Norsk Hjortesenter byr urøynde hjortejegere på gratis jaktweekend

Er du ung og/eller nyutdanna jegar – klør du i fingrane etter å få være med på skikkeleg hjortejakt? Då hastar det for Johan Trygve Solheim og Norsk Hjortesenter på Svanøy inviterer 4 unge førstegangsjegerar til GRATIS hjortejakt helga 6.-8. november.

Om du føler deg kvalifisert til å delta på jakthelga kan du søkje via våre nettsider. Men ver rask, vi trekkjer dei 4 heldige deltakarane allereie onsdag 7. oktober.

L1160505 ungdomsjegere 2014 640 x 360
Jaktlaget fra ungdomsjakta 2014 samlet etter vellykket jakt. I år er nye muligheter for 4 nye ungdommer som blir trukket onsdag 7. oktober – foto (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter.

Er du ung og/eller nyutdanna jegar – klør du i fingrane etter å få være med på skikkeleg hjortejakt? Då hastar det for Johan Trygve Solheim og Norsk Hjortesenter på Svanøy inviterer 4 unge førstegangsjegerar til GRATIS hjortejakt helga 6.-8. november.

Om du føler deg kvalifisert til å delta på jakthelga kan du søkje via våre nettsider. Men ver rask, vi trekkjer dei 4 heldige deltakarane allereie onsdag 7. oktober.

Høg prisklasse

Hjortesenteret har i dag rundt 25 fellingsløyve på vill hjort på den 11 kvadratkilometer store øya Svanøy, som ligg i munninga av Førdefjorden. Her har det i mange år vore drive guida utleigejakt i høg prisklasse. Og nettopp prisinga av norsk hjortejakt kan vere medverkande til at ungdommen ikkje slepp til.

– Det er faktisk ikkje nok å rabattere fellingsløyve med ein tusenlapp eller to for ungdom. Det blir framleis for dyrt og ungdommen hamnar på sidelinja. Det ønskjer vi å gjere noko med. Vi set av ei jakthelg kvar haust der all jakt, guiding og opphald blir gratis, seier dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

Ein hjort kvar

No byr Norsk Hjortesenter ungdom frå heile landet om å melde si interesse for å skyte sin første hjort på Svanøy.

– Vi har blinka ut helga 6.-8. november. Vi set av fire plassar, der kvar jeger får sjanse til å skyte eit dyr kvar. Her vil førstegangsjegerane få innføring i ulike jaktformer som smygjakt, posteringsjakt i tårn og dei får prøve seg på jakt med hund. Vi stiller sjølvsagt som instruktørar og guidar.

I tillegg vil dei få kyndig instruksjon i slakting og kjøthandtering, og det blir sosialt samvere om kveldane, seier Solheim, som håpar unge jegerar kjenner si besøkstid.

– Den som ønskjer å delta kan melde seg på via nettsidene til Norsk Hjortesenter, så føretek vi ei loddtrekking onsdag 7. oktober og kontaktar deretter vinnarane. Vi stiller ingen krav til erfaring, men det er viktig at alle som søkjer har teke jegerprøva, betalt jegeravgift for storviltjakt og har avlagt skyteprøva, seier Solheim.

151004 Hjortekalv vinter foto Krister 640 x 418 119c8
Bestanden av hjort på Svanøy er tett og sannsynligheten for å felle dyr er stor – foto (c) Krister Seljeset, Norsk Hjortesenter.

Ei investering

Ei slik jaktpakke på Svanøy for fire jegerar har stor økonomisk verdi for Norsk Hjortesenter. Kvifor gje bort jakta?

– Vi må være med å ta ansvar for at vi også i framtida skal ha eit dugande jegerkorps av gutar og jenter. Det er dei som skal ta over arven i skogane våre og vidareføre en god jaktkultur. På Svanøy har vi eit terreng og ein dyretettleik som passar godt til opplæringsjakt. Dette er det femte året vi tilbyr et slik produkt og erfaringane frå tidlegare år er særs gode.

Å bli ein god jeger kjem ikkje av seg sjølv, så dette blir vår måte å bidra på. Eg ser det også som ei framtidig investering i utleigeproduktet vårt, og eg oppmodar andre som driv med jaktutleige til å tenkje i same baner, seier Solheim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *