Mottar du informasjon i høve hjortejakta?

Ein kan lage mange fine planar for hjorteviltforvaltning, men utan jegerane i skogen til å fylgje opp desse planane gjennom jakta hjelper det ikkje stort. Det er kommunane som i tett samarbeid med grunneigarane/jaktrettshavarane må fastsette mål og leggje føringar for utvikling av bestandane.

Jaktutøvinga er den viktigaste reiskapen i høve hjorteviltforvaltninga, då jakt utgjer langt over 90 % av dødsårsaken for alt hjortevilt. Det er såleis gjennom jakta ein kan påverke  grunnlaget for korleis bestandane skal utvikle seg. Då er det viktig at jegerane er motiverte og har forståing for kva dei skal felle.
 N9E6231 kurt oddekalv med kolle 690 x 460
Jegerane er ein viktig reiskap i høve forvaltning av hjortebestandane gjennom å vera bevisst kva dei feller og å samle inn data som sett-hjort, slaktevekter, kjevar og mykje anna – foto (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter

Ein kan lage mange fine planar for hjorteviltforvaltning, men utan jegerane i skogen til å fylgje opp desse planane gjennom jakta hjelper det ikkje stort. Det er kommunane som i tett samarbeid med grunneigarane/jaktrettshavarane må fastsette mål og leggje føringar for utvikling av bestandane.

Jaktutøvinga er den viktigaste reiskapen i høve hjorteviltforvaltninga, då jakt utgjer langt over 90 % av dødsårsaken for alt hjortevilt. Det er såleis gjennom jakta ein kan påverke  grunnlaget for korleis bestandane skal utvikle seg. Då er det viktig at jegerane er motiverte og har forståing for kva dei skal felle. 

Ikkje berre jaktar dei !

Motiverte jegerar samlar også inn viktige data under jakta. Dette gjeld både fellingsrapportering, Sett hjort/elg registreringar, kjevar for aldersbestemming,  så vel som slaktevekter mv. Det er såleis jegerane som skaffar fram dei grunnlagsdata som vert nytta  i dagens kunnskapsbaserte hjorteviltforvaltning. Da vert det viktig at dei får gode tilbakemeldingar for å gjere denne jobben også i åra framover.

Kvifor skal dei gjere dette?

Mange jegerar er kanskje ikkje klar over kvifor dei blir pålagt å samle inn data. Mange oppfattar det som ei kontrollordning og trur tildelinga til valda vert fastsett utifrå  Sett hjort registreringar. Dette skuldast ofte at dei ikkje får tilbakemelding på jobben dei gjer, og dermed ikkje kan sjå korleis data vert bruk i forvaltninga. Det er difor viktig at både jaktrettshavarar og jegerar får gode tilbakemeldingar i høve det viktige arbeidet dei gjer.

Får De tilbakemeldingar i din kommune?

Nokre kommunar sender ut ei oppsummering av årets jakt til alle jaktvalda, men mange kommunar kan ikkje prioritere dette grunna lite ressursar. Det tek tid å setje saman og vurdere data, og ikkje minst å få sett det saman på ein oversiktleg måte som gjer det lett tilgjengelig og forståeleg.

Årsrapport frå Norsk Hjortesenter.

Norsk hjortesenter tilbyr alle kommunar å utarbeide ein årsrapport med ei oppsummering og vurdering av tala etter siste års jakt. Det gjer vi med bakgrunn i utviklinga siste 5 års periode. Her tek vi med både fellingstal, Sett hjort, slaktevektregistreringar og anna informasjon som kommunane har tilgjengelig og ynskjer å få ut til jaktrettshavarar og jegerar. Rapporten vert trykt for utsending til inntil 50 adressatar, men også gjort tilgjengeleg for alle gjennom eit bladbart dokument på Internett.   

For Vågsøy kommune ser årsrapporten for 2015

rsrapport_v__g/1" target="_blank">slik ut på internettnett. Ta ein kikk og sjå kva de synest. Om dette skulle vere av interesse for Dykkar kommune er det berre å ta kontakt med Norsk Hjortesenter. Vår kontaktperson er Magnus Frøyen og som du kan treffe på telefon 90145316 eller magnus@svanoy.com

One thought on “Mottar du informasjon i høve hjortejakta?

  1. Inger Sare Slåtta sier:

    Jeg har grublet litt på årsakssammhengen rundt skrapesyke. Sykdommen ble først detektert i tamflokker. Vi kultiverer villstammen . Er flokken for store? Ville ikke en større rovdyrstamme kunne bidra til å regulere sykdomsutbrudd. Naturen er en finurlig mekanisme og vi ignorerer jo økosystemets verdi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *