Bukkane blir yngre igjen!

Overvakingsprogrammet for hjortevilt som fylgjer utviklinga for dei ulike hjorteviltbestandane i landet finn no at gjennomsnittsalderen for eldre hanndyr (2,5 år og eldre) i overvakingsregionane for hjort på Vestladet/ Sør Trøndelag no er fallande.

Dette framkjem av overvakingsprogrammet sin framdriftsrapport for 2012 – 2014 som NINA no har publisert.  Områda her utgjer kjerneområda for hjort og har lenge hatt ein relativt høge bestandstettleikar.
Bukk som brøler 640 x 426 f5d87
Det har lenge vore eit ynskje om å få ein større del eldre hanndyr i hjortebestandane. Andelen eldre hanndyr i jaktuttaket er redusert og utviklinga her har lenge gått rett veg. Utviklinga har no snudd og snittalderen for hanndyra er dei siste 3 åra redusert. Dette trass i at ein ikkje har auka andelen eldre hanndyr i jaktuttaket? – foto © Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter. 

Overvakingsprogrammet for hjortevilt som fylgjer utviklinga for dei ulike hjorteviltbestandane i landet finn no at gjennomsnittsalderen for eldre hanndyr (2,5 år og eldre) i overvakingsregionane for hjort på Vestladet/ Sør Trøndelag no er fallande.

Dette framkjem av overvakingsprogrammet sin framdriftsrapport for 2012 – 2014 som NINA no har publisert.  Områda her utgjer kjerneområda for hjort og har lenge hatt ein relativt høge bestandstettleikar.

Trenden i dei 3 overvakingsregionane her har dei siste 10 åra vore eintydig. Lenge var gjennomsnittsalderen for eldre hanndyr i bestandane aukande, noko som har vore ei ynskja utvikling dei fleste stader. Bakgrunnen for dette er at andelen eldre hanndyr i bestandane har vore alt for låg, samstundes som ein har hatt alt for lite «vaksne» (5-6  år og eldre) hanndyr  i bestandane. Dette reknar ein har vore negativt for vektutviklinga og dermed og reproduksjonsemna i hjortebestandane.

Den positive utviklinga er no snudd då trenden for snittalderen hjå eldre hanndyr dei 3 siste åra har vore fallande.  Dette til tross for at andelen eldre hanndyr i jaktuttaklet ikkje har auka.  Korleis dette kan skje vert forklart  med at ein dei siste åra har hatt ei reduksjonsavskyting. Det vil si at avskytinga har vore så stor at bestandane har vorte redusert. Når ein gjer dette og samstundes opprettheld ein like stor del av jaktuttaket på vaksne dyr som tidlegare «tærar ein på kapitalen» og gjennomsnittsalderen i bestanden vil gå ned.

Denne utviklinga er ikkje ynskt då det lenge har vore eit mål å få auka gjennomsnittsalderen i hjortebestandane på Vestlandet. Dette fordi ein lenge har sett nedgang i slaktevektene for dei ulike kjønns og aldersgruppene med redusert reproduksjonsemne som ei fylgje av dette. Kva framdriftsrapporten seier om utviklinga for slaktevektene har vi tidlegare skrive litt om i ein artikkel som du kan lese her. 

Dersom ein vil oppretthalde eit like høgt uttak som tidlegare og ikkje ynskjer ei ytterlegare reduksjon i reproduksjonsemna bør ein større del av uttaket vere som kalv og ungdyr.

For siste perioden i overvakingsprogrammet har det kome med 2 nye regionar for overvaking av hjort. Dette  gjeld Oppland og Vestfold/Telemark der hjortebestandane er i vekst og ekspansjon. Bestandstettleikane her er  vesentleg lågare enn i dei andre regionane og ein finn her ein langt høgre snittalder for hanndyra enn i dei  tradisjonelle hjorteområda på Vestlandet/Sør Trøndelag.