Når uhellet er ute

Jegeren tek på seg eit stort ansvar når han løyser skot mot eit vilt. Skot skal berre løysast mot vitale organ (lunge- og hjarteregion) slik at ein sikrar at dyret døyr raskt. Dette vert presisert i Viltlova sin § 19 der det er sagt at jakt skal utøvast på ein måte som ikkje utset viltet for unødige lidingar.

Om lag 100 000 norske menn og kvinner driv årleg jakt etter hjortevilt her i landet. Enda fleir kan nyte eit gourmetmåltid av det fantastiske viltkjøtet jegerane haustar frå skog og mark. Men veit du kva du skal gjere om uhellet skjer deg? Det er viktig for ikkje å påføre dyr lidingar og dermed gje heile måltidet ein bismak. Mangel på aktsemd kan medføre bøter, fengsel og tap av rett til å utøve jakt.
EK2P1376 skde pa kjeve 640 x 336
Skudd mote hode til et friskt hjortevilt er brudd på viltlova og kan i verste fall påføre dyra store lidingar før det vert avliva – foto (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter

Jegeren tek på seg eit stort ansvar når han løyser skot mot eit vilt. Skot skal berre løysast mot vitale organ (lunge- og hjarteregion) slik at ein sikrar at dyret døyr raskt. Dette vert presisert i Viltlova sin § 19 der det er sagt at jakt skal utøvast på ein måte som ikkje utset viltet for unødige lidingar.

Om lag 100 000 norske menn og kvinner driv årleg jakt etter hjortevilt her i landet. Enda fleir kan nyte eit gourmetmåltid av det fantastiske viltkjøtet jegerane haustar frå skog og mark. Men veit du kva du skal gjere om uhellet skjer deg? Det er viktig for ikkje å påføre dyr lidingar og dermed gje heile måltidet ein bismak. Mangel på aktsemd kan medføre bøter, fengsel og tap av rett til å utøve jakt.

Skadeskyting?

Det er mange faktorar som spelar inn under jakt. Dei fleste kan og skal jegeren kontrollera før han løyser skot. Likevel kan uhell og skadeskyting skje. Det kan vere at dyret tek ut i det ein lar skotet gå, avtrekket er for dårleg eller at prosjektilet treff ein kvist før det når fram til viltet. Feilvurdering av vinkelen dyret står i når ein skyt kan og vere årsak til dårlege skot. Det same ved skade og feil på rifle eller siktemiddel. Diverre kan sjølv dei mest erfarne og dyktige jegerane oppleve skadeskyting. Men veit du kva du skal gjere om uhellet skjer akkurat deg?

L1230250 skde framfot hjortekalv 640 x 360
Skadeskot i bryst og framfot førekjem og medfører særs vanskelege ettersøk – foto (c) Johan Trygve Solheim

Den erfarne jegeren vil oftast utifrå omstenda rundt skotet, og registrering av reaksjonane til dyret, ha ei formeining om det var eit bra skot eller ikkje. Om ein meiner det var eit bra skot vil truleg dyret ligge i nærleiken sjølv om det tek ut etter skotet. Gjer det ikkje det er det mest truleg snakk om skadeskyting. Dette vil undersøkingar på og rundt skotplass kunne svara på. Det er difor særs viktig at jegeren veit nøyaktig kor viltet stod da skotet vart losna. Og ikkje minst kor han sjølv var plassert i høve viltet. I lag med observasjonar av korleis dyret oppførde seg etter skotet, og ei grundig skotplassundersøking kan ein avklara mykje. Om ein er i det minste tvil skal det setjast i gang eit ettersøk, og det er ingen ting som heiter bomskot. Det kan sjølvsagt skje at ein ikkje har råka dyret i det heile, men først etter eit gjennomførd ettersøk kan eit påskote dyr friskmeldast. Til eksempel vil eit reint vomskot gje lite eller ingen indikasjonar om treff på skotplassen, men det skadde viltet kan vandre langt og døyr etter om lag eit til to døger og med store lidingar.

Pliktig ettersøk.

Ein kvar jeger som skadeskyt storvilt skal gjere det han eller ho kan for å snarast mogleg få avliva dyret. Dette inneber at ein er pliktig å setje i gang ettersøk av det skadde dyret. I eige jaktvald er ein pliktig å drive slikt ettersøk den dagen dyret er påskote og dagen etter. Om dyret går inn i anna jaktvald har ein rett til å drive ettersøk ut den dagen dyret kom inn på valdet. Kontaktperson for dette valdet må sjølvsagt varslast. Det er ikkje berre den uheldige jegeren som er pliktig å drive ettersøket, dette gjeld heile jaktlaget. Jaktlaget har heller ikkje høve til å oppta jakt på andre dyr så lenge ettersøket pågår. Dersom ettersøket er utan resultat første dag skal ein melde frå til kommunen og/eller politi. Ein skal og melde frå om resultatet av 2. dags ettersøk, og om dette og er utan resultat er det kommunen som avgjer kva som skal gjerast vidare. Om dei vel å fortsetje ettersøket pliktar jeger eller jaktlaget som har skadeskote utan vederlag å hjelpe viltmyndigheitene under det vidare ettersøket.
 

Krav om godkjend ettersøkshund

For å kunne spore opp og få avliva skadeskotne dyr er det viktig å ha tilgang til dyktige ettersøkshundar. Det er difor ved all jakt etter elg, hjort og rådyr krav om at jaktlag og einskildjegerar skal ha tilgang til godkjent ettersøkshund. Dette kravet framgår av § 23 i «Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst». Dette kravet kan stettast ved at ein har eigen hund som er godkjent, eller ved at ein igjennom skriftleg avtale (ettersøksring, nabojaktlag m.v.) sikrar at ein har tilgang til godkjent ettersøksekvipasje (hund og førar). For at slik avtale skal vere gyldig skal ekvipasjen kunne vere på skotplassen innan 4 timar etter påskyting.

Krav til godkjenning av hund og fører er fastsett av Miljødirektoratet i ein eigen instruks som i lag med andre reglar for jaktutøving framgår av rundskrivet til Forskrift om utøvelse av jakt felling og fangst .
 

Kva er ettersøk?

Sjølv med eit godt og dødelig treff i hjerte-/lungeregionen kan eit hjortevilt gå opptil fleire hundre meter. I ulendt og uoversiktleg terreng med mykje vegetasjon er det ikkje alltid like lett å finne att eit daudt dyr. Det søket ein gjer for å finne att det daude dyret er ikkje å rekne som ettersøk. Ein hund kan ofte vere til god hjelp i slike situasjonar, og er sterkt å anbefale. Det gjev god trening både for hund og førar.

Eit ettersøk startar fyrst når ein etter undersøkingar på skotplass, og innan rimelig avstand derifrå, ikkje finn att det påskotne dyret. Det er viktig å gjere grundige undersøkingar på og rundt skotstaden, og dei fleste håpar sjølvsagt at dyret ligg i nærleiken når dei opplever slike situasjonar. Sjølv den beste kan oppleve slike omstende, og det er akkurat her dei seriøse skil seg frå dei som er meir opptatt av eige ansikt utad på kort sikt enn dyrevelferd.

Dersom ein utifrå skotreaksjon og undersøkingar på skotplass trur det er snakk om skadeskyting bør ein i tillegg være bevist på å unngå å trakke for mykje i sporet etter dyret og på skotplassen generelt. Det er mange eksempel på at jaktlag har rota mykje rundt på skotstaden, og brukt hundar som korkje er trena eller godkjent til ettersøk. Sjølvsagt i beste meining og med håp om å finne att det påskotne dyret. Forutan å bruke mykje tid har ein og vanskeleggjort arbeidet for ettersøksekvipasjen som kjem seinare.

GC7D5987 1 skuddplassunders kelse 640 x 426
Ei grundig skuddplassundersøkjing saman med observasjonane jegeren gjorde i høve skotreaksjon hjå viltet er ein viktig del av arbeidet ved igangsetjing av eit ettersøk – foto (c) Johan Trygve Solheim

Ved mistanke om skadeskyting må ein tilkalle ettersøkshund snartast råd. Har ein sjølv tilgang til godkjent ettersøkshund skal planlegging av eit ettersøk starta snarast, og all anna jakt avlysast. Avhengig av kva type skade det er snakk om vil det i mange høve være en fordel å lata det skadde dyra roe seg ned før ettersøket tar til. Jamvel om det medfører at ein lyte venta til neste dag. Det er aldri kjekt å lata dyr lida, men ei for tidlege igangsetjing av eit ettersøk kan i mange høve gjere vondt verre. Både ved vomskot og skot lavt i bryst eller framfot vil det skadde dyret kunne gå langt unna skotstaden. Det er difor naudsynt å sett ut postar langs trekkrutene, og der ein utifrå lokalkunnskap reknar med  dyret vil kome, før ein startar å spore etter slike dyr. 

Bruk av kunstig lys ved ettersøk er meldepliktig

Ved endringane i Viltlova i 2014 vart det opna opp for bruk av kunstig lys ved ettersøk av skadeskote hjortevilt. Dette etter sterkt press frå mange seriøse aktørar i jegermiljøa. Det er uansett meldeplikt dersom ein må bruke kunstig lys. Anten til skotplassundersøkingar, å finne att eit daudt dyr eller til ettersøk. Miljødirektoratet har gjeve ei eiga orientering om praktisering av regelverket ved bruk av kunstig lys som de finn her.

Før ein tek i bruk kunstig lys skal ein gje melding til politiet sin vaktsentral på telefon 02800 (ikkje bruk 112) og kommunen. Korleis kommunane organiserer dette er noko ulikt, men dei skal før jakta tek til formidle eit telefonnummer til jaktlaga. Samstundes med at ein varslar politiet skal ein og ringje, eller sende SMS, til kommunen. Om ein grunna manglande mobildekning ikkje kan gje slik melding, skal ein gje melding med ein gong søket er avslutta.

Og akkurat no er vi inne i tida der bruk av kunstig lys kan bli naudsynt. For etter kvart som dagane vert kortare utover hausten kan mørkret kome brått på om ein har skote på eit dyr litt seint på dag. Innmarksjakt som er vanleg på hjort mange stader føregår som oftast morgon og kveld, eller i månelys om natta. Ved kvelds- eller måneskinnsjakt vil det ofte vere nærast mørkt i skogen sjølv om det er godt skytelys ute på innmarka.  Det er på denne tida lenge til dagslyset kjem attende, og å spore opp eit skadeskote dyr vil då oftast vere umogleg utan å bruke kunstig lys. Eit dødeleg såra dyr som spring ut i skogen før det daudar vil og kunne vere vanskeleg å finne att. Det er likevel ikkje høve å bruke kunstig lys til undersøkingane på og rundt skotplass for å finne att det påskotne dyret. Då er einaste løysing å setje i gong ettersøk og fylgje reglane som gjeld for dette.

Det er ikkje flaut med ettersøk!

Frå tid til annan ryktast det at det ikkje har vore gjennomført ettersøk ved skadeskyting, og denne hausten avdekte SNO fleire slike tilhøve i Sogn. Dessverre førekjem det og oppslag i media med hjortevilt med avskote underkjeve, avskoten framfot eller andre skotskader og som vert avliva lang tid etter at skaden er påført. Grunnen til ikkje å tilkalle ettersøkshund vert hevda å vere såra stoltheit hjå jegeren, eller at ein rett og slett ikkje bryr seg. Slike haldningar vitnar om dårleg moral hjå jegeren og i verste fall heile jaktlaget han eller ho er ein del av. Det er den enkelte jeger som er ansvarleg for skotet som vert løyst, men haldningar i jaktlag er ofte avgjerande for korleis ein situasjon med skadeskyting vert handtert.

L1230251 copyright etters k suksess 640 x 360
Ettersøksekvipasjen på bilete har grunn til å være særs nøg etter at dei har spora og felt ein skadeskoten hjortekalv. Kalven var skada i høgre framfot og slike ettersøk er særs krevjande. Lokale jegrar med kunnskap om hjortanes trekkruter er viktige å spele på lag med i slike høve – foto (c) Johan Trygve Solheim.

Skadeskyting kan skje sjølv dei beste, og det er faktisk straffbart ikkje å iverksetje ettersøk etter skadeskote hjortevilt. Om nokon «uvedkommande» finn eit skadeskote dyr er dette særs uheldig ikkje berre for jegeren, men for heile jegerstanden. Det er difor viktig for både jeger, det påskotne dyret og jegerstanden at ein kontaktar ein ettersøksekvipasje om det er den minste mistanke om skadeskyting.


Korrekt oppførsel om uhellet skjer deg og ditt jaktlag:

·        Påskotne dyr skal reknast som skadde til det motsette er bevist

·        Undersøk og merk av skotplass

·        Unngå å trakke for mykje på skotplass og i fluktspor

·        Tilkall sporhund. Forsøk ikkje med ein utrena hund.

·        Pliktig å ettersøke til ut dagen etter dyret er påskote

·        Det er forbode å ta opp jakt på nye dyr medan ettersøk pågår

·        Heile jaktlaget pliktar å ta del i ettersøket

·        Varsle Kommune/politi dersom søket er utan resultat etter 1. dag og etter 2. dag

·        Jaktlaget pliktar vederlagsfritt å bistå kommunen om dei vel å forsetje ettersøket etter dag 2.


Og du etter å ha lese denne artikkelen skulle være i tvil om skudd mote hode til et friskt hjortevilt er brudd på viltlova eller ikkje, kan du lese om rettspraksis i høve hovud/nakkeskot.

(c) Norsk Hjortesenter 2015