Evaluering av Sett hjort/elg overvakinga

Forskarar ved Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) har nyleg evaluert Sett Hjort/Elg. Dette har dei gjort i område som er med i Overvakingsprogrammet for hjortevilt der det vert samla inn kjevar frå felte dyr.

Med bakgrunn i dette datamaterialet har dei ved hjelp av kohortanalysar freista å rekonstruere bestandane og samanlikna utviklinga av desse med resultata frå Sett Hjort/Elg registreringane.

Vi har sett nærare på evalueringa deira med hovudvekt på Sett hjort, og freista å få ut hovudtrekka av det dei har avdekka.

L1001046 nettsak 640 x 336 f74b1

Det er viktig å føre sett hjort observasjonanen etter endt jakt hver dag. Her fra hjortejakt på Svanøy i 2012 for unge førstegangsjegere – foto (c) Johan Trygve Solheim 2012.

Forskarar ved Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) har nyleg evaluert Sett Hjort/Elg. Dette har dei gjort i område som er med i Overvakingsprogrammet for hjortevilt der det vert samla inn kjevar frå felte dyr.

Med bakgrunn i dette datamaterialet har dei ved hjelp av kohortanalysar freista å rekonstruere bestandane og samanlikna utviklinga av desse med resultata frå Sett Hjort/Elg registreringane.

Vi har sett nærare på evalueringa deira med hovudvekt på Sett hjort, og freista å få ut hovudtrekka av det dei har avdekka. Hovudtyngda av hjort og elg døyr av ei kule under jakt. Det er likevel viktig å ta omsyn til nokre andre dødsårsakar. Til dels matmangel (vinter), sjukdom, skadar, drukning, og dyr som vert drepne i trafikken. For sist nemnde har ein ganske godt talmateriale, men for dei andre årsakene er det knytt noko meir usikkerheit. Det er difor nokre usikre faktorar i rekonstruksjon av bestandane. Desse vil i dei fleste tilfelle, unnateke i ekstreme vintrar, vere nokolunde like frå år til år. For elg kan nok predasjon frå store rovdyr, og særleg ulv i ein del område, etter kvart vere av bestandsmessig betyding.

Sett Hjort/Elg føreset at moglegheitene for å oppdage dyra er lik gjennom jakta og frå år til år. Dette stemmer nok ikkje alltid heilt i verkelegheita då det kan vere ein del faktorar som påverkar observasjonane som kan variere:
 
·        Kvar det vert jakta: her kan terrengtype – avhengig av vegetasjon og topografi m.v. gjere det enklare eller vanskelegare å observere dyra i området. Kvar det vere jakta og registrert data frå kan såleis påverke kor mykje av dyra som er i området ein ser.

·        Erfaringa og kompetansen til jegerane som jaktar i eit område vil og kunne påverke kor mykje dyr dei observerer.

·        Vegetasjonen kan endre seg over tid – hogstflater og opningar gror igjen, tidspunkt for lauvfall som kan variere frå år til år kan og kanskje påverke korleis dyra opptrer i landskapet.

·        Vêrtilhøve påverkar kvar dyra oppheld seg i terrenget og landskapet. T.d. tidleg eller seint snøfall. Mykje dårleg vær under jakta kan og truleg påverke kor mykje dyr ein faktisk ser.

Påverknaden slike faktorar vil kunne ha er større dess mindre geografisk område ein ser på data for. For større område vil slike faktorar meir jamne seg ut då dei mest truleg vil variere frå område (jaktfelt) til område over tid.

For ein del indeksar, og særskilt for elg, fann dei overraskande god presisjon. Likevel var ikkje samanhengane mellom Sett hjort indeksane og dei rekonstruerte bestandane like eintydige som forskarane hadde håpa på. Årsaka til det kan vere dei usikre faktorane som er nemnt ovanfor knytt til rekonstruksjon av bestandane, eller til tilhøve som påverkar kor mykje dyr ein observerer. Dette anten kvar for seg eller som ein kombinasjon av desse.

Ein annan faktor som og mest truleg påverkar resultatet, er at det mange stader er høvesvis lita mengde Sett hjort registreringar. Datamengda er og varierande frå år til år for mange område. For Kvinnherad kommune, som er eit nokså einsarta område i høve hjort og som har god oppslutnad om Sett hjort registreringane over lang tid, ser ein gode samanhengar.

Indeksen for Sett hjort pr jegerdagsverk viser i dei fleste område bra samanheng med endringar i bestandstettleiken. For dei andre indeksane er det i fleire område mindre presisjon.

Bukkane er lettare å sjå!
 
Endringar i indeksen for Sett kolle pr bukk som gjev utrykk for tilhøvet mellom andelen kolle og bukk i bestandane samsvarar og mange stader godt med dei rekonstruerte bestandane. Den gjev likevel ikkje utrykk for den reelle andelen koller pr bukk då resultata her syner at det i bestandane er meir kolle pr. bukk enn det indeksen tilseier. Dette tilseier at bukkane er meir synlege og lettare let seg observere enn kollene.

Meir hjort utover hausten?

Dette kan ein kanskje få intrykk av dersom ein ser på indeksane for Sett hjort pr jdv. Desse er nemleg høgare seint i jakta enn tidleg og stemmer naturlegvis ikkje då størstedelen av hjorten vert felt tidleg i jakta. Det er såleis er langt færre hjort mot slutten av jakta enn i byrjinga og må såleis henge saman med kvar hjorten (og jegerane) oppheld seg.

Jakttida for hjort er lang og i starten av jakta er hjorten spreidd utover det meste av landskapet. Dette inneber og at det (mest truleg) tidleg i jakta vert jakta over langt større område med mindre konsentrasjon av hjort enn det vert gjort mot slutten av jakta. Utover i jakta trekkjer hjorten mot meir typiske vinterlokalitetar der konsentrasjonen av hjort vert langt større. Dette veit nok jegerane og jaktinnsatsen vert konsentrert der hjorten er.

For Sett elg er presisjonen betre enn for Sett hjort og det er eintydige samanhengar mellom Sett elg data og rekonstruerte bestandar. Hovudårsaka til at presisjonen her er betre er truleg at elgjakta er langt meir konsentrert med kortare jaktsesong enn hjortejakta.

Forbetringspotensial

NINA meiner at verktyet har verdi for forvaltninga og at det bør vidareførast. Det er særs kostnadseffektivt i høve alternative verkty som inneber teljing og/eller merking av dyr.

Dei svakhetane/feilkjeldene dei har påpeikt kan forbetrast med betra oppslutning og større og betra datainnsamling. Rapporten tilrår difor ein del tiltak i høve datainnsamlinga, behandling og sikring av data for å forbetre datagrunnlaget. Meir om dette kan De lese i rapporten som du kan laste ned ved å klikke bildet under.

Forside evaluering sett elg og hjort nett 640 x 905 82abe