  • Med virkning fra 1. mars 2010 ble den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført. Også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning. Norsk Hjortesenter og Matnavet på Mære stiller seg bak standarden.
  • Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.
  • For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.
  • På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.

 

FØREDRAG FRÅ FELTKONTROLLØRKURS:

Bakgrunn og formål med kurset

Regelverket

Ante og Post Mortem

Sjukdomar hos hjortevilt i Norge

Hygiene og mikrobiologi

Praktisk kjøthygiene og kjøthandtering

Kjøttkvalitet

Eldre skader på hjortevilt

Miljøgifter

Gjennomgang bransjestandard og rutiner ved feltkontroll

 

RELEVANTE NETTSIDER:

Veterinærinstituttet om viltsykdommer

 

VIKTIGE DOKUMENTER:

Kompendium fra Mattilsynet

Bransjestandard

Feltskjema revidert!

Samleskjema

 

 

Alle som har fullført kurs i regi av Norsk Hjortesenter får kursbevis i form av et plastkort med feltkontrollør ID mm – foto (c) Johan Trygve Solheim