Har din kommune avtale om årsrapport?

Norsk Hjortesenter (SNH) har utvikla eit tilbod om årsrapport i høve hjorteforvaltning til kommunane. Årsrapporten byggjer på tilgjengeleg datamateriale frå fellingsstatistikkar, Sett hjort og fallviltregistreringar.

Rapporten er meint å vere ei årleg oppsummering av hjortejakta der kommunen kan få ein ferdig presentasjon av tilgjengelig datamateriale til utsending til jaktvald m.v.  Data vert presentert på ein oversiktleg og enkel måte for å syne avskyting og endringar i bestandsmessige tilhøve.
IV3U1762  2  spissbukk 690 x 460

Det vert og gjort  særskilde  vurderingar i høve ressursgrunnlaget og knytt merknader til dette. Det vere seg både positive og negative tilhøve ein meiner det er viktig å gje merksemd. Rapporten vert leveret ferdig trykt på papir til utsending, og som ein «bladbar» pdf til publisering på kommunen sine nettsider.

Vågsøy kommune var fyrste kommunen som tinga årsrapport hjå oss, og den bladbare versjonen for Vågsøy kan du se her.

Årsrapporten er eit av fleire tilbod frå SNH til kommunar for å styrkje den lokale hjorteforvaltninga. Ein oversikt over dei ulike produkta retta mot kommunar finn de her.

Elles så kan vi tilby skreddarsydde rapportar og fagforedrag dersom det er ynskje om det. Og sjekk gjerne vår kurskalender til høgre for nyttige kurs denne hausten.

For mer informasjon kontakt Magnus Frøyen eller Johan Trygve Solheim.

Du kan også lese saken om Vågsøy med avtale om årsrapport frå Norsk Hjortesenter

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *