Bukkane mest skeptiske til terrengsykling

Terrengsykling er ein aktivitet som brer om seg. Nokre stader er det tilrettelagte løyper, mens andre stader kan det synes som om det er eit poeng i seg sjølv å sykle i jomfruelege utmark.

Janneke Scholten har i si Masteroppgåva studert korleis ein aktivitet som terrengsykling påverkar hjorten sin områdebruk. Ho har gjennom sitt arbeid avdekka at hjortebukker er mest skeptisk til terrengsykling.

Masteroppgåva er ein del av hennar økologistudie ved NMBU. Feltarbeidet har ho gjennomført på Kaupanger i Sogn og Fjordane. Dette har vorte eit særs populært område for terrengsykling, og det er etter kvart etablert mange stiar og løyper som vert mykje nytta til sykling. Til dels gjennom organiserte opplegg med guida turar for grupper.

Ved hjelp av viltkamera og teljing av hjortemøkk har ho sett på korleis hjorten nyttar områda inntil sykkelstiar. Det ho finn er at med aukande bruk/trafikk så unngår hjorten områda inntil stiane i aukande grad. Dei som ser ut til vere mest skeptiske til syklistane er bukkane. I områda med størst aktivitet finn ho at hjorten unngår område på inntil 40 meter frå stiane. I eit område med eit tett stinett vil 40 meter på kvar side av stiane etter kvart kunne utgjere store areal. Dette inneber då reduserte leveområde for hjorten.

Figur 1 Kartet frå Masteroppgåva til Janneke syner delar av sykkelstinettet på Kaupangermed 40 m sone på kvar side.

Korleis dette vil slå ut i høve den lokale hjortebestanden vil truleg variere utifrå kva tid på året eit området er attraktivt/viktig for hjorten. Ein kan tenkje seg at stiar i typiske vinterområde, der det ikkje er mykje hjort sumars tid, ikkje vil vere ei like stor belastning for hjorten som stiar som ligg i viktige sumarbeiteområde.

Terrengsykling er fyrst og fremst ein sumaraktivitet. Unntak kan være snøfattige området på kysten og i låglandet. Vintersykling i terrenget med såkalla  «fatbike» er ein ny trend som er på full fart, men ein ser vel at desse helst held seg på trakka skiløyper og ikkje så mykje i laussnøen. Skiløyper ligg oftast i meir snøtunge og høgareliggande område der det vanlegvis ikkje er mykje hjort vinterstid. Mange stader vil slike løyper kan også vere attraktive løyper for terrengsyklistar sumars tid. Dersom desse ligg i område som er viktige for hjorten vil terrengsykling påverke leveområda til hjorten negativt.

Breidda på stiane spelar og inn på korleis hjorten forheld seg til dei. Dess breiare stiar dess sjeldnare oppsøkjer eller kryssar hjorten dei på dagtid. Anten det er sykkelstiar,  turstiar eller skiløyper i utmark, så syner oppgåva til Janneke at menneskeleg aktivitet i utmarka påverkar leveområda til hjorten.

Janneke Scholten si Masteroppgåve kan du lese her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *