Korleis påverkar ein kald og sein sommar hjorten?

Våren begynte tidlig i låglandet her i vest i år, men så stoppet alt opp. Hjortane søkte til innmarka sjølv om det var lite groe å finne, og mange stader har ein sett uvanlig mykje hjort på innmarka til langt ut i juni. Truleg er det mange av desse som til vanleg ville ha starta vandringa mot kalvingsplassar eller sommarbeite i månadsskiftet mars/april.

Også sommaren har så langt vært heller fuktig og kjølig, og mange spør kva desse forholda har å sei for hjortens kondisjon? Kva betyding har dei store snømengdene i høgareliggande område? Har dei låge temperaturane i kalvingssesongen ført til høgare dødelegheit på nyfødde kalvar?
Nyf dt hjortekalv utsnitt copyright 690 x 459

Dei fleste hjortekalvar kjem til verda i begynnelsen av juni, og hjorten er tilpasse ulike klimatiske tilhøve gjennom fleire tusen år – for (c) Johan Trygve Solheim

Våren begynte tidlig i låglandet her i vest i år, men så stoppet alt opp. Hjortane søkte til innmarka sjølv om det var lite groe å finne, og mange stader har ein sett uvanlig mykje hjort på innmarka til langt ut i juni. Truleg er det mange av desse som til vanleg ville ha starta vandringa mot kalvingsplassar eller sommarbeite i månadsskiftet mars/april.

Også sommaren har så langt vært heller fuktig og kjølig, og mange spør kva desse forholda har å sei for hjortens kondisjon? Kva betyding har dei store snømengdene i høgareliggande område? Har dei låge temperaturane i kalvingssesongen ført til høgare dødelegheit på nyfødde kalvar?

Ein fuktig og kald førsommar gir sakte tilvekst på plantane hjorten føretrekker. Dette gjev mykje bladmasse hjå til eksempel gras, og høgt næringsinnhald på mange av dei andre beitevekstane hjorten nyttar. Det er positivt for hjorten som til ei kvar tid søkjer etter dei mest næringsrike plantana. Manglande volum kan til ein viss grad kompenserast ved å ete større mengder av dei energirike vekstane. I så fall kan det føre til eit betre energiopptak totalt, enn om den beitar vekstar som er komne lenger i utvikling. Vekstar som er kome langt i utvikling inneheld gjerne meir fiber og er mindre fordøyelege. Hjorten føretrekkjer gjerne vekstar med høgt energiinnhald og som er godt smakelege. Her under ulike grasartar, urter og lauv av blant anna rogn, osp og selje (mest føretrekt).

Ein fuktig og kald førsommar slik vi har hatt i år kan difor vere ein fordel for hjorten og gi gode beite og tilvekst. Ein kan difor forvente gode vekter på hausten til trass for det vi menneske oppfattar som ein dårleg sommar. Det er vel ikkje utan grunn ordtaket «mai kulde gjev bondens lader fulle» har oppstått.

GC7D2017 bukk pa innmark tidlig var 690 x 460

Hjortane kjem gjerne tidlig ut på innmark for å sjekke om det er noko attraktiv groe etter en lengre vinter med høy andel fiber i kosten – foto (c) Johan Trygve Solheim

Store snømengder, og sein smelting  i høgda, kan gi utfordringar for hjortane som normalt trekker til  høgareliggande områder på våren. Hjorten er generelt mobil og forflyttar seg som regel til områder med meir attraktivt beite allereie før plantane er lett synlege for oss. Dei store snømengdene i år har mange stader gjort vegetasjonen heilt utilgjengeleg. Sjølv om trekket blir forseinka grunna store snømengder klarar dei vaksne hjortane seg normalt bra. Har hjorten først klart seg gjennom vinteren, og den verste vårknipa, vil sommaren for dei aller fleste hjortane gi gode mulegheiter for å forbetre kondisjonen. Hjortane har evne til såkalla «kompensatorisk vekst». Det betyr kort og godt at de kan ta seg inn igjen etter lengre perioder med «negativ energibalanse». Og det igjen betyr at dei brukar meir energi enn dei tek inn. Oftast blir dette synleg ved seint skifte frå vinter til sommar pels, og at bukkane feller det gamle geviret seint og at det nye veks sakte.   

GC7D2366 koller pa innmark og sn  690 x 460

Både våren og sommeren har så langt vært både kald og våt i år. Langt ut i juni lå det nysnø langt ned i fjellsidene, men dette kan gi sær gode beitetilhøve for dyra fremetter – foto (c) Johan Trygve Solheim 

For hjortekalvane sin del har det vore ein tøff start på livet då dei som regel vert født i tida frå siste dagane i mai. Hovudtyngda av kalvane kjem gjerne dei fyrste vekene i juni. I år var desse vekene generelt prega av regn og temperaturar under 10 grader celsius over store delar av Vestlandet. I nokre område kom det til og med ein del nysnø på denne tida. Dette har gitt ein kald og våt start på livet for mange hjortekalvar. Hjorten er hardfør og gjennom tusenvis av år med varierande klima har den tilpassa seg til dels ekstreme tilhøve. Kalvane er rusta for både våt og varm start på livet, og det viktigaste for kalven er at kolla er i godt hald og produserer tilstrekkeleg med mjølk. Da får kalven i seg dei næringsstoffa og antistoffa den trenger den fyrste levetida.  Får kalven i seg godt med råmjølk dei fyrste døgna av livet vil normalt ikkje klima i seg sjølv ta livet av kalven.

Vår konklusjon er at det ikkje er noko særskilt grunn til å bekymra seg for hjortane. Dei er som art tilpassa naturlege variasjonar i klimatiske tilhøve. Ein «drømme sommar» sett med våre auge kan vere ei langt større utfordring. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *