Ny masterstudent i gang i samarbeid med Norsk Hjortesenter


Denne veka er nederlandske Janneke Scholten som studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) godt i gang med feltarbeidet for hennar masteroppgåve.
Feltarbeidet føregår i Kaupanger i Sogn og ho skal prøve å svare på om terrengsykling kan påverke korleis hjortetettleiken er i områder med mykje terrengsykling.

Arealbrukskonfliktar mellom vilt og rekreasjonsaktivitetar er eit viden kjent problem i store delar av verden og det er eigne vitskaplege tidsskrift som er tileigna «human-wildlife interactions». I Norge er det først og fremt rekreasjon i fjellet og påverknad på reinsdyr det har blitt forska på.
DSC 0018 redigert masterstudent Janneke 690 x 490
Janneke Scholten studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) og er i disse dager opptatt med feltarbeid for sin masteroppgave – foto (c) Stein Joar Hegland.

Denne veka er nederlandske Janneke Scholten som studerer ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) godt i gang med feltarbeidet for hennar masteroppgåve. Feltarbeidet føregår i Kaupanger i Sogn og ho skal prøve å svare på om terrengsykling kan påverke korleis hjortetettleiken er i områder med mykje terrengsykling.

Arealbrukskonfliktar mellom vilt og rekreasjonsaktivitetar er eit viden kjent problem i store delar av verden og det er eigne vitskaplege tidsskrift som er tileigna «human-wildlife interactions». I Norge er det først og fremt rekreasjon i fjellet og påverknad på reinsdyr det har blitt forska på. Skoglevande dyr som hjort er i mindre grad vore i fokus. Janneke si oppgåve kan på denne måten vera med å fylle eit kunnskapshol.

Janneke Scholten jobbar utifrå ei hypotese om at hjorten innanfor dei områda som har sykling vil utnytte skogen partia lenger borte frå sykkelstiane i større grad enn nære stien. Ho bruker to metodar for å kunne skildre kor mykje hjort det er i varierande avstand til sykkelstiane. Den første er møkkteljing som er ein kjent måte å kunne sei noko om hjortetettheiten i eit område for ein lengre periode. For å få meir presis informasjon om hjortens bruk av områda og om hjorten nyttar områda mest nattestid så set Janneke også opp viltkamera langs hjortestiar i varierande avstand til sykkelstiane. Masteroppgåva vil altså kunne sei noko om endringar av hjorten arealbruk og tettleik på ein relativt liten skala.

EK2P1851 hjort og sykkel 690 x 460
Terrengsykling har blitt populært de senere årene, men ingen har tidligere studert hvilken innvirkning denne type fritidsaktivitet har på blant annet hjortens adferd og arealbruk – foto (c) Johan Trygve Solheim.

Masteroppgåva er eit ledd i eit langvarig og fruktbart samarbeid med NMBU og Professor Stein Moe ved Institutt for Naturforvaltning. Norsk Hjortesenter ønskjer også masterstudentar frå andre Universitet og Høgskular velkomne. Vi har nedfelt i vår FoU-strategi at vi skal hjelpe til med rettleiing og praktisk hjelp til masterstudentar som ønskjer å utnytte vår kompetanse og våre fasilitetar (les meir om desse på hjortesenteret.no). Ta kontakt med dagleg leiar Johan Trygve Solheim (johan@svanoy.com) om du er tilsett eller student og ønskjer å samarbeide med oss. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *