Dåhjort (Dama dama)

– Karaktertrekk, vekst og utvikling.

Dåhjorten, også kalt dådyr, tilhøyrer hjortefamilien. Hanndyra kallast dåbukk og hodyra dåhind eller då. Den er naturleg utbreidd i Sør-Europa ved Middelhavet, men er gjennom utsetting spreidd til 6 kontinent. I Norge er det en vill bestand på øya Hankø i Østfold, og enkeltindivider er observert i flere områder øst for Glomma.

Pels og farge

Ingen av dei andre hjortedyrartane kan vise til så mange fargevariantar som dåhjorten. Fargen kan variere frå kvit til nesten heilt svart, men den vanlegaste formen har lys brune/raudlege kroppssider med lyse flekkar og lysare einsfarga buk og bein. Bakre og øvre del av låra er dekka av kvite hår og utgjer det såkalla speilet. Dette feltet er kanta med mørkebrune eller svarte hår. Vinterpelsen er generelt noko mørkare enn sommarpelsen, og er oftast utan dei karakteristiske lyse flekkane.

Flokk dåhjort ved Norsk Hjortesenter på Svanøy – foto (c) Johan Trygve Solheim

Vekst og utvikling

Etter å ha gått drektig i snaue åtte månader, kalvar dåhinda i månadsskiftet juni-juli. Tvillingfødslar kan forekome, men vanlegvis føder ei då berre ein kalv med ei fødselsvekt på omkring 4 kilo.

Både ho- og hanndyr vert vanlegvis kjønnsmodne ved 1½ års alder. Som treåring er dåhinda fullvaksen og veg mellom 40 og 65 kilo. Bukkane er fullvaksne først ved fem års alder og veg då mellom 80 og 120 kilo. Skulderhøgd på vaksne dyr ligg mellom 75-105 cm og kroppslengde på 130-175 cm. Bukkane ligg i det øvre skiktet av skalaen og hindene i det nedre. Dåhjorten vert vanlegvis ikkje meir enn 10-12 år, men enkelte individ kan bli godt over 20 år. Høg alder resulterer gjerne i redusert kroppsvekt og nedsett reproduksjon.

Gevir

Som hos dei fleste andre hjortedyrartane er det berre hanndyra som får gevir. Geviret er viktig både for individa sin sosiale status og som våpen i kampar bukkane imellom. Det første settet veks fram ved eit års alder, og er berre to rette stenger utan forgreiningar. Bukkane ber geviret gjennom heile vinteren, og feller det først i april-mai. Snart etter tek eit nytt sett til å vekse fram. Under veksten er geviret omgitt av eit mørkt hudlag (basten). Basten inneheld eit rikt nettverk med nerveceller og blodårer, og sørger på denne måten for vern og tilførsel av næringsstoff i vekstperioden. Mot slutten av august og starten av september er det nye geviret ferdigvakse. Basten tørkar no ut og vert feia av dei harde gevirstengene.

Dåhjorten sitt gevir særmerker seg med at øvre del på kvar side formar ei forgreina plate, såkalla palmeatgevir. Både utstrekning på geviret og storleiken på plata aukar med alder.

Dåhjortens gevir er palmat eller sovelformet – foto (c) Johan Trygve Solhiem

– Atferd, aktivitetsmønster og leveområde.

Aktivitetsmønster

Dåhjorten er dagaktiv. Mesteparten av aktiviteten er knytt til beiting, som foregår meir eller mindre jamnt frå tidleg morgon til skumring. Resten av døgnet går med til hjorting (drøvtygging) og kvile. Vinterstid er stoffskiftet kraftig redusert, og aktiviteten tilsvarande nedsett. Kulde og mindre tilgang til næring gjer at den går på sparebluss, og kun dekkjer det mest nødvendige energibehovet. Med si naturlege utbreiing i sørlegare strøk er dåhjorten dessutan dårleg tilpassa store snømengder. Mykje snø fører til redusert tilgang til gras og den blir tvinga til å beite på tre og busker.

Leveområde og sansar

Dåhjorten er eit flokkdyr hovudsakleg tilknytta kulturpåverka område i låglandet. Den er ein spesialisert grasetar, men vinterstid utgjer meir vedrik kost i skogen ein større del av dietten. Som ei tilpasning til eit liv i opne område er synet den viktigaste av sansane. Den kan, i motsetning til andre hjortedyr, gjenkjenne urørlege menneskeskikkelsar. Skumrings- og nattesynet er derimot dårlegare, og kan samanliknast med menneskesyn. Lukt og hørsel er mindre viktige i det opne landskapet dåhjorten foretrekk, og dermed dårlegare utvikla i forhold til andre dyreartar i nær slekt. Dåhjorten er dessutan svært stadbunden og då ofte i tilknytting til brunst- og kalvingsplassane.

Sosiale band

Kalven vert fødd i månadsskiftet juni/juli. Den første tida etter fødselen ligg den og trykkjer medan mora held seg i nærområdet. Kun i korte periodar oppsøker hinda kalven for å die. Kalven legg raskt på seg, og etter omlag ei veke følgjer han mora. Han held seg tett ved mora den første tida, men det førekjem og at kalven diar andre hinder. Mot hausten når brunsten nærmar seg kan kalvane gjerne bli overlatt til seg sjølve, og dei slår seg då saman i mindre kalvegrupper. Dette er og tilfelle året etter når hindene føder nye kalvar.

Gjennom mesteparten av året dannar voksne hinder, ungdyr og kalvar større familiegrupper. Voksne hanndyr held seg helst for seg sjølve i eigne flokkar.

To dåhjortkalver i stranda ved Kvalstad – foro (c) Johan Trygve Solheim

Brunsttid.

Når brunsten startar i oktober vandrar bukkane til hodyra sine opphaldsstader. Dei eldre bukkane etablerer eigne små brunstområder (ca. 1/5 hektar), og markerer desse med duft, feiemerker og brunstgroper. Dette området blir forsvart mot rivaler, samstundes som dei prøver å samle seg harem av hodyr som oppsøker brunstplassane. Dersom det kjem framande bukkar inn i eit brunstområde oppstår det konfrontasjon. Er det klar skilnad i storleik vil den minste bukken trekke seg unna ganske raskt, men er dei jamnstore kan det kome til kamp. Yngre bukkar forsvarar ikkje eigne brunstområde, og oppheld seg under brunsten i grupper saman med hodyra.

– Habitat og fødeval

Gras og grovfôr

Dåhjorten si primære føda gjennom heile året er ulike urter og grasartar i tråd med det naturlege tilbodet i leveområdet. Tilpassingar i fordøyingssystemet gjer at han kan nyttiggjere seg ein meir fiberrik kost enn til dømes hjort. Dåhjorten har klare preferansar for ulike grasartar. Typiske engartar, som raudsvingel, raigras og engrapp står høgt i kurs. Grovare grasartar, som hundegras, vert mindre beita, medan blåtopp, sølvbunke, starr- og dei fleste sivartane blir unngått.

Lauv og urter

Dåhjorten beiter ein del i rike skogtypar, som til dømes edellauvskog og lågurtskog. Her finst det ulike urter, som kan utgjere frå 5 til 25 % av sommardietten.

Beiting av lauv og skot er mest vanleg på vårparten, då dette plantematerialet er ferskt og næringsrikt. Selje, vier, rogn, bjørk og eik er vanlege beitetreslag, og slik føde kan utgjere oppmot ¼ av totalt fôropptak gjennom sommaren.

Dåhjorter (spissbukker 1,5 år gamle) som frotser i lauv av bjørk og rogn som ble stormfelt sommeren 2014 – foto (c) Johan Trygve Solheim

Haustsnadder

Dåhjorten er svært glad i frukt og nøtter. Dersom det er tilgjengeleg, er dette svært viktig føde på haust-parten. I gode år kan det dominere fullstendig. Særleg er nøtter frå eik og hassel ettertrakta. Sopp og bær av ulike slag vil også og kunne inngå i dietten på denne tida av året. Lauvfall er vanleg kost frå haustparten og utover vinteren.

Vinterfôr – meir vedrikt

Føda vinterstid er meir fiberrik enn gjennom resten av året. Lyngartar som blåbær-, tyttebær- og røsslyng er viktige tilskot i tillegg til det som finst av grasbeite. Barnåler frå einer, gran og furu samt knuppar og bork frå rogn, selje, vier og kristtorn kan også vere viktige tilskot til vinterkosten.

Leveområde og forflytting/vandring

Dåhjorten er eit flokkdyr, og sterkt bunden til brunst- og kalvingsplassane. Opne kulturlandskap med god tilgang på grasbeite er foretrukke som leveområde både vår og sommar. Skogen vert meir nytta som tilhaldsstad om hausten og vinteren. I forhold til mange andre hjortedyr, er dåhjorten nokså stasjonær gjennom heile året. Lengre sesongvandringar mellom ulike opphaldsområde er ikkje vanleg, men dette vil variere med fødetilgangen.