Er kvitt plagsame hjortar frå gravplassar i Flora

På gravplassane i Florø sentrum og i Brandsøya var det lenge mykje plage med hjort som gjorde skade. Den beita  og øydela det meste av  plantar, grov opp laukar til tulipanar og dei fleste andre laukplantar med unntak av påskeliljer.

Det som kanskje likevel var verst for dei pårørande var å kome til ei ny grav dagen etter ei gravferd og finne den pynta grava rasert. Her hadde nemlig hjorten i løpet av natta oftast kosa seg og ete opp det som den fann etande av blomar og kransar medan restane vart kasta rundt.
EK2P9230 tre bukker ved gravplass 690 x 363

Mange stadar i landet opplever ein problem med hjortevilt som gjer skade på gravplassane. Problemet kan løysast ved å gjerde hjortane ute – foto (c) Johan Trygve Solheim

På gravplassane i Florø sentrum og i Brandsøya var det lenge mykje plage med hjort som gjorde skade. Den beita  og øydela det meste av  plantar, grov opp laukar til tulipanar og dei fleste andre laukplantar med unntak av påskeliljer.

Det som kanskje likevel var verst for dei pårørande var å kome til ei ny grav dagen etter ei gravferd og finne den pynta grava rasert. Her hadde nemlig hjorten i løpet av natta oftast kosa seg og ete opp det som den fann etande av blomar og kransar medan restane vart kasta rundt.

Både gravplassen i Florø sentrum og i Brandsøya ligg i område, som til tross for at det er bustadområde, også huser ein del hjort og særleg vinterstid. Det vart lenge freista  å få fjerna plagsame hjortar ved skadefellingsløyve. Anten vart dei avliva eller fanga inn i regi av Norsk Hjortesenter og overført til forsøksdyravdelinga på Svanøy. Dette virka fånyttes då det stadig var nye dyr som kom til og fortsette øydeleggingane.

Frustrasjonen hjå dei pårørande, og dei ansvarlege for gravplassen som og oftast møtte dei pårørande, var difor stor. Einaste løysinga ein då såg var difor å gjerde inn gravplassane mot hjorten.

No har det gått ein del år sidan dette var gjort, og vi tok difor ein prat med Håkon Jan Solheim for å høyre om erfaringane med dette. Han har det praktiske ansvaret på gravplassane i kommunen.

DSC 0027 inne fra gravplassen i flora 690 x 460

No får nye graver vere i fred for hjorten. Før gjerdet kom var det som hjorten fann etande av blomar og kransar etter ei gravferd  opp og restane kasta rundt i løpet av natta.

Brandsøya var fyrst ute

Solheim kan fortelje at det var i Brandsøya ein var fyrst ute, og at det her var bygdefolket sjølve som tok affære. Dei fekk finansiert og sett opp gjerdet på dugnad. Det er omlag 10 år sidan gjerdet blei sett opp. Frå før var det eit om lag 1 meter høgt plankegjerde rundt gravplassen, og løysinga som vart valt her var å setje ei høgd med sauenetting oppå dette. Dette krev til dels kraftige stolpar, og løysinga vart ikkje den mest elegante. Gjerdet kan for nokre virke noko «fengsel aktig», men det fungerer særs effektivt i høve føremålet: – nemleg å halde hjorten ute.

DSC 0033 gravplassen i Brands y 690 x 460 

På gravplassen i Brandsøy er det sett ei høgd med sauenetting oppå eit eksisterande plankegjerde. Løysinga er kanskje ikkje den mest elegante, men har effektivt halde hjorten vekke i mange år – foto (c) Magnus Frøyen

Høgspent løysing i Florø

På den langt større gravplassen i Florø, der gjerdelengda er nærare ein kilometer, vart det valt ei anna løysing. «Grunnmuren» her var mykje godt det same som i Brandsøy med eit kraftig plankegjerde på litt under meteren. Her valde ein å setje elektrisk gjerde oppe på det eksisterande. Dette innebar at ein kunne bruke langt færre og tynnare  stolpar. Til straumføring vart det nytta galvanisert streng i staden for dei meir vanlege og synlege flettverksbanda. Dette har resultert i eit gjerde som knapt er synleg.

Etter råd frå gjerdeleverandøren valde dei å setje opp ei rad med flettverksband ved nedste strengen. Dette for å gjere hjorten oppmerksam på at det var noko over plankegjerdet. Dette gjerdet kom opp noko seinare enn det i Brandsøy, men Solheim meiner det må ha stått opp minst 7 -8 år no.

Den fyrste tida etter at det vart sett opp hadde ein nokre mindre «hol» i gjerdet i samband med nokre hekkar der ein trudde hjorten ikkje ville kome inn. Men dyra fann fort ut kor det ikkje var straum, og fann seg vegar inn ved desse hola som då måtte tettast. Sidan det vart gjort kjenner ikkje Solheim til at det har vore hjort innom på gravplassen.

Etter eit uhell der nokon har køyrt ned nokre stolpar har gjerdet no stått utan straum i nærare eit år utan at dei har registrert hjort innom. Om det vert ståande straumlaust lenge reknar Solheim ikkje med at dei varer lenge før dei på nytt finn vegen inn. Dei tek difor sikte på å få reparert det med det fyrste. Av vedlikehald elles har det ikkje vore noko nemnande  korkje på gjerdet i Brandsøy eller i Florø.

Ein skulle kanskje tru at ein del ville synest desse gjerda ikkje høvde rundt ein gravplass, men så langt Solheim kjenner til har reaksjonane frå publikum berre vore positive.

DSC 0020 Gjerdet ved Flora gravplass 690 x 460

Gjerdet i Florø vert langt mindre synleg enn løysinga i Brandsøy. Hadde det ikkje vore for det kvite flettverksbandet ved underste strengen hadde ein knapt registrert at det er noko oppå gjerdet her – foto (c) Magnus Frøyen

straumtrad 690 x 460 

Det er nytta ståltråd til straumføring og ein skal temmeleg nær for i det heile å sjå at her er noko oppå gjerdet – foto (c) Magnus Frøyen