Sett hjort – viktigare no enn nokon sinne!

Årets hjortejakt er godt i gang og då er det viktig å huske på Sett hjort registreringane. Dette bør ein syte for å få registrert for alle øktene ein jaktar. Sett hjort er grunneigarane/ jaktrettshavarane sitt viktigaste verkty i hjorteforvaltninga. Og då har du som jeger eit viktig ansvar for å bidra til at dette verktyet vert best mogleg.

NINA har som vi tidlegare har skrive litt om nyleg evaluert Sett hjort. Sjølv om dei ikkje fann presisjonen like god over alt meiner dei likevel at verktyet er viktig for forvaltninga og ikkje minst, det kan verte betre. 

Årets hjortejakt er godt i gang og då er det viktig å huske på Sett hjort registreringane. Dette bør ein syte for å få registrert for alle øktene ein jaktar. Sett hjort er grunneigarane/ jaktrettshavarane sitt viktigaste verkty i hjorteforvaltninga. Og då har du som jeger eit viktig ansvar for å bidra til at dette verktyet vert best mogleg.

NINA har som vi tidlegare har skrive litt om nyleg evaluert Sett hjort. Sjølv om dei ikkje fann presisjonen like god over alt meiner dei likevel at verktyet er viktig for forvaltninga og ikkje minst, det kan verte betre.

Forbetringspotensialet er i hovudsak knytt til registreringa og mengda av registreringar. For område med god oppslutnad om Sett hjort fann dei meir samsvar med bestandsmessige tilhøve enn for område der det var lite registreringar som låg til grunn for indeksane. Sett hjort er eit statistisk verkty og utslag av tilfeldige avvik vert mindre dess større datamengd som ligg til grunn. Det er såleis opp til deg som jeger kor godt dette verktyet kan bli.

Bestandstoppen var i 2007

På vestlandet har ein i lengre tid hatt ein hjortebestand i kontinuerlig og til dels kraftig vekst. Dei siste 10 åra har det mange stader vore teke til orde for å stogge bestandsveksten og til dels redusere bestandane. Å stogge bestandsveksten og til dels bestandsreduksjon har såleis vore eit overordna mål for bestandsutviklinga mange stader. «Forvaltninga» vart lenge skulda å vere på etterskot og ikkje klare å stogge bestandsveksten.

Forvaltninga på etterskudd 690 x 517 cfefe

Figur 1 – Tal frå Møre og Romsdal. Tildeltle og felte dyr på venstre akse, og Sett hjort pr jdv på høgre akse. Som ein ser så har både tildeling og felling vore auka i fleire år etter at Sett hjort indikerar bestandstopp. Om det var ynskjeleg å redusere besstandane så har dette vore rett. Om ein har hat mål om å stabilisere bestandane

Når ein så i 2010 – 2011 for alvor tok til å merke at det minka på dyr mange stader var det ikkje mange som jubla. Då vart det i mange samanhengar etterlyst betre verkty for å kunne sjå bestandsmessige endringar. Dette verktyet har ein og har hatt det i ein del år, gjennom Sett hjort. Men ein har kanskje ikkje vore flink nok til å nytte det? Om ein vel å stole på og bruke Sett hjort så syner det at både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal så var bestandstoppen i 2007. Etter dette har ein dei fleste stader auka både avskytinga og tildelinga i fleire år. Før mange tok til å merke nedgongen «på kroppen» i2010 – 2011 og bremsene vart slått på.

Sett hjort per jegerdagsverk 690 x 517 ab2f8

Figur 2 – Med unntak av Rogaland som hadde høgste indeksen for Sett hjort pr jdv i 2006 så hadde dei 3 andre vestlandsfylka der hovudtyngda av hjort i landet vert felt høgste indeksen i 2007. Datagrunnlaget for Rogaland som og manglar tal for 2004 er særs lite i høve dei andre fylka. Dette kan vere med å påverke resultatet.

Fellingsprosent og sett hjort 690 x 517 f9f69

Figur 3 – Fellingsprosenten var i lag med fellingstala lenge det einaste ein hadde som kanskje(?) kunne sei noko om bestandsutviklinga. Denne samsvarar bra med Sett hjort då 2007 var det året ein og hadde den høgste fellingsprosenten i Møre og Romsdal som grafen her syner. Det same var den og i Sogn og Fjordane. Dette kan vere tilfeldig, då storleiken på tildelinga i vesentleg grad vil påvirke fellingsprosenten. Sett hjort kan i tillegg gje data for langt fleire tilhøve i bestandane enn endring i bestandsstorleik.

Kvifor viktigare no enn før?

Å «forvalte» ein bestand i vekst krev ikkje særleg mykje presisjon og tillet mykje før det får større konsekvensar for bestandsutviklinga. Verre blir det om ein skal freiste å stabilisere og gjerne gjere strukturmessige endringar i bestandane. Då krev det langt større presisjon og eit verkty som gjer at ein klarar å sjå endringane før dei har gått for langt. Elles blir det ei «jo-jo» forvaltning. Så difor er det no enno viktigare enn tidlegare att alle sluttar opp om Sett hjort slik at verktyet vert best mogeleg.

Alle må levere Sett hjort registreringar!

Det er mange som trur dei er pliktige å levere Sett hjort og gjer det av den grunn, men det er ein ikkje med mindre Miljødirektoratet, fylkesmannen, fylkeskommunen eller kommunen har pålagt ein å gjere det. Sett hjort er nemleg eit av dei tinga desse forvaltningsorgana kan påleggje jegerar /jaktrettshavarar å samle inn med heimel i «hjorteviltforskrifta» sin § 23.

Det er truleg nokre kommunar som har gjort vedtak om det utan at vi har nokon oversikt over det, men i dei fleste område er dette ei friviljug ordning.

Sett hjort er ikkje noko ein samlar inn for kommunen

Det er grunneigarane/jaktrettshavarane som skal drive hjorteforvaltning gjennom bestandsplanar. I den samanheng er Sett hjort eit viktig verkty både for å kunne utforme målsetnader for bestandsutviklinga og for å kunne evaluere måloppnåinga. Det er såleis grunneigarane sjølve som har mest nytte av gode data frå Sett hjort sjølv om og kommunane vil kunne ha nytte av dei i høve kommunale mål m.v. Så sjølv om Sett hjort dei fleste stader er ei friviljug ordning så bør jegerane av eiga interesse likevel slutte opp om dette og levere så mykje og gode registreringar som mogleg. Dette vil gje jaktrettshavarane eit godt grunnlag for å kunne drive ei målretta forvaltning..

Bevisst feilrapportering?

Av og til får ein høyre frå ulikt hald at ein meiner andre jaktlag/felt driv bevisst feilrapportering – gjerne at det vert rapportert for mykje gjerne både totalt sett og særskilt for bukk då einskilde trur Sett hjort vert brukt til å styre fordelinga av fellingsløyve og at ein ved mykje Sett hjort gjerne vil kunne få auka tildeling- Om dette vert gjort er det sjølvsagt veldig uheldig og det byggjer på ei total misforståing om kva Sett hjort kan og skal nyttast til. Dette er eit verkty for å sjå bestandsendringar over tid på «bestandsnivå» og ikkje kvar dyra oppheld seg i jakta.

Skil på registreringar for innmark og utmark

Når ein registrerar Sett hjort skal ein skilje på om jakta er gjort på innmark eller i utmark. Dette er det ikkje alle som skil på og registreringa vert då gjort for innmark og utmark samla. Då det syner seg at data frå registreringar i utmark samsvarar betre enn det som vert gjort på innmark er det difor viktig at ein skil på dette.

Inntil 2 jaktøkter pr dag.

Registreringane vert gjort på jaktfeltnivå og det er høve å føre 2 jaktøkter pr dag dersom den eine er i utmark og den andre er på innmark. Elles er det høve å registrere berre ei økt pr. dag. Så om ein jaktar fleire økter i løpet av dagen eller at fleire jegerar /jaktlag jaktar på same jaktfelt same dagen må ein slå desse saman når ein registrerar slik at ein får med registreringar for mest mogleg av det som vert jakta.

Elektronisk registrering av Sett hjort

For eit par år sidan vart det opna opp for elektronisk registrering av Sett hjort. Dette kan gjerast på nettsida settogskutt.no. Her loggar ein inn ved hjelp av Jegernummer (som du finn på jegeravgiftskortet) og fødselsdato. Kriteria for å registrere her er dei same som for det som vert gjort på papirskjema dvs inntil 2 økter pr dag dersom den eine er innmark og den andre er utmark. Før dei registreringane som jegerar og jaktleiarar legg inn her vert godkjende og overført til Hjorteviltregisteret må dei godkjennast av valdleiar eller kommunen. Valdleiar får tilgang til å gjere dette ved å kontakte kommunen.